Lars Roverud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Roverud (fødd 19. desember 1776, død 26. februar 1850) var musikkpedagog og musikkhandlar.

I 1809 opna Roverud den første reine musikkforretninga i Noreg, to år seinare den første notepressa og eit musikkforlag. Roverud var lærar ved katedralskolen i Christiania frå 1819, og han studerte songpedagogikk i Leipzig i 1819 og i Stockholm i 1828.

I 1825 vart Roverud kjend med eit dansk salmodikon. Han forbedra dette og utvikla eit eige siffer-notesystem. Frå 1835 reiste han rundt i landet og underviste lærarar i kyrkjesong og salmodikonspel, frå 1841 med statsstønad. Salmodikonet vart snart brukt i skolen rundt om i heile landet.

Roveruds gate i bydel Sagene i Oslo har navn etter Lars Roverud.

Den roverudske sangforbedring

I 1835 vart O. A. Lindemans Choral-Bog indeholdende de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk-christelige Psalmebogs forekommende Melodier autorisert «for udelukkende Brug ved Gudstjenesten» i kyrkjene i Noreg.

Tidlegare varierte songen meir frå stad til stad. Salmesongen, som var innført med reformasjonen eller med Hans Thomissøns salmebok var gjennom tidene endre etter lokal skikk og smak, og mange av salmetonane hadde et karakteristisk preg av lokal folkesong. Berre få kyrkjer hadde orgel til å leie songen. Det var delte meiningar og slik song høvde som allsong. Gjennom Roverud sitt arbeid vart kyrkjelyden gjennom skolebarna opplært til å synge salmar slik melodiane var notert i Lindemans koralbok.

Kjelder

På nettet


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lars Roverud» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.