Lasse Olson Legernæs
Lasse Olson Legernæs (født 1865 i Vestnes, død 1949) var fotograf på Vikebukt i Vestnes.
Han var son av Ole Leikarnes (1836–1913) på Leikarnes i Vikebukt. Han blei i 1894 gift med Anna Johansdotter Bjerke (f. 1865 på Veøya). Paret fekk ein son og fire døtrer. Lasse Olson var først butikkbetjent i faren sin landhandel, og drog så etter konfirmasjonen til Bergen der han lærte pelsvarearbeid. Seinare flytta han vidare til Ålesund, der han lærte butikkarbeid. Kom så tilbake til Molde og blei buntmakar.
Ca. 1898/99 reiste han til en fotograf i Eidsbygda i Indre Romsdal der han fikk gå i lære i fjorten dagar, og praktiserte så som fotograf på heimstaden resten av livet. I folketeljinga 1900 finn vi han som husmann utan jord og fotograf på Leikarnes, i lag med kona og fire ungar. I 1913 overtok han farsgarden, men sonen tok seg av driften av den. Han hadde atelier og mørkerom på loftet i bustadhuset sitt, der det var glas i både tak og vegger. Når han reiste rundt og fotograferte brukte han båt eller hesteskyss, han hadde aldri motorisert transport. På reisene tok han bilete av gardar, sjøsetting av båtar ved verfta langs fjordane og skulefotografering på amtsskulen og landbruksskulen på Gjermundnes. Nokså regelmessig reiste han til Molde to gonger i månaden og gjorde innkjøp og snakka med fotografane i byen. Etter kvart som amatørfotografering blei vanleg tok Legernæs på seg framkalling. Han avslutta sin gjerning mot slutten av krigen, og etter at han døydde blei alt utstyr solgt. I Vike er det likevel ein del glassplater og bilder, og i heimane i distriktet heng bileta hans. Nokre kjelder oppgjer dødsåret til 1950.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Lasse Olson Legernæs på Digitalt museum.
- Lasse Olson Legernæs på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Romsdals Budstikke 28.10.1989
- Skjema Landbruksmuseet på Gjermundnes 13.03.1998
- FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009
- Lasse Olesen i folketeljinga 1900 for Vestnes herad frå Digitalarkivet
Eksterne lenkjer
Lasse Olson Legernæs er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |