Liv Simensdotter Skarpmoen (1839–1910)
Liv Simensdotter Skarpmoen (fødd 27. mai 1839 i Nore, død 23. september 1910 i Rollag) var gardkone på Øvre Skarpmoen i Rollag.
Ho var dotter av Simen Torsteinsson Tråsåvikje og Ingebjør Herbrandsdotter Bjørge, og vart fødd på Nord-Tråsåvikje i Nore. Den 9. juni 1839 vart ho døypt i Nore kyrkje. [1]
I 1861 drog resten av familien hennar til Amerika, men sjølv vart ho att i Nore. Den 14. oktober 1863 gifta ho seg med Nils Narvesson Skarpmoen (1832–1915) frå Øvre Skarpmoen i Rollag.[2]
Paret fekk ni barn:
- Simen Nilsson Skarpmoen (1864–1922), gardbrukar på Øvre Skarpmoen og i USA. Gift med Kjersti H. Asbjørnrud (1864-1928). Til Wisconsin i 1890.
- Gunhild Nilsdotter Skarpmoen (1866–1955), gardkone på Nedre Skarpmoen. Gift med Arne Knutsson Skarpmoen (1861–1930) frå Nedre Skarpmoen.
- Narve Skarpmoen (1868–1930), fotograf i Oslo. Gift med Wilhelmine Busch (1878–1920) frå Holmestrand.
- Ingeborg Nilsdotter Skarpmoen (1871–1955), gardkone i Asbjørnrud. Gift med Ole H. Asbjørnrud (1860–1918) frå Asbjørnrud i Rollag.
- Margit Nilsdotter Skarpmoen (1876–1920). Gift med Haldor H. Strenge (1858–1920) frå Sandsvær.Busett i Kongsberg.
- Levor Nilsson Skarpmoen (1879–1960), gardbrukar på Øvre Skarpmoen. Gift med Anne Olsdotter Djupdal (1892–1972).
- Herbrand Skarpmoen (1881–d.). Gift med Ragnhild Grødberg. Til Minnesota i 1904. Gjekk i fotograflære hos broren Narve.
- Liv Skarpmoen (1885–d.). Gift med Torstein Bøen frå Tinn. Til Canada. Tvilling med Kjersti. Liv hadde gått i fotograflære hos broren Narve. Ho hadde ei tid eige fotoatelier på Kongsberg. Ho var ein av dei mest aktive bidragsytarane til Numedalslagets årbok i Amerika.
- Kjersti Skarpmoen (1885–1954), jordmor i Dagali. Gift med Syver Hvammen frå Dagali. Tvilling med Liv.
Liv og Nils budde ei tid på Dalegarden i Lyngdal i Flesberg kommune, der døtrene Ingeborg og Margit vart fødde. I 1877 kjøpte Nils Skarpmoen garden av mor si etter at ho hadde sete i uskifte sidan 1872. Ved sidan av gardsbruket var han ljå- og beslagsmed.[3][4]
I 1909 selde dei garden til sonen Levor for 6000 kroner, men skøytet vart ikkje tinglyst før ved skiftet etter Nils og Liv i 1917. Liv døydde som føderådskone året etter at Levor tok over, den 23. september 1910. Dødsårsaka var eit slagtilfelle.[5] Nils budde som enkemann på føderåd på garden fram til han gjekk bort i 1915.
Referansar
- ↑ SAKO, Nore kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. I 1, 1836-1855, s. 13 i Digitalarkivet.
- ↑ SAKO, Nore kirkebøker, F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. I 3, 1858-1866, s. 168 i Digitalarkivet.
- ↑ Tråen, Even: Ljåsmiing i Numedal, s. 66. ISBN 978-82-690897-0-7.
- ↑ Hoff, Knut: Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. Bd, 3, s. 33. Utg. Rollag kommune. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ SAKO, Rollag kirkebøker, G/Ga/L0005: Klokkerbok nr. I 5, 1904-1932, s. 178 i Digitalarkivet.
Litteratur og kjelder
- Liv Simensdotter Skarpmoen i Historisk befolkningsregister.
- Hoff, Knut: Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. 3. Utg. Rollag kommune. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket.