Magnus Dagestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Bergens Arbeiderblad 3. april 1957: utsnitt av omtale av Magnus Dagestad ved hans død.

Magnus Dagestad (fødd 13. august 1865 i Voss, død 2. april 1957 same staden) var treskjerar og skulestyrar. Han er rekna som ein av dei fremste innan brukskunst på Vestlandet, og hadde verkstad både på Voss og i Bergen. Han dreiv Norsk kunsthandverksskule på Voss. I 1950 opna han sjølv eit museum, Dagestadmuseet, for å vise arbeidet sitt.

Slekt og familie

Han var son av skreddar Mads Magnesson Liland (1838–1870) og Marta Villumsdotter Dagestad (1846–1931).

I 1888 vart han gift med Helena Bu (1867–1947), som var dotter av lærar og dekorasjonsmålar Olav Ottoson Haukanes og Torbjørg Arnfinnsdotter Trones. Dette ekteskapet vart oppløyst i 1920.

Han gifta seg for andre gong med Ragnhild Agnette Oliva Johnsen (f. 1899) i 1931. Dettte ekteskapet vart raskt oppløyst, og i 1936 vart han gift for tredje gong med Brita Mølster (1905–1981), dotter av gardbrukar Botolv Mølster og Anna Olsdotter Mølster.

Liv og virke

Han vart fødd på Liland, men i folketeljinga 1865 finn vi familien på Dagestad. Faren drukna då Magnus var fem år gamal, og han vart sett på legdGjernes med Halle Jørgensson Gjernes og Britha Jensdotter Gjernes som pleieforeldre.

I 1884 byrja han på treskjerarskule hjå Lars Kinsarvik i Hardanger. Etter fire år der slo han seg ned på Busnes ved Eidfjord saman med kona Helena Bu. Han gjekk på Bergens Tekniske Skole 1889–1890, og studerte teikning og biletskjering hjå Hans Johan Johannesson. I 1890 opna han verkstad i Skostredet i Bergen saman med Erland Sundsvold frå Voss. Dei leverte treskjerararbeid mellom anna til Christian MichelsenGamlehaugen. Dagestad fekk bronsemedalje på verdsutstilllinga i Paris i 1889, og var med på utstillinga i Chicago i 1893. Nokre av hans arbeider vart kjøpt inn av mellom anna Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Rijksmuseum i Amsterdam. Fleire museer i USA kjøpte òg nokre arbeider. Verkstaden i Bergen vart lagt ned i 1900. Året etter leverte han eit av sine største arbeid, møblementet i drakestil til Lister sanatorium. Han skar ut møblane, og kona dekorerte dei - ho var rosemålar.

I 1902 flytta ekteparet til Voss, der dei starte ein ny verkstad. I 1905 opna han så Vestlandske Kunstindustrimuseums snikkar- og treskjerarskule på Voss, og dreiv denne til 1912. Han leverte mellom anna møblar til Samlaget Ervingen i Bergen, til Sogndal folkehøgskule og til kaffistover fleire stader i landet. Han lagde òg altartavla til Bakka kyrkje. Andre tok over skuledrifta i 1912, og i 1916 vart den nedlagt. Økonomisk gjekk det ikkje så bra, og i 1918 gjekk paret Dagestad konkurs. Dei vart skilde i 1920.

Dagestad opna Norsk kunsthandverksskule i 1920, og var styrar der fram til han gjekk av med pensjon i 1935. Jørgen Kildahl tok over som skulestyrar etter han. Bland Dagestad sine elevar i på skulen kan ein nemne Ivar Høyvik, kjend for interiøret i Høyviksalen på Kviknes hotell.

Stillmessig var Dagestad sterkt påverka av den nasjonale reisinga i 1880-åra og av Lars Kinsarvik sin stil. Drakestilen vart viktig, og Dagestad utvikla ein eigen variant av han saman med Helena. Han heldt seg til drakestilen i meir enn 30 år etter at han hadde gått av moten. I dei siste 20 åra freista han å utvikle ein ny norsk stil, der han blanda drakestilen med element frå barokk og rokokko. Dette var ikkje så vellukka, og dei fleste reknar hans treskjerarbeider frå før 1900 og møblane fram til kring 1920 som hans beste verk.

Dagestad spela óg hardingfele, og laga ei rekke feler sjøl.

Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1950, og Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje.

Dagestadmuseet vart som nemnd opna av Magnus Dagestad skjølv i 1950. Døtrene Åshild Dagestad og Magna Dagestad utvikla det vidare og fekk offentleg stønad til museet.

At han vart skild to gonger og gifta seg att ein tredje gong var det ikkje alle som likte på Voss. Ein kjend historie frå tida rett etter krigen fortel at sundagsskulelærerinna Adeleide Hansteen og Dagestad var innom Voss bokhandel rett før jul eit år, og at ho tok alle dei andre kundane i handa og ynskte dei god jul - men ikkje Dagestad. Men utafor butikken stogga ho, gjekk inn att og tok han i handa og sa «God jul, De og, Dagestad. De er jo eit menneske, De også.».

Like før han døydde, 92 år gamal, spelte venen Anders Kjerland frå Granvin «Myllargutens siste slått» for han.

Litteratur og kjelder