Marie Foss Slettemoen (1880–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Marie Emilie Foss»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie Foss Slettemoen (truleg nedst til venstre) saman med Ågot Fosshaug Slettemoen, Birgit Foss Songstad og ukjend kvinne ved Fosshaug i Lio i 1922.
Foto: Ukjend fotograf, Hol bygdearkiv.
Marie og Lars Slettemoen utanfor det nybygde våningshuset på Vestvoll i 1916.
Foto: Olav S. Reinton, Hol bygdearkiv.

(Emilie) Marie Foss Slettemoen (fødd 2. november 1880 i Øvre Eiker, død 28. november 1943 i Oslo) var utdanna lærarinne og verka i yrket i nesten førti år. Dei fleste av dei på Østre Toten og i Hol.

Oppvekst og utdanning

Marie vaks opp på garden Foss (Fossesholm?, gnr. 33) i Vestfossen, Øvre Eiker. Foreldra Regine (1846-1932) og Theodor (f. 1852) Foss dreiv gardsbruket som sjølveigar. I folketeljinga for 1891 bur også syskjena Klara (f. 1878) og Hans (f. 1884) på garden, i tillegg til enka Kari Foss (f. 1824).

Etter ungdomsskulen gjekk Marie opp som privatist til den lågare lærarprøva. I folketeljinga for 1900 er ho oppført som seminarelev i Holmestrand og tok ifølgje Reinton eksamen (“lærarprøve”) i 1902.[1] I avisomtala av henne i samband med 60-årsdagen, vert eksamensåret stadfesta, men skulen oppgitt til Elverum lærarskule.[2] Seinare gjekk ho på Statens kvindelige Industriskole i Christiania og i 1914 på Statens lærerskole i husstell på Stabekk.

Lærargjerninga

Fyrste året etter lærarskulen verka Foss som lærarinne i Ringebu og deretter på Eidsvoll. Frå 1905 til 1916 var ho tilsett ved Hoffsvangen skole i Østre Toten. I 1916 kom ho til Hallingdal, der ho fyrst var lærarinne i Kvinnegardslia i Ål. I 1917 vart Marie Foss Slettemoen tilsett i Moen krins, der ho var i nesten 25 år, til ho søkte avskil i 1942. Det var få kvinnelege lærarar i Hol før 1940. Slettemoen var ei av seks som var i same posten i meir enn ti år. Ho var også ei av dei fyrste kvinnene i Hol som fekk jobb i storskulen. Ho var dessutan med i styret for Hol lærarlag.

I 1916 gifte Marie seg med gardbrukar Lars Olson Slettemoen (1885-1975). Paret busette seg på garden Vestvoll i Moen, Hol. Lars hadde sjølv hatt eit ynskje om å gå lærarskule. Det ga ikkje økonomien til familien hans rom for, men han fekk eit år på Voss folkehøgskule. Om kona skriv han at "Ho var svært interessert i arbeidet sitt og gjekk heilt opp i det. Det låg henne sterkt på hjarta å hjelpe elevane til å koma vel fram. Ho var glad i folkehøgskulen og gledde seg når nokon av hennar elevar tok ein vinter på ein slik skule."[3] Ho oppmuntra dei også til å gå vidare på ungdomsskulen og gledde seg når det gjekk dei godt som vaksne.

På 60-årsdagen skreiv "takksame elevar" om henne i Buskerud Blad at ho var ein stor pedagog. Ho ser ut til å ha vore ein pragmatikar som ikkje berre følgde tradisjonane. Ho var oppteken av folkeopplysing og kristeleg oppseding. I tillegg til å lære elevane disiplin og orden, la ho vekt på at dei skulle bli sjølvstendige og tenkjande menneske. Elevane skriv: "Som den evnerike kvinna ho er, har ho nytta alle høve og kjeldar til å samle seg kunnskap."[4]

I adresseboka for Buskerud fylke for 1938[5] og 1940[6] står Marie som oppført lærarinne i landsmål ved Moen skule, og ho var ein ivrig forkjempar for nynorsk. I 1919 vart det fleirtal for nynorsk ved avstemminga i Moen skulekrins, etter godt forarbeid av Slettemoen. Moen var blant dei fyrste krinsane som gjekk over til nynorsk i Hol. Tidlegare ordførar Osvald Mehus skriv i sine memoarar at Slettemoen frå 1920 let elevane skrive på dialekt for å gjere overgangen til landsmål lettare.[7]

Gardsdrifta

Garden Vestvoll der Marie Foss Slettemoen budde med mannen Lars frå 1916.
Foto: Olav Reinton (mellom 1913 og 1915).

I 1941 fekk mannen Lars Ny jord-diplom for nyryddinga av garden Vestvoll. Han hadde kjøpt garden før han traff kona, men ho deltok i ryddinga. Til avisa sier Lars at han i Marie har "(...) hatt den beste stønaden i det store arbeidet sitt. Ho har sin del av æra for Diplomet."[8] Elevane til Marie skriv at ho har gått på med arbeidsvilje og pågangsmot og at ho saman med mannen har opparbeida garden frå villmark og blaut myr til mønstergard.[9]

Friviljug arbeid og fritid

Slettemoen deltok aktivt i fråhaldslag og kristeleg lagsarbeid. I dei elleve åra ho budde på Toten, var ho med i styra for fleire kristelige lag, både for indre- og ytremisjonen. Også i Hol arbeidde ho for fråhald og misjon. På garden Vestvoll heldt dei mellom anna basarar til inntekt for misjonen.

Musikk var ho også opptatt av. Ho spela piano og var med i songarlaget. Åshild Reinton Åmellom (f. 1928) fortel om musikkinteressa til Slettemoen: "Alltid gildt å vera med ho Marie, ho kunna so mange sangar, i tillegg spelte ho piano. Her fekk eg lære sangar som eg seinare har hatt glede av."[10]

Åshild vitja Vestvoll med mora då ho var kring fem år gamal og nett hadde vorte fotografert i sin fyrste bunad. Slettemoen hadde sagt til mora at ho gjerne ville sjå nærare på bunaden til Åshild, men det kunne ikkje bli på nasjonaldagen. "Du veit 17. mai var ho så oppteken med skuleungane at det vart ikkje tid til meir", minnest Åshild, som også hadde vore med mor si til Vestvoll på bakst.

Slettemoen hadde også glede av hagearbeid. "Om sumaren var det hennar største hug å stelle i hagen. Ho likte å sjå det spira og vekse og bløme kring seg," skriv mannen Lars.[11]

Marie Foss Slettemoen døydde på Radiumhospitalet i Oslo 28. november 1943.[12]

Fotnoter

  1. Reinton 1969, s. 430
  2. Buskerud Blad 1940, s. 2
  3. Slettemoen, s. 41.
  4. Buskerud Blad, s. 2
  5. S. 282
  6. S. 311
  7. Mehus, s. 40
  8. Buskerud Blad 1941, s. 2
  9. Buskerud Blad 1940, s. 2
  10. Åmellom, s. 8.
  11. Slettemoen, s. 41.
  12. Buskerud Blad 1944, s. 4

Kilder og litteratur