Narvestad (Kvinesdal gnr. 170)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Narvestad (Kvinesdal)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Narvestad
Narvestad 170-1.jpg
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 170
Ant. bruksnr.: 10 (2018)
Type: Matrikkelgard

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316.

Geografi

Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.

Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.

Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.

Gardsnamnet

Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve. Namn i fyrste lekken viser ofte til ein grunnleggjar eller ryddingsmann. Gardsnamnet er kjent frå fleire plassar i Noreg, men då mest på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen.

Endinga –stad tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggja». Endinga fortel òg at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavinga.[1] Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som son til Loke og Signy.

I heile noverande Kvinesdal er det få namnegardar med endinga–stad, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delte i fleire bruk allereie i mellomalderen. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Narvestad kan ha vore utskild frå Helle eller Nedre Kvinlog.

I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Narvestad blei i 1661 oppgjeven til å ha ein flaumkvern og skog til små bjelkar og ved.

I 1723 blei garden beskrive som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samstundes tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten støl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der.[2] Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningane som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av det dei åtte, for å få ei lågast mogleg taksering og med det lågare skatt.

Tabellen syner kor mykje korn og poteter som blei sådd.

Jordbruk og husdyrhald
1665 1723 1865 1939
Korn 3 ¾ t 7 t 12 t
Jordeple - - 15 ½ t
Hestar 1 1 3
Storfe 9 10 15
Småfe 12 30 73

Kulturminne

Dei to bruka på austsida av Kvina.

Då dei skulle grava ut tomta til dagens våningshus på bruk 3 i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som ein kross med armane som doble strekar ut frå holet. Dateringa er uviss.

Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra.

Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til Stemmen.[3]

Matrikkel

Narvestad har hatt eit stabilt skuldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppført i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve garder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til øydegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst.

Matrikler, skyld og brukstal
1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 53 316 172 1 170 170
skyld 1 ½ h 1 ½ h 1 ½ h 1 h 6 eng 1 h 6 eng 3d, 4 ort, 60 sk. - -
Ant. bruk 1 1 2* 2 2 5 5 10

*tal på oppsitjarar

Folketal

1665 blei det registrert fem mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet auka enno meir fram mot hundreårsskiftet. I 2020 bur det 14 personar på garden.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
5M 11 26 37 33

Eigedomsforhold

Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betala landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskeringar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna på kongen sine hendar. Kyrkja satt òg med store godssamlingar, og mykje var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk kongsmakta likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei selt innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, og noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpa.

Kong Fredrik 3. selde Narvestad til den danske oberstløytnanten Andreas Willichen i ein større eigedomstransaksjon 5. januar 1669.[4] Willichen heldt til i København, og selde mange av eigedomane vidare med ein gong. Alt same år, 1669, var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar. Han selde vidare i 1672. I 1690 eigde bøndene Jens og Søren kvar sin part.

Gardparten på austsida av Kvina skal i følgje tradisjonen ha kome til Narvestad frå Helle som ei faddergåve. Stykket var teigdelt, men blei samla ved utskifting i 1860.

Delingar og utskiftingar

Dør ude (bnr. 4) fotografert i 1995

Det gamle hovudbølet Dør heima på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei delt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør heima og Dør nere. Jens fekk dei gamle hustuftene på Dør heime.[5] I 1649 hadde kvar av gardpartane ei skuld på 9 engelsk. Olav og Jens leigde av Kongen.

I 1843 reiste Abraham Svendsson nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk bruksnamnet Dør borte, blei ein del av seinare bruksnummer 3, medan dei gamle tuftene på vestsida Dør nere gjekk til det seinare bruksnummer 5.

I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka.

I 1868 blei den sørlege delen av bnr. 3 (Dør borte) på austsida av Kvina skild ut til bnr. 4 Dør ude.

Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør heima (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883.

I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør heima (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskilde med eige bruksnr. 9 i 2004. Eigedommen blir nytta som fritidsbustad i dag. Det blei òg utskilt ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Dør heima/Strand (1886) Tomt utan eigedomsteig 644a 1 mark 48 øre Tore Jørgensen Tore Jørgensen
2 Dør framme/Skei(1886) Gardseigedom 1 1883 644b 1 mark 48 øre Tønnes Jørgensen Tønnes Jørgensen
3 Dør borte Gardseigedom 1 før 1838 645a1a, b1a 1 mark 58 øre Abraham Svendsen Torvald Narvestad
4 Dør ude Gardseigedom 3 1868 645a1b, b1b 0 mark 32 øre Jens Jakobsen Jette Marie Jensdatter Narvestad
5 Dør nere Gardseigedom 3 1843 645a2, b2 1 mark 39 øre Svend Jørgensen Sven J. Elias Narvestad
8 Bustadtomt 5 1993
9 Dør heima Fritidseigedom 5 2004
10 Bustadtomt 4 2005

Eigarar og brukarar

Dør heima

Lnr. 644/bnr. 1

Narvestad 46

  • Per (n. 1594) er den første me høyrer om frå Narvestad i ei skatteliste frå 1594. Han kan ha vore far til Kari eller Søren.

-

  • Søren (n. 1611- d. 1628)
  • Kari (-1648)
    • Atlak (n. 1611) Soldat 1611.
    • Jens (1614-1701) Sjå nedanfor
    • Olav (1616-) Sjå bruk 5
    • Lars (f. 1624-n. 1701) g. 1. g. m. Magnhild Knudsdotter Ryggesås (-1677), g. 2. g. m. Ingrid Olesdotter (-1695), g. 3 g. m. Anne Staalesdotter (-1698). Sjå Ryggesås

Det er usikkert kvar Søren og Kari kom i frå. Dei kan begge ha vore barn av Per som er nemnd ovanfor. Det var ingen annan slekt i Fjotland som brukte namnet Søren, så han kan òg ha kome utanfrå. Søren var på den tida eit dansk namn som ikkje var så vanleg å nytta i Norge.

Då Kari døydde delte sønene garden og Jens blei sitjande med dei eldste tuftene Dør heima.

-

  • Jens Sørensson (1614-1701)
    • Søren (f. 1642-n. 1664)
    • Tron (f. 1646- n. 1664)
    • Eiel (-1698) g. m. Gunhild Hujesdotter (n. 1698). Sjå Rafoss
    • Per (- 1701) g.m. Ingeborg Rolfsdotter (-1724). Sjå Skjekkeland
    • Anders (n. 1701) Sjå nedanfor
    • Maria (n. 1701) g. m. Tore Knibestøl. Sjå Knibestøl
    • Tøri (n. 1701) g. m. Staale Ommundsson Røynestad. Sjå Øvre Røynestad

Det kan sjå ut til at Jens og Olav kjøpte kvar sin part av soknepresten Peder Godtzen i 1672. Sjå meir om Olav sin part under bnr. 5.

-

  • Anders Jensson (1659- n. 1718)
  • Åse Osmundsdotter Øvre Røynestad
    • Jens (1683-n.1751) Sjå nedanfor
    • Ingeborg g. 1713 m. Knut Stålesson Røyseland. Sjå Røyseland

Begge borna gifta seg med kvar sin bror og syster frå Røyseland.  

-

  • Jens Andersson (1683-n. 1751)
  • g. 1713 m. Ingeborg Stålesdotter Røyseland (n. 1751)
    • Ingeborg (1714-)
    • Åse (1718-) Ugift i England i 1751
    • Ingeborg (1720-1804) g. 1754 m. Atlak Torkildsson Øvre Røynestad (1720-1806) Sjå Ytre Røynestad
    • Anders (1722-) g. 1751 m. Jorunn Tronsdotter (1720-1800)
    • Ståle (1724-) Til sjøs i 1751
    • Birgitte (1725-1795) g. 1756 m. Bjørn Reidarsson Veggeland (1725-) Sjå Veggeland. Til Kristiansand
    • Knud (1729-n. 1751)

Jens og Ingeborg var på Narvestad fram til etter 1722. Då Ingeborgs bror Knut Stålesson Røyseland, som var gift med Jens syster Ingeborg, døydde overtok Jens og Ingeborg bruket deira på Røyseland og flytta dit. Les meir om etterslekta der. Jens dreiv garden på Narvestad ei tid, men selde i 1759 til son av syskenbarnet sitt: Eiel Persson Rafoss

-

  • Eiel Persson Rafoss (1712-1798)
  • Anna Torusdotter Helle (1753-1787)
    • Jørgen (1754-1810) Sjå nedanfor
    • Per (1755-1812) g. 1790 m. Karen Jakobsdotter Tjørsvåg i Nes, Flekkefjord (1773-n. 1816). Per bruka namnet Rafoss. Han var kjøpmann i 1801. Til Flekkefjord

Eiel kom frå Rafoss og var soneson til Eiel Jensson som kom til Rafoss frå Narvestad på slutten av 1600-talet. Anna var opphaveleg frå Helle og hadde vore gift med Jørgen Osusson Liknes, frå Egenes. I Liknes hadde dei hatt vertshus og ho blei kalla «Anna i Neset».

-

  • Jørgen Eielsson (1754-1810)
  • g. 1783 m. Dorte Toresdotter Nedre Kvinlog (1766-1818)
    • Eiel (1784-1786)
    • Anna (1788-) g. 1817 m. Lars Jakobsson Gyland (1792-1835) Til Baskår. Han gifta seg andre gong med Anne Marie Fredriksdotter Solberg, og kom dit.
    • Joren (1791-1824) g. 1811 m. Ola Jakobsson Gyland (1789-1859). Til Gyland (Sjå Gyland s. 18)
    • Eiel (1794-1800)
    • Tore (1797-1853) Sjå nedanfor
    • Tønnes (1800-1822)
    • Eiel (1803-1837) g. 1832 m. Ingeborg Olsdotter Ytre Haugland (1810-1898) Sjå Borhom
    • Jørgen (1806-1868) g. 1828 m. Tora Svendsdotter Nedland (1802-1893) Sjå bruk 5

Dorte gifte seg andre gong i 1812 med Gunnu Olsson Øvre Kvinlog (1768-1824). Dei kom til Øvre Kvinlog og overlot garden på Narvestad til Tore Jørgensson.

-

  • Tore Jørgensson (1797-1853)
  • g. 1819 m. Ingrid Svensdotter Nedland, frå Gyland (1799-1875)
    • Dorte (1820-1887) g. 1843 m. Ståle Toresson Knaben (1814-1886). Sjå Knaben
    • Ingrid (1823-1904) g. 1849 m. Tobias Stålesson Versland (1819-1894). Sjå Versland
    • Anna Tonetta (1826-1869) g. 1850 m. Tormund Jonsson Stakkeland (1821-1878). Sjå Stakkeland
    • Jørgen (1829-1882) Sjå nedanfor
    • Joren (1833-1905) g. 1860 m. Tobias Tollaksson Røyseland (1838-1914). Sjå Røyseland
    • Anna (1835-1904) g. 1856 m. Jakob Børelsson Lindeland (1830-1910). Til Lindeland og Geiskeli u/Øvre Kvinlog. Nemnd i Geiskeli.  
    • Elisabeth (1838-1911) g. 1860 m. Jørgen Olsson Gyland (1819-1907). Til Gyland
    • Sven (1841-1842)
    • Sven (1843-1889) g. 1868 m. Gunhild Tonette Tobiasdotter Slimestad (1843-) Sjå bruk 4
    • Peder Elias (1846-1917) g. 1. g. 1867 m. Ingeborg Olsdotter Risøy (1842-1904) g. 2. g. m. Anne Andreasdotter Norås (1855-1946). Sjå Stakkeland

Ingrid var frå Nedland i Gyland. Ho og Tore tok folge i 1852 og overdrog garden til sonen Jørgen Toresson.

-

  • Jørgen Toresson (1829-1882)
  • g. 1853 m. Ingeborg Tollaksdotter Åsen (1830-1896)
    • Tore (1854-1900) Sjå nedanfor
    • Tønnes (1857-1940) g. 1883 m. Lise Sofie Samuelsdotter Sindland (1883-1947). Sjå bruk 2
    • Svend (1860-1942) g. 1890 m. Anne Karine Matiasdotter Knibestøl (1864-1931). Sjå bruk 2
    • Peder Johan (1863-1863)
    • Peder Johan (1865-) Til USA i 1886. Levde i 1946
    • Ingrid (1868-1953) g. 1896 m. Karl Johan Larsson Kvinlaug (1857-1921). Sjå Nedre Kvinlog

Jørgen og Ingrid delte garden mellom dei to eldste sønene rett før Jørgen døydde i jola 1882. Tønnes fekk det som blei bruk nr. 2, Dør framme, medan dette bruket, nemnt Strand i pantedokumenta, med dei gamle tuftene, gjekk til Tore.

-

  • Tore Jørgensson (1854-1900)
  • g. 1883 m. Anne Marie Knutsdotter Ribås (1857-1934)
    • Ingeborg (1883-1884) Tvilling.
    • Maria (1883-) Tvilling. Til USA i 1902
    • Ingeborg (1886-1886)
    • Jørgen (1887-) Til USA i 1905
    • Knut (1890-1973) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1893-1904) Døydde ni år gamal. I kyrkjeboka står «ondt i halsen» som dødsårsak.  
    • Torvald Alfred (1897-1983) Sjå nedanfor

Dei to brørne Torvald Alfred og Knut overtok garden. Etter fyrstnemndes død i 1983 blei Magnar Kvinlaug eigar, men i 1987 blei garden med innmark og utmark delt på bruk 4 og 5. Huset fylgde bruk 5, men blei skilt ut som eige bruksnr. 9 i 2004. Bustaden blir i dag nytta som fritidsbustad.

-

Dør framme

Bruk 2/lnr. 644b

Narvestad 57

Utskild frå bruk 1 i 1883

Dette bruket er den andre parten av Dør heima som blei delt mellom brørne Tore og Tønnes (sjå bruk 1) i 1883. Bruket fekk namnet Skei i pantedokumenta. Første brukar etter delinga var Tønnes Jørgensson.

-

  • Tønnes Jørgensson (1857-1940)
  • g. 1883 m. Lise Sofie Samuelsdotter Sindland (1883-1947)

Dei kom til Sindland i 1885. Sjå meir om familien der. Broren Svend overtok

-

  • Svend Jørgensson (1860-1942)
  • g. 1890 m. Anne Karine Matiasdotter Knibestøl (1864-1931)
    • Jørgen (1891-1891)
    • Ingeborg (1893-1981) Sjå Midtangen u/Sindland
    • Jørgen (1895-1968) g. 1948 m. Lovise Andrea Gabrielsdotter Gyland. Til USA i 1922 og Drangeid, Nes i Flekkefjord
    • Anna (1897- 1931) g. m. Bernhard Berntsen frå Taksdal i Time, Rogaland (1898-1981). Til Westchester, N.Y., USA i 1926. Dei hadde eit barn født på Narvestad; Aslaug (Alice) Berntsson (1921-2011)
    • Martin (1899-1977) g. 1928 m. Gesine Tobiasdotter Årstøl (1901-1944). Til USA i 1924 og seinare til Årstøl og Furøyna under Nedre Bruli. Sjå Furøyna.
    • Tore (1902-1985) Sjå nedanfor
    • Syvert Andreas (1904-1982) g. 1966 m. Helga Sofie Jonsen (1911-1970) Til USA i 1928. Sjå Midtangen u/Sindland
    • Peder Johan (1909-1997) g. 1943 m. Jenny Larsdotter Gyland (1910-1976) Sjå Midtangen u/Sindland

Sven var ein røynd revefangar.[6] Sonen overtok så

-

  • Tore Svendsen Narvestad (1902-1985)
  • g. 1930 m. Inga Maria Andersdotter Veggeland (1899-1979)
    • Konstanse (1931-1948) tvilling. Døydde av tuberkulose.
    • Johanne (1931) tvilling g. 1953 m. Thoralf Arne Jakobsen (1931-2012) frå Hidra. Til USA og Hidra (Sjå Hidra 2, s. 149)
    • Sigurd (1933) g. 1965 m. Aslaug Haddeland (1939) frå Nøkland i Eiken. Til Vennesla
    • Aslaug (1934) g. 1961 m. Vidar Fjellstad (1937-2015) frå Rjukan/Vennesla. Til Vennesla
    • Ansgar (1936-2016) Sjå nedanfor
    • Anna (1940) g. 1958 m. Tor Edvin Jakobsen (1934) frå Hidra. Til USA og Hidra (sjå Hidra 2, s. 151)

Tore var i USA i 1929.

-

  • Ansgar Narvestad (1936-2016)
  • g. 1970 m. Marie Faret (1934-) frå Prestegarden i Kvinesdal.
    • Eit born

-

Dør nere

Bruk 5/lnr. 645

Narvestad 49

Delt omkring 1649

Leigeavtala på garden blei delt mellom brørne Jens og Olav då mora døydde i 1648. Det ser ut til at nemnde Jens og brorsonen Olav kjøpte kvar sin part av garden i 1672 av sogneprest Godtzen, som hadde kjøpt den av Kong Fredrik 3. via ein oberstløytnant Willichen i København.

-

  • Olav Sørensson (1616-)
  • g.m. NN
    • Søren (1648-1718) Sjå nedanfor
    • Mass (n. 1693) g. m. Gura Olsdotter Våskeland (n. 1694). Sjå Våskeland
    • Elling (d. 1695) g. m. Gura Taraldsdotter Raustad (d. 1695). Sjå Indre Raustad
    • Kari (d. ca. 1695) g. m. Rolf Sigbjørnsson Helle (1646-n. 1670) og Ivar Osusson. Sjå Helle

I 1645 blei Olav nemnd med ei kone, men det er ukjent kven det var eller kva ho heitte. Ei Ragnhild Narvestad er nemnd i 1695. Det kan vera ho.

-

  • Søren Olsson(1648-1718)
  • g. m. Gro Torgrimsdotter (d. 1701)  
    • Magnhild (-1710) g. m. Olav Børelsson Steintland (-1710). Sjå Steintland
    • Berge (1680-) g. m. Torborg Knutsdotter Homme i Gyland. Sjå Rafoss
    • Olav (1686-1778) Sjå nedanfor
    • Asgerd (-1725) g. m. Ole Torjusson Audalstøl (1670[7]-1725). Sjå Audalstøl
    • Ingeborg (d. etter 1740) g. 1709 m. Markus Børelsson Steintland (1690-1731). Sjå Steintland

-

  • Olav Sørensson (1686-1778)
  • g. 1713 m. Malene Tostensdotter Øvre Røynestad (-1762)
    • Søren (1717-1763) Sjå nedanfor
    • Gro (1720-1799) g. 1735 m Håver Gunsteinsson Tjørnhom. Sjå Tjørnhom
    • Tosten (1723-)

Olav og Malene tok kår i 1759 og førte garden over til sonen Søren.

-

  • Søren Olsson (1717-1763)
  • g. 1735 m. Anna Sigbjørnsdotter Helle (1715-1794)
    • Olav (1736-) tvilling
    • Sigbjørn (1736-1777) tvilling
    • Anna Malene (1739-1739)  
    • Anna Malene (1740-) g. 1761 m. Ståle Salvesson Knaben (1713-n. 1763)Til Sindland
    • Abraham (1743-1824) Sjå nedanfor  
    • Åsne (1746-1818) g. 1784 m. Gase Ommundsson (1753-1820). Til Gyland
    • Sigbjørn (1749-1820) g. 1777 m. Ingri Annbjørnsdotter YtreÅsen (1752-1811) Sjå Ytre Åsen
    • Tønnes (1752-)
    • Tosten (1754-1831) g. 1783 m. Siri Persdotter Øvre Kvinlog (1756-1810). Sjå Engedal
    • Olav (1757-)

-

  • Abraham Sørensson (1743-1824)
  • g. 1764 m. Ingrid Svensdotter Kvinlog (1739-1820).
    • Søren (1765-1787)
    • Anna (1768-1768)
    • Anna (1769-1826) g. 1793 m. Annbjørn Atlaksson Spikkeland (1769-1818). Sjå Eikebrok
    • Serine (1773-1846) g. 1794 m. Sven Toresson Øvre Kvinlog (1768-1851). Sjå Øvre Kvinlog
    • Adlaug (1775-1843) g. 1 g. 1805 m. Torgrim Persson Øvre Kvinlog (1769-1808) g. 2. g. 1809 m. Jørgen Ivarsson Urdal (1779-1856). Til Urdal i Gyland
    • Åsne (1778-1778) trilling, døydde 9 dagar gammal
    • Torborg (1778-1778) trilling, døydde 14 dagar gammal
    • Ingrid (1778-1778) trilling, døydde 14 dagar gammal
    • Malene (1781-1863) g. 1818 m. Ole Jakobsson Midt Røynestad (1799-1869). Sjå Midt Røynestad
    • Sven (1785-1827) Sjå nedanfor

Ingrid hadde trillingar i 1778, men dei døydde alle tidleg og blei gravlagde saman ein månad og ein dag etter fødselen. Den einaste av sønene som blei vaksen, overtok

-

  • Sven Abrahamsson (1785-1827)
  • g. 1821 m. Tora Svensdotter Nedland i Gyland (1802-1893)
    • Abraham (1822-1894) g. 1849 m. Ingeborg Stålesdotter Versland (1827-1900). Sjå bruk 3
    • Inger (1825-1897) g. 1849 m. Lars Kristian Ivarsson Årstøl (1823-1908). Sjå Årstøl

Tora var frå Nedland i Gyland. Sven døydde tidleg og Tora gifta seg att med Jørgen frå nabogarden.

-

  • Tora Svensdotter Nedland (1802-1893) g. 2. g. 1828 m. Jørgen Jørgensson Narvestad (1806-1868)
    • Sven (1828-1884) Sjå nedanfor
    • Dorte (1832-1888) g. 1855 m. Lars Kristian Larsson Røyseland (1828-1901). Til Halland på Lista i 1862 (Sjå Listaboka s. 536)
    • Inger Tonette (1835-1847)
    • Jørgen (1837-1848)
    • Tønnes Elias (1841-1919) g. 1874 m. Oline Sakariasdotter Knustad Reisvoll (1848-1934). Til Grostøl på Lista (Sjå Listaboka s. 384, 554)
    • Peder Andreas (1843-1921) g. 1871 m. Ingrid Olsdotter Risøy (1845-død etter 1923) Til Eigeland på Lista.

Då Abraham, Toras sin son frå første ekteskap, blei myndig, reiste han nybruk på austsida av Kvina, og selde garden med dei gamle tuftene til stefaren Jørgen. Dei to yngste sønene til Jørgen og Tora flytta med hjelp av svogeren Lars Kristian til Lista då dei blei vaksne. Der fekk dei begge arbeide på teglverk. Eldste sonen frå det andre ekteskapet blei verande på Narvestad og overtok dette bruket etter at Jørgen og Tora tok folge i 1863.

-

  • Sven Jørgensson (1828-1884)
  • g. 1854 m. Siri Torkilsdotter Tjørnhom (1826-1896)
    • Jørgen (1854-1856)
    • Inger Tonette (1856-1884) g. 1879 m. Ståle Tobiasson Versland (1850-1929). Sjå Versland
    • Torborg (1859-1953) g. 1886 m. Ingvor Larsson Nedre Kvinlog (1860-1937). Sjå Røyseland og Ytre Øye
    • Jørgine (1861-1861) Blei seks veker gamal.
    • Jørgen (1864-1902) Sjå nedanfor
    • Jørgine (1868-1868). Blei heimedøypt av faren, og døydde etter sju dagar.
    • Severine (1872-1899) g. m. Tollak Tobiassson Oksefjell (1868-). Til USA i 1884. Ei dotter; Sadie Caroline fødd i 1897

-

  • Jørgen Svendsson (1864-1902)
  • g. 1888 m. Jette Marie Jakobsdotter Skjekkeland (1859-1939)
    • Siri (1889-1981) g. 1889 m. Mathias Thorkildsen Breimoen (1877-1950). Til Breimoen
    • Sven Elias (1891-1985) Sjå nedanfor
    • Inger Kristine (1894-1902)
    • Jakob Kristian (1896-1988) g. 1919 m. Ingeborg Theodora Reinertsdotter Hompland i Kvinesdal (1893-1974). Til Hellestøl
    • Ingvald Johan (1900-1901)  

I 1911 overtok eldste sonen Sven Elias.

-

  • Sven Elias Jørgensen (1891-1985)
  • g. 1912 m. Inger Tonette Olsdotter Øvre Røynestad (1891-1980)
    • Jørgen Ingvald (1913-1984) g. 1939 m. Olga Netland (1916-2012) frå Vordal. Sjå Ytre Øye
    • Olav (1916-1943), mista livet ved fyrste bombing av Knaben gruver 3. mars 1943.
    • Jette Marie (1918-2018) g. m. Haakon Sindland (1918-2012) Dei budde på Sindland i mange år før dei flytta til Storekvina.
    • Teoline Narvestad (1920-1948)
    • Selmer Ingebrigt (1921-2014) g. 1948 m. Sally Helene Faret (1921-1996). Sjå Faret
    • Torborg Ingvarda (1924-1980) g. 1946 m. Gustav Berg Røinestad (1917-2001). Sjå Storekvina
    • Ingvald Theodor (1926-2018) g. m. Agnes Rasmussen frå Vedavåg, Åkra i Rogaland (1928-2013). Til USA og Kristiansand
    • Inga (1928-2000) Inga budde hjå foreldra det meste av livet, men ho budde nokre år på Kongsgårdsheimen og den siste tida på Kvinesdal Omsorgssenter.
    • Karl (1930-1930)  
    • Kristine (1932-) g. m. Jakob Øvre Omland (1931-1984) Sjå Storekvina
    • Olga (1934-2019) g. 1956 m. Olav Berg Biktjørn (1919-1997) Sjå Biktjørn

Barnebarnet til Sven Elias, sonen til Jørgen, overtok

-

  • Sven Erling Narvestad (1941-2008)
  • g. 1966 m. Helga Kirsti Haugeland (1944) frå Lyngdal.
    • Tre born

Dei budde fyrst på Øye, der Sven Erling bygde hus i 1965. I 1974 overtok dei garden etter Sven Erling sin bestefar og flytta dit i 1979. Svein Erling var utdanna og arbeidde som bilmekanikar. Helga gjekk på Drotningborg Handelsskole, og har arbeidd på Kvina Meieri og på Tinfos Jernverk.

-

Dør borte

bruk 3

Narvestad 15

I praksis skilt ut frå bruk 5 i 1843

I følgje tradisjonen skal landet på austsida av Kvina vera ei faddergåve frå Helle. Gardsgrensene i resten av bygda går langs Kvina, så det er ikkje urimeleg å tenkja at dette ein gong har høyrt til Helle. Abraham (1743-1824), bestefar til fyrste eigar, hadde både mor og fadder frå Helle.  

-

  • Abraham Svendsson (1822-1894)
  • g. 1849 m. Ingeborg Stålesdotter Versland (1827-1900)
    • Inger Tonetta (1850-1850)
    • Inger Tonetta (1851-1926)
    • Sven (1853-) g. 1882 m. Anne Berthine Persdotter Ryggesås (1852-) Born fødde på Narvestad: Abraham (1883-1912) og Peder (1886-1966). Til USA
    • Ståle (1856-1934) g. 1. g. m. Karen Mathea (1846-) frå Skedsmo. Dei budde i Helgesens gate 18 i Kristiania i 1900, fire born. g. 2. g. m. Anna Marie Syversen frå Østre Aker. Han var smed og maskinist. Til Virginia, Minnesota, USA i 1906.
    • Jørgen (1859-1947) Sjå nedanfor
    • Gunhild Birgitte (1862-1912) g. 1895 m. Gabriel Tronsen Fjotland (1867-1937). Sjå Vigje u/Fjotland
    • Anna (1865-1923) budde hjå foreldra
    • Ingeborg (1867-1906) Hjå broren i Kristiania i 1900
    • Tønnes (1870-1917)

Ingeborg tinglyste folge i 1894 og overdrog til sonen Jørgen

-

  • Jørgen Abrahamsson (1859-1947)
  • g. 1883 m. Tøri Persdotter Ryggesås (1856-1932)
    • Ingeborg (1884-1985) Var i Eiken og gjette som ung. Hadde vevstove i eit lite hus ved Åmotsbrua, og ho budde på Liknes.
    • Oline (1886-1974) g. 1925 m. Hans Peder Olsson Gullestad (1864-1947). Sjå Gullestad
    • Abraham (1890-1946) Sjå nedanfor
    • Peder (1892-1969) g. m. Adelia Bang. Til USA[8]
    • Jørgen Theodor (1894-1971) g. 1933 m. Nora Fjeld. Til USA i 1911.
    • Thorvald (1897-1975) g. 1921 m. Ingeborg Galdal (1895-1995) frå Haddeland. Sjå Galdal
    • Johan Theodor (1900-1990) g. 1923 m. Anne Gesine Vatland (1901-1985). Sjå Åmot

-

  • Abraham Jørgensen (1890-1946)
  • g. 1916 m. Anna Sofie Toresdotter Mygland (1890-1979)
    • Jørgen (1917-1943) Døydde i Bergen der han gjekk på den tekniske skulen
    • Tore (1919-2001) g. m. Herdis Husevåg (1926-2007) frå Spydeberg. Lege. Til Kristiansand
    • Tora (1921-2006). Psykolog. Til Bodø
    • Torvald Seval (1923-2004) Sjå nedanfor
    • Arne Selmer (1926-1926)

Abraham blei vald som heradstyremedlem i 1925. Han var sengeliggjande dei siste 16 åra av livet.[9] I 1954 overtok den einaste attlevande sonen Torvald.

-

  • Torvald Seval (1923-2004)
  • g. m. Ida Gravdal (1926-2015) frå Andebu.
    • Tre born

-

Dør ude

bruk 4

Vesterdalsvegen 1619

Abraham Svendsen skilde ut ein parsell av garden sin på austsida og selde i 1859 til Svend Toresson.

  • Svend Toresson (1843-1889)
  • g. 1868 m. Gunhild Tonette Tobiasdotter Slimestad (1868-)
    • Tore (1869-) g. m. Maren Persdotter frå Nordrehov i Buskerud. Gråsteinsmurar. Til Krødsherad
    • Ingrid (1872-) g. m. August Larsson frå Sverige. Til Fevik, Grimstad 1892
    • Ingeborg (1874-1874)
    • Ingeborg (1876-) Til Grimstad 1902
    • Anne Tonette (1879-) Til Drammen 1902
    • Jørgine Sofie (1883-1883)
    • Tønnes (1887-1889)[10]

Gunhild budde i ei husmannstove på Nedre Kvinlog 1900. Neste eigar var Jens Mikal Jakobsson

-

  • Jens Mikal Jakobsson (1859-1946)
  • g. 1. g 1882 m. Malene Gabrielsdotter Sindland (1847-1919)
    • Sara (1882-) g. m. Elling Knutsen (1883-) frå Våje i Vegarshei. I 1916 budde familien på Narvestad. Dottera Anne Kristine blei fødd på Narvestad og døypt i Kvinesdal kyrkje i 1916. Til Vegårshei.[11]
    • Jakob Andreas (1886-1958) g. 1911 m. Gunhild Torkildsdotter Breimoen (1887-) Sjå Røyseland
    • Gustav Adolf (1889-1966) Kalla seg Adolph Jenson i Amerika der han var gift og hadde sonen Philip Everett. Gustav må ha vore soldat sia han er gravlagt på Golden Gate National Cemetery i California. Til USA
    • Jette Marie (1892-1969) Sjå nedanfor
  • g. 2. g. 1924 m. Inger Sofie Reiersdotter Sindland (1877-1962)

I 1913 overtok yngste dottera mot å ta foreldra i folge.

-

  • Jette Marie Jensdotter (1892-1966)
  • g. 1916 m. Adolf Marselius Omland (1889-1981) frå Øvre Omland.
    • Berte Serine (1917-1993) g. 1941 m. Sverre Svendsen (1919-1990) Sjå Eljestraum
    • Jens Mikal (1920-2010) Sjå nedanfor
    • Malena (1922-2005) g. 1943 m. Ommund Fidjeland (1920-2006). Til Lyngdal
    • Alma Josine (1924-2004) g. m. Thom Josef Egeland (1926-2001). Sjå Øyestranda
    • Gabriel Johan (1926-1997) g. m. Eva Hårklau frå Arendal. Til Arendal
    • Martin (1928-1998) g. m. Margit Trælsgård (1932-2013). Til Lyngdal
    • Inger Sofie (1929-2020) g. m. Sverre Olsen (1926-2004). Til Øye
    • Bergit (1934) g. 1956 m. Alf Olsen (1928) frå Harkmark. Til Valand, Holum.[12]

I 1956 kom Jens Mikal.

-

  • Jens Mikal Narvestad(1920-2010)
  • g. 1953 m. Borghild Hørte (1927-) frå Landvik
    • Fire born

-

Bnr. 10

Vesterdalsvegen 1617

Fråskilt bruk 4 i 2006

-

1037 Kvinesdal komm.png Narvestad (Kvinesdal gnr. 170) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

Litteratur og kjelder

  1. Norsk stadnamnleksikon; stad.
  2. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 288
  3. Kulturminnesøk.no; Narvestad
  4. http://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001034098
  5. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 288
  6. Fædrelandsvennen, 16/12-1933, s. 10
  7. Årli, Ånen: Kvinesdal. Utg. [s.n.]. Kvinesdal. 1964. Digital versjonNettbiblioteket, s. 227
  8. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 297
  9. Agder Tidend 1/10-1946, s. 4
  10. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 298
  11. Tveiten, Hallvard: Vegårshei i nyare tid 2. Utg. J. Saabyes forlag. Oslo. 1971. Digital versjonNettbiblioteket, s. 83
  12. Hundstad, Dag: Halse og Harkmark, B. 2. Utg. Mandal kommune. Mandal. 2010. Digital versjonNettbiblioteket, s. 303