Årstøl (Kvinesdal gnr. 218)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Årstøl
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 218

Årstøl er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har gardsnummer 218, og hadde tidlegare gnr. 49 i Fjotland kommune.

Geografi

På austsida av Årsvatnet, i heia midt mellom Austerdalen og Vesterdalen, på tre hundre meter høgde ligg Årstøl. Garden skifter med Helle i nord og vest, Borhommen og Versland i sør og Galdal og Knibestøl i aust. Gardsvallet er ein rettvinkla trekant og tek over der grensestrengane til Helle slutar både i sør og aust. Dei eldste grensestrengane gjekk oftast langs med vasskiljet på heia nord-sør og på tvers av dalen og heia vest-aust i rette liner. Årstøl låg derfor truleg under Helle tidlegare, då grensa ser ut å være skoren ut av Helles gardsvall.

I tillegg til Årsvatnet inneheld garden mykje utmark i hei og ei vestvendt innmark på ein mo aust for vatnet.

Gardsnamnet

Førstelekken År- kan ha to tydingar; 1. Åre, Alra som i elv eller stor bekk eller 2. Or, Older som i treslaget.[1] Det renn ei lita å frå Stemtjødn gjennom Årsvatnet og Sinnesdalen sørover via Versland og Sindland og ut i Kvina ved Sagen, men det er sannsynlegvis treslaget som har gjeve namn til plassen. Årsdalen som har same nemning går nordover frå Årstøl og er ikkje knytt til elva.  

Andrelekken –støl kjem frå det norrøne «stǫðull» som tyder å stå. I den her samanhengen blir det nytta om ein mjølkeplass kor buskapen stod.[2] Ein støl blei nytta om sommaren då kyrne skulle på utmarksbeite. I ordets snevraste tyding var støl eit fehus eller ein mjølkeplass budeia kunne rekke fram og tilbake til kvar dag for å mjølke. I dag blir ordet ofte òg nytta synonymt med seter, som var ein plass der gardsfolket eller tenestefolket budde heile sommaren og produserte ost og andre lagringsprodukt av mjølka. Denne forma for stølsdrift var ikkje so vanleg i Fjotland og Kvinesdal kor vegen opp på heia var kort. Her blei ofte stølen nytta til fôrsanking.  

Skal ein tru namnet så har Årstøl vore ein stølsplass under ein større gard tidlegare. Etter kvart som behovet for buplassar har auka med folkeveksten har plassen fått permanent busetnad. Sannsynlegvis har dette skjedd i to omgangar. Først ein gong i vikingtida eller i mellomalderen, og så på 1600-talet att etter at garden låg aude etter Svartedauden i 1349 og nedgangstida i seinmellomalderen. Fleire namn i innmarka kan tyda på eldre busetnad (sjå nedanfor). Som nemnt ovanfor talar gardsgrensene for at eigedomen som er Årstøl i dag har lege under Helle i eldre tid (før Svartedauden), men han kan ha vore støl under Galdal, Versland, Sindland eller Helle seinare. I ein dom frå 1598 får me vita at Årstøl då låg under Sindland. Plassen blei folka og ble eige skatteobjekt om lag 1611.

Namnet har blitt skrive Aarestøle 1612, Arestølle 1619, Aarstøele 1668 og det meir vanlege Aarstøl i 1723.

Namn i innmark og utmark

Namnet Øygarden i nordenden av Årsvatnet vitnar om tidlegare busetnad på Årstøl.

Livsgrunnlag

Årstøl var ein frostlendt gard på 1700-talet. I 1723 blei dette kommentert i matrikkelarbeidet og i 1741 makta dei ikkje å få kornet i jorda på garden på grunn av uår. Det kunne få store konsekvensar for folk om kornet fraus bort og det ikkje blei avling. Det ser ut til at dei tok i bruk jordepla ganske fort etter 1800. Dei var ikkje like utsett for kortare kuldeperiodar og korte somrar som kornet.  

Matriklane fortel òg om at dei hadde kverner, ei i 1661 og to i 1723, og nok ved til heimebruk.  

Produksjonen auka jamt utover hundreåra og nådde ein topp i 1865. Då budde det òg flest menneskje på Årstøl, og ressursane var pressa. I samanlikning med andre garder i Fjotland og Kvinesdal hadde ikkje Årstøl stor utvandring til USA, men fleire fòr austover og fekk utkomme i industrien som vaks fram på slutten av 1800-talet.

Knutson Construction. Tor Knutsson Årstøl (1885-1958) eller Thor Knutson reiste til Minnesota i USA og grunnla Standard Construction Company, som seinare skulle bli Knutson Construction Company. Firmaet slo seg opp på store statlige oppdrag under første verdskrigen og er i dag ein av dei største entreprenørane i Minnesota. Selskapet blei seld ut av Knutson-familien i 1985.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865 1939
Korn 3 t 5 t 5 t
Jordeple  10 ½ t
Hestar 1 1 
Storfe 8 8  12
Småfe 10 20  48

Kulturminne

Det har budd fleire rosemålarar på Årstøl. Gudtorm Eftestøl budde her ei tid, medan Knut Atlaksson og Knut Gardsson sjølv var rosemålarar. Les meir om rosemåling i Fjotland under Risøya.  

Det er registrert tuftar etter kvernhus og damanlegg i bekken frå Stemtjørn til Årsvatnet.

Matrikkelinformasjon

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2019
Nr - - 72 336 215 49 49  218
skuld 1 h 1 h 3 eng 1 h 6 eng 1 h 3 eng -
Tal på bruk 2* 2* 2 2 4 6  7

*tal på oppsitjarar

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
3M 6  23 16  10

Eigedomsforhold

Årstøl blei truleg første gongen skild ut frå Helle ein gong i tidleg mellomalder. Garden blei så forlaten i nedgangstida etter Svartedauden. Første gongen me høyrer om garden er i ein rettssak frå 1598 der ein får vita at Årstøl var ein del av en eigedomshandel frå ein Tjodolf (Tjøl) Olsson til ein Tollak. Då var Årstøl øydegard under Sindland. Tollaks soneson Ståle Birkeland sat med eiga kring 1600. At rettsaka kom opp akkurat i dette tidsrommet syner at oppattakinga av gardar var kome så langt at gardane opp mot heia byrja å bli attraktive, og ikkje berre dei kornsikre gardane i dalen. I 1604 høyrer me om den fyrste oppsitjaren, Gunnar.

Garden fekk først ei skuld på ei hud og hamna i skatteklassa for øydegardar i 1639. Skulda blei auka til 1 ¼ hud i 1664. I 1723 blei det foreslått å senke skulda att.  

Delingar og utskiftingar

Årstøl blei først delt i Innigarden og Udigarden om lag 1666. Denne delinga blei halden i mest to hundre år og dei fekk laupenummera 747 og 748 ved matrikkelen i 1838. I åra som fylgde blei lnr. 748 delt i tre, ein del ble lagt til 747, medan dei to andre nummera blei sjølvstendige bustadeiningar, bruk 3 og 4. Omkring 1900 blei alle disse samla i bruk 1 att. Tobias Knutsson fekk skild ut bruk 5, Øygarden, i 1885 og familien budde her fram til omkring 1930. Etter det har det vore eitt bruk på Årstøl.

Folket på Årstøl

Den udelte garden

  • Gunnar Årstøl (n. 1604)

Den første ein høyrer om som brukar på Årstøl er Gunnar som betala bygningsskatt på en halv ort i 1604. Meir veit ein ikkje om han eller familien hans.

-

  • Per Årstøl (n. 1611-1614)

Nestemann er Per som betala skatt i perioden 1611-1614.

-

  • Siri Håversdotter Undeland i Kvås (n. 1631-1666)
  • g. med Gunnsten Vermundson (1594-om lag 1670)
    • Håvard (1628-1694) g1. med ukjent, g2. m. Ingeborg Jonsdotter Birkeland i Hægebostad (n. 1694). Sjå Tjørnhom
    • Ånen (1628-) Sjå nedanfor
    • Reidar (1642-n. 1664) Sjå Innigarden (lnr. 748) på Årstøl nedanfor.
    • Vermund g. m. Guro Annstensdotter Austre Ersdal. Til Austre Ersdal i Bakke.
    • Gunnhild g. m. Pål Mikkelsson Austre Verdal frå Eiken. Til Austre Verdal i Eiken.
    • Siri (-1696) g. m. Gunnar Helgesson Vatland (-1702) Sjå Vatland
    • Ingerid g. m. Tore Gunnarsson Hellestøl (-1669) Sjå Hellestøl
    • Anna g. m. Vrål Grundesson Hamre.[3] Sjå Hamre

Siris bror Ånen Håversson Undeland eigde fem engelsk i Årstøl fram til 1631 då han selte sin del av garden til Siri og Gunnsten for 55 daler i penger, 20 daler i varer og ein hest.[4]

Ein veit ikkje kor Gunnsten kom i frå. Mange som slo seg ned i Fjotland på denne tida kom austfrå. Kanskje var han òg frå Kvås som kona.

Borna som er oppført her var dei som var registrert ved Gunnsten og Siris skifte i 1666. Ekteparet gav opp garden og den blei delt mellom brørne Ånen og Reidar. Eldste son Håvard hadde allereie flytta til Tjørnhom i Kvinesdal.

-

Udigarden

Lnr. 747/Bruk 1

  • Ånen Gunnstensson (1628-)
  • Kari Larsdotter (-1702)
    • Håvard (-1730) g. 1. g. m. Gunnvor Atlaksdotter Høydal, g. 2. g. 1713 m. Bodil Eivindsdotter Spikkeland (n. 1731) Var først i Høydal, kom så til Årstøl. Sjå Indregarden (lnr. 758)
    • Dirik (d. f. 1702) Han hadde ein son; Atlak Diriksson (n. 1702)
    • Torje (n. 1702-n. 1738) g. m. Liv Jonsdotter Austenå.[5] Var i Dale i Tovdal i Åmli i 1702 og i 1738.
    • Lars (1670-) Sjå nedanfor
    • Siri (n. 1702) g. m. Jesper Persson Stakkeland (1670-1738) Sjå Øvre Stakkeland

Ånen blei nemnt som brukar i 1664. Ein gong før 1718 tok sonen Lars over.

-

  • Lars (1670-d. f. 1741)
  • g. 1725 med Tøri Torgrimsdotter Eikeland (n. 1745)
    • Siri (1725- d. f. 1745)
    • Torgrim (1727-d. f. 1745)
    • Ånen (1729-)
    • Kari (1732-d. f. 1745) g. 1741 m. Didrik Osmundsson Høydal (1694-). Sjå Høydal
    • Torgrim (1737-)

Det var tungt for denne familien i starten av 1740-åra. Tøri var blitt aleine med borna og dei fekk ikkje kornet i jorda i 1741. Tre av ungane var døde i 1745. 1740-1742 var ei uårperiode i heile Noreg.

-

  • Knut Gunnsteinsson (1712-1764)  
  • g1. 1751 med Barbro Kidelsdotter Basskår (1732- d. f. 1755)
    • Berte (1752-) g. 1804 m. Jakob Salvesson Røynestad (1756-1830). Ho budde saman med mora og stefaren på Innigarden Årstøl fram til ho gifta seg. Sjå elles Røynestad
  • g2. 1755 med Torborg Osmundsdotter Versland (1722-1800)
    • Barbro (1755-1786) Sjå nedanfor
    • Gunnstein (1761-)

Første dottera Berte blei fødd i Årstøl i 1752. Knut kjøpte heile Årstøl i 1755, og leigde ut det andre bruket, Innigarden.  

Torborg gifta seg att 1766 med Hans Bergesson Helle (1743-1805). Dei flytta til Innigarden omlag 1770. Sjå meir om dei der. Dette bruket gjekk til Torborgs dotter Barbro og mannen Gard.

-

  • Barbro Knutsdotter (1755-1786)
  • g. 1772 med Gard Øysteinsson Engedal (1739-1809)
    • Ingeborg (1773-)
    • Ingeborg (1775-1855) forlova m. Ånen Gunnarsson Steintland (1766-1803) Dei fekk dottera Anna. Sjå meir Steintland. g. 1807 m. Gunnar Stålesson Hellestøl (1776-1846). Sjå Innigarden på Årstøl.
    • Knut (1777-1810) Sjå nedanfor
    • Torborg (1781-1864)
    • Inger Malene (1784-1784)
    • Inger Martelena (1785-)

Barbro fekk seks born og blei 31 år gamal. Gard, som var nokre år eldre, blei enkjemann med aleineansvar for små born og heim. Han gifta seg ikkje opp att og sonen Knut overtok garden omlag 1805.

-

  • Knut Gardsson (1777-1810)
  • g. 1805 med Anna Annstensdotter Engedal(1773-1838)
    • Gabriel (1806-1839) Sjå nedanfor
    • Annsten (1808-1811)

Knut var soldat i 1801. Han var rosemålar.

Anna gifta seg opp att 1812 med:

  • Lars Olsson (1770-1844) frå Førlandsås
    • Knut (1814-) På Øyslebø i Holum som ugift målar i 1865.
    • Olav (1817-1818)  

-

  • Gabriel Knutsson (1806-1839)  
  • g1. 1829 med Karen Tronsdotter Helle (1809-1836)
    • Knut (1829-1847)
    • Tron (1832-1930) g. 1867 m. Anne Sofie Ånensdotter Mygland (1842-1914) Sjå Mygland
    • Olav Andreas (1835-1871) Målar. På Helle då han døydde i 1871
  • g2. 1837 med Anna Bergsdotter Hobbesland (1815-)
    • Kristian (1838-1882) g. 1865 m. Serina Samuelsdotter Høllesli (1839-1919). Til Torsnes i Forsand.

Anna fekk eit born med Kristian Svendsson Gausland frå Hå i Nærbø på Jæren:

  • Targjerd (1842-1919) g. 1870 m. Torger Olsen Botne (1845-1925) Til Barka i Strand på Jæren.

Gabriel døydde i 1839 etter kort tid i andre ekteskap. Anna og sonen Kristian drog til Strand på Jæren kor Anna gifta seg opp att i 1849 enkemann Per Rasmusson Botnehagen. Targjerd blei satt bort til Gitle Jonsen og Anna Tollaksdotter på Barka i Strand på Jæren. Kristian gifta seg i nabosoknet Forsand. Borna til Gabriel og Karen kom til Helle og bruket på Årstøl gjekk på auksjon i 1842. Ivar Osmundsson Versland og Nils Tobias Tronsen Helle, Karens bror, fekk tilslaget. Dei selte vidare året etter til Knut og Anna (sjå under).

-

  • Knut Atlaksson Lindeland (1810-1884)
  • g. 1839 med Anna Tronsdotter Veggeland (1816-1888)
    • Anne Sofia (1839-1923) g. 1863 m. Tobias Atlaksson Knibestøl (1833-1901) Sjå Knibestøl
    • Andreas (1841-1919) Sjå nedanfor
    • Tobias (1844-1912) g. 1880 m. Anne Regine Reidarsdotter Hompland (1856-1937). Snekker og segla på sjøen i ein periode. Sjå bruk 3
    • Gunnhild (1847-1928) g. 1885 m. Per Torkelsson Øvre Kvinlog (1843-1918) Sjå Øvre Kvinlog
    • Tore (1850-) Segla på sjøen med brødrene Tønnes Andreas og Tobias, han mista livet på sjøen.
    • Tønnes Andreas (1853-1932) g. 1884 m. Gunnhild Sofia Andreasdotter Veggeland (1864-1928) Landhandlar, segla òg på sjøen i 14 år. Sjå Mygland
    • Anne Severine (1856-1870) Døydde av tyfoidfeber (nervefeber).
    • Anna (1859-1949) Syerske på Mygland i 1900. Budeie på Knibestøl i 1910.

Knut og Anna budde først på Veggeland hjå Annas foreldre. Dei bygde nye hus og kjøpte opp nabobruket Innigarden. Noko jord (seinare bnr. 2) blei lagt til Udigarden, medan Innigarden blei delt i bruk 3 og 4. Knut var rosemålar. Sonen Andreas tok over i 1870.

-

  • Andreas Knutsson (1841-1919)
  • g. 1882 med Line Martine Torsdotter Engedal (1863-1943)
    • Knut (1883-1946) g. 1923 m. Gudrun Johannessen (1891-1961) frå Sarpsborg. Knut kjøpte begge Årstølgardane, men budde sjølv i Oslo. Han arbeidde som akvisisjonssjef i Dovre. Søstra Anna budde på Årstøl med mannen og overtok etter kvart begge gardane.
    • Tor (1885-1958) g. m. Marie Svenson. Til USA
    • Tore (1887-1964) g. 1911 m Juliane Persdotter Stakkeland (1886-) Til USA
    • Andreas (1890-1936) Maskinist. Til USA i 1913
    • Anna (1892-1954) Sjå nedanfor
    • Jonas (1895-) Til USA
    • Severin (1899-) g. m. Louise Nilson. Til USA
    • Lars Andreas (1903-) Til USA
    • Harald (1907-) Til USA

Alle borna reiste til USA, bortsett frå Anna og Knut som begge etter kvart tok over på Årstøl.

-

  • Anna Andreasdotter (1892-1984)
  • g. 1926 m. Nils Larsen Moen (1890-1930) frå Søndeled
    • Lars (1928-1996) Sjå nedanfor

Anna fekk garden då broren Knut døydde.  

-

  • Lars Moen (1928-1996) g. 1959
  • Elen Sofie Kvinlaug (1926)
    • Tre born

-

Innigarden

Lnr. 748/Bruk 3

I matrikkelen fekk dei to bruka etter den første delinga av garden, løpenummer 747 og 748. I Fjotlandsboka har Johan Jerstad og Tor Veggeland gitt desse to bruka namna Udigarden og Innigarden. Her bruker me begge nemningane.

  • Reidar Gunnstensson Årstøl (1642-n. 1664)

Reidar kom frå den udelte garden (sjå ovanfor). Reidar eigde halvparten av garden frå 1658 og det er naturleg å tenkje at garden blei delt då. Dei blei begge nemnt som brukarar og eigarar i 1661. Tre år seinare, i 1664, stod dei oppført saman med faren.  

Ein veit ikkje kor lenge Reidar budde her eller om han hadde familie. Mykje kan tyde på at han ikkje hadde overlevande etterslekt for neste brukarar var brorsonen Håvard og kona Gunnvor.

-

  • Håvard Ånensson (d. 1730)
  • g. før 1670 med Gunnvor Atlaksdotter Høydal (d. 1709)
    • Atlak (1688-1742) Sjå nedanfor
    • Magnhild (n. 1709 – n. 1743) g. m. Knut Ormsson Åmland (1677-1743). Sjå Åmland
    • Kari (n. 1709 – 1746) g. 1. g. 1710 m. Stein Larsson Åvesland i Eiken (-1725), g. 2. g. 1727 m. Jon Olsson Åvesland i Eiken (-1746) Til Eiken.

Håvard og Gunnvor var i Høydal då skiftet hennar stod.  

  • g2. 1713 med Bodil Eivindsdotter Spikkeland (n. 1709- n. 1731)
    • Gunnvor (1714-) g. 1738 m. Svein Ellingsson Urdal. Dei fekk ein son på Årstøl: Elling (1740-). Til Urdal i Gyland

Dottera Gunnvor blei fødd i Høydal, men det kan sjå ut til at Bodil og Håvard flytta til Årstøl ein gong mellom 1719 og 1723, og at sonen Atlak då flytta andre vegen.

-

  • Atlak Håvardsson (1688-1742)
  • g. 1710 med Gjøa Persdotter Stakkeland (n. 1743)
    • Gunnar (1711- d. f. 1742)
    • Kristine (1715-d. f. 1715)
    • Håvard (1719-d. f. 1742)
    • Ingeborg (1725-1762) g. m. Sten Gasessen Røyland (1725-1774) Sjå Røyland
    • Per (1730-1782) g. 1749 m. Karen Tollaksdotter Røyland (1725-) Sjå Høydal

Atlak var fødd i Høydal og Gjøa kom frå Stakkeland. I 1718 var Atlak skriven som driftekar på Årstøl, og sonen Håvard blei fødd der i 1719. Nokre år seinare, i 1723, var han og Gjøa på hans morsgard i Høydal. Då hadde faren og kona Bodil flytta andre vegen. Høydal var nok ein sikrare gard for ein familie med små barn. Likevel var det uår både på Høydal og Årstøl i 1741, og dei fekk ikkje sådd korn. Atlak hadde tatt over drifta av Årstøl att etter farens død i 1730. Den einaste sonen til Gjøa og Atlak, Per, skulle ta over åseteretten på Høydal og etter Atlak var det ingen til å ta over på Årstøl. Atlak prata om å selje Årstøl, men rakk aldri det før han døydde i 1742.

Etter dette kan det sjå ut til at Årstøl kom på marknaden, for begge bruka skifta eigarar. Det heile ble etter kvart kjøpt opp av Knut Gunnstensson på Udigarden. Han leigde så ut til Børel og Berte.

-

  • Børel Olsson (f. før 1710-1774) frå Steintland
  • g. 1743 med Berte Toresdotter (1712-1792) frå Bjåstøl
    • Olav (1744-)
    • Magnhild (1745-1811) fekk eit born med Abraham Persson Sinland i 1781. g. 1787 m. Bjørn Olsson Veggeland (1736-1788). Sjå Vatland i Kvinesdal og Veggeland.
    • Olav (1747-)
    • Olav (1748-)
    • Tøri (1750-)
    • Olav (1753-1781) Blei dømt for drap og avretta i 1781
    • Tøri (1756-)
    • Tore (1760-1839) g. 1787 m. Malena Kristoffersdotter Vatland (1752-1830). Sjå Ystestøl

Det kan sjå ut til at berre tre av borna vaks opp, Magnhild, Olav og Tore. Etter at eigaren Knud døydde flytta Børel og Berte med dei tre borna til Vatland i Kvinesdal. Olav blei dømt for drap og avretta i 1781. Les meir om den historia under Vatland.

-

  • Torborg Osmundsdotter (1722-1800) frå Versland og Udigarden på Årstøl
  • g. 1766 med Hans Bergesson Helle (1743-1805)
    • Kari (1767-)

Dei var først i Udigarden der Torborg hadde vore gift med Knut Gunnstensson. Dei kom til Innigarden om lag 1770. I 1801-folketeljinga står Hans ført opp som enkjemann buande saman med Torborgs dotter Berte (sjå ovanfor.) Berte gifta seg med enkemannen Jakob Salvesson på Midtre Røynestad og i 1804 satt Hans seg i kår til dei. Året etter døydde Hans og bruket blei selt til Ståle og Torborg

-

  • Ståle Stålesson Knaben (1770-1854)
  • g. 1798 med Torborg Persdotter Lindeland (1780-1851) Frå Eftestøl
    • Asgerd (1800-) g. 1819 m. Olav Olsson Ousdal i Sirdal (1796-). Til Sirdal
    • Mari (1804-1870) g. 1825 m. Jørgen Karlsson Liland i Sirdal (1802-1860). Til Sirdal
    • Siri (1808-1890) g. 1831 m. Hoskuld Persson Ousdal i Sirdal (1800-1847). Til Sirdal

Dei to yngste borna er fødde i Knaben. Dei kjøpte bruket på Årstøl i 1805, men mista det på Odel att i 1811. Dei flytta til Ousdal i Sirdal.[6]

-

  • Ingeborg Gardsdotter Årstøl (1775-1855)
  • Gunnar Stålesson Hellestøl (1776-1846)
    • Berte (1808-1880) g. 1831 m. Per Tobias Abrahamsson Borhommen (1796-1853). Sjå Borhommen
    • Gunnhild Birgitte (1808-) g. 1868 m. Olav Olsson Oksefjell (1807-)
    • Ståle (1810-1833) Falt gjennom isen og drukna då han gjekk på skeiser.
    • Berte Katrine (1815-) Tenestejente på Mosvold i Vanse på Lista i 1865.
    • Tønnes (1818-) g. m. Bodil Kristine Nilsdotter (1820-1894) frå Sunde i Dalane. Til Stavanger kor han var «arbeidsmand og jordarbeider» i 1865. Dei var begge i live i 1891.

Ingeborg og Gunnar kom til Årstøl mellom 1810 og 1815. Dei var tremenningar. Gunnar var borneborn av Håver Gunnstensson frå Udigarden.

Dei hadde kvart sitt born utafor ekteskap frå tidlegare.  

Ingeborg hadde tidlegare vore forlova med Ånen Gunnarsson Steintland og dei fekk dottera Anna etter Ånens død. Sjå meir om dei på Steintland.

Gunnar hadde dottera Gunvor Gunnarsdotter Omland (1800-) med Sara Tostensdotter Åmland (1771-1804). Jenta budde hos mor på Åmland i 1801.

I 1829 gjekk garden på auksjon og Tor Tormodsson Stakkeland kjøpte garden. Eit og eit halvt år seinare selte han til Kolben Atlaksson Håland, som same dag makeskifte garden med Gudtorm Eftestøl.

-

  • Gudtorm Persson Eftestøl (1779-1856)
  • g2. 1810 med Liv Øyusdotter Bergesli (1794-1855)

Dei var på Årstøl frå 1831-1838. Sjå meir om denne familien under Eftestøl.

Dei makeskifta garden med Per Persson Ousdal frå Sirdal, som selte vidare til Tor Olsson.

-

  • Tor Olsson Eiesland (1794-1868)
  • g. 1829 med Siri Tronsdotter Versland (1804-1867)
    • Olav (1830-1893) Sjå nedanfor
    • Tobias (1834-1836)
    • Nils (1835-1838)
    • Tobias (1837-1840)
    • Siri (1839-1842)
    • Inger Serine (1842-1900) g. 1. g. 1872 m. Syvert Andreas Knutsson Røynestad (1836-1878), g. 2. g. 1880 m. Tobias Olsson Solbjørg (1858-1895) Ho var tenestejente hos broren Olav i 1865. Sjå Røynestad og Solbjørg
    • Maren Lovisa (1847-1849)

Tor var fødd på Eiesland, medan Siri kom frå Versland. Dei eigde og budde ei tid i Knibestøl før dei kjøpte dette bruket i Årstøl for 540 spesiedaler i 1838. I løpet av tida dei budde her skilte dei ut og selte frå fleire deler av garden.  I 1845 skilte dei frå 748b (bnr. 4) og i 1852 gjekk 748c (bnr. 2) til Knut og Anne på nabobruket. Sonen og kona tok over garden og drifta, medan Siri og Tor blei buande. I 1865 blei dei oppførte som fattiglemmar.

-

  • Olav Torsson (1830-1893)
  • g1. 1860 med Berte Katrine Olsdotter Galdal (1825-1890)
    • Siri (1860-1860)
    • Severine (1864-)
    • Tobias (1866-1867)
    • Anne Bertine (1867-)
    • Tobias (1872-)
  • g2. 1891 med Anne Maria Gunnarsdotter Mjåvatn (1834-)
    • Ingen born

Olav og Berte selte garden i 1866 til Knut Atlaksson på nabobruket. Etter det var dei på Steintland og Knibestøl. I 1875 var dei tilbake på Årstøl som innerstar på bruk 4.

Sonen til Knut Atlaksson, Tobias tok over og dette bruket blei delt att. Knut fekk bruk 3, og Tobias fekk bruk 5 Øygarden. Sjå nedanfor om Tobias sin familie.

-

Øygarden

Bruk 5

Matrikulert 1885

  • Tobias Knutsson (1844-1912)
  • g. 1880 med Anne Regine Reiersdotter Hompland (1856-1937)
    • Karl Johan (1880-1917) g. 1908 m. Jetta Salvesdotter Galdal (1885-1973) Sjå Prestegarden (bnr. 159)
    • Anna (1882-1951) g. m. Nils Nilsson Risør (1880-) Til Canada[7]
    • Gunnhild (1885-1889)
    • Reidar (1888-1917) Falt i første verdskrig. Til USA
    • Gunnhild Sofie (1890-1898)
    • Tomas Andreas (1894-1934) g. 1933 m. Anna Elisabeth Gabrielsdotter Vatland (1905-1989) Sjå Krokneset i Nedre Bruli
    • Teoline Sofie (1897-1920) Døydde etter fleire månader på Rikshospitalet i Christiania (Oslo)
    • Gesine (1901-1944) g. 1928 m. Martin Svendsson Narvestad (1899-1977). Sjå Furøy i Nedre Bruli

Det blei satt opp nye bygningar på Øygarden omlag 1870. Tobias fekk og kjøpte etter kvart bruk 3 og 6, som han la til.  

Då Anne Regine blei enke i 1912 dreiv ho bruket åleine saman med dei yngste borna. Dei fekk krigserstatning etter at Reidar falt i første verdskrigen i 1917. Garden gjekk først til Tomas, men han og kona Anna flytta til Krokneset i Nedre Bruli. Nokre år seinare fylgde søstera Gesine og mannen Martin etter og busette seg på Furøy i Nedre Bruli. Då Anne Regine døydde selte dei bruket til Knut Årstøl.  

Etter det var Årstøl eit bruk att, med unntak for ein liten skogteig som Tomas hadde heldt att heilt nord på garden.

-

Lnr. 748b/Bruk 4

Matrikulert 1845

Bruket blei skilt ut i frå garden til Tor Olsson (lnr. 748). Han blei matrikulert i 1845, men var folka allereie i 1838.

  • Ommund Tollaksson Galdal (1815-1900)
  • g. 1838 med Ingeborg Olsdotter Eiesland (1819-1876)

Dei kom hit i 1838. I 1845 flytta dei til Galdal. Sjå meir om familien der.

-

  • Inger Svensdotter Narvestad (1825-1897)
  • g. 1849 med Lars Kristian Ivarsson Versland (1823-1908)
    • Maria (1846-1849)
    • Jakob (1849-) g. m. Andrea Larsen (1852-) frå Farsund. Smed. Til Arendal  
    • Anne Sofia (1852-1852)
    • Sven (1853-) Lina Larsen (1858-) frå Herad. Smed. Til Arendal
    • Jørgen (1857-) g. 1882 m. Olea Andersdotter (1859-) frå Eidskog i Hedmark. Han var smed. Familien budde i Rødfyllgata på Vaterland i Kristiania (Oslo) i 1885.  
    • Andreas (1860-) g. m. Helene Tobine Jensen. Til Arendal
    • Tønnes Elias (1863-1936) Lovise Larsen (1859) frå Asker. I Kristiania 1891. Arbeidde som smed mellom anna på Kværner bruk. Død i Skiptvet i 1936.
    • Anne Sofia (1866-1937) I teneste på Helle i 1900.

Lars var forpaktar. Jakob overtok garden i 1874, etter at farbroren hans Osmund Versland hadde kjøpt garden på auksjon fire år tidlegare. Jakob selde til naboen Andreas Knutsson i 1900. Dei fleste borna flytta austover og fekk arbeid i industrien.

-

Ikkje plasserte

  • Torje 1672, brukar ikkje eigar. Nemnt med 3 engelsk i Eftestøl. Det kan vera Torje Ånensson, men finn ingen openbar forbindelse til Eftestøl.
  • Olav Hansson Åmland hadde bruk 4 nokre år frå 1847-1849. Usikkert kven han var i slekt med.

-

1037 Kvinesdal komm.png Årstøl (Kvinesdal gnr. 218) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Referansar

  1. Rygh, O. (1912) Gaardnavne i Lister og Mandal amt, W.C. Fabritus & Sønner A/S, Oslo, Digital versjonNettbiblioteket, s. 278
  2. Nynorskordboka, ordbok.uib.no; støl
  3. Årli, Å. (1965) Kvinesdal : ei bygdebok II, Hegland boktrykkeri, Flekkefjord, Digital versjonNettbiblioteket, s. 509
  4. Årli, Å. (1965) Kvinesdal : ei bygdebok II, Hegland boktrykkeri, Flekkefjord, Digital versjonNettbiblioteket, s. 297
  5. Hodne, T. (1977) Åmli : ætt og heim bind I Tovdal, Åmli bygdeboknemnd, Digital versjonNettbiblioteket, s. 167
  6. Seland, Per: Sirdal 1. Utg. Kommunen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 545
  7. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, s. 328

Litteratur og kjelder