Ole Arnesen (1803–1884)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Arnesen (fødd 1803 i Nes, Hallingdal, død 1884 i Kristiania), betre kjend som Ola Narr, var handelsmann, gardbrukar og gardeigar.

Fødd på Gol eller Nes?

Det har vore strid om fødestaden til Arnesen. I gards- og ættesoga for Gol frå 1991 skriv Terje Østro: «Det finst ein del tradisjonsstoff om "Ola Narr", som fortel at han var frå Gol, og på bakgrunn av dette vart det skrive ein art. i "Dølaminne 1972".»[1][2] I følgje Østro, som har skrive gards- og ættesoger for både Gol og Nes, var Arnesen frå Nes, medan farfaren, Ole Jakobsen, var frå Prestgarden i Gol, men gifte seg med Guri Arnesdotter frå Nes.[3]

Foreldre og syskjen

I følgje Digitalarkivet vart Ole døypt 17. oktober i Nes, medan det innføringa i kyrkjeboka ser ut til å stå "Flaa" og 22. oktober 1803.[4] Foreldra til Ole var Mari Arnesdotter (1775-1843) og Arne Olsson (1771-1840), som dette året var busette på Eidalseie i Nes. I 1807 budde dei på Sletteplassen (gnr 54, bnr 6), der Mari hadde vekst opp. Plassen låg under Eidal, og har truleg hatt fleire namn. Mari fødde 15 born. Av dei vaks truleg berre sju opp. To av dei var eldre enn Ole.

I folkeminne heitte det seg at Arne, far til Ole, var messingsmed og noko av ein original. Kjeldene taler korkje for eller i mot at han var smed. Derimot er det belegg i mange kjelder for at far til Arne, Ole Jakobsen, var messingsmed.[5] Rukke, garden Arne kom ifrå, og som han og kona budde på dei fyrste åra dei var gift, fekk soleis tilnamnet Massingsme-Rukke eller berre Sme-Rukke.

Familie

Like etter konfirmasjonen i 1820, dro Ole til Kristiania. Her gifte han seg i 1830 med enka Johanne Jensdatter Nordre (fødd 1794) frå Norderhov. Ho var busatt i Kristiania og hadde ei dotter. Johanne må ha døydd tidleg i ekteskapet, for allereie i 1835 gifte Ole seg opp att med Ragnhild Olsdatter (fødd 1810). Dei fekk tre born: Anne Josefine (født 1846, gift med Andrew Scobie, 1829-1914), Hugoine (født ca 1840) og Adolf (født ca 1849).

Liv og virke i Kristiania

I 1831 var Ole tambur i borgerkorpset, medan han i 1865 var gardeigar i Tomtegata. Då det vart gjort opp skifte etter Ole, vart han omtala som handelsborgar. Han eigde det året han døydde, i 1884, eit toetasjes hus i Tidemands gate 18 og eit jordstykke på Frogner.

Østro skriv at det i «tradisjon fra Kristiania/Oslo» heiter at Arnesen var løpergut og seinare kammertenar for høvesvis grev og grevinne von Platen. I følgje Oslo byleksikon krevde grevinna «at han skulle gå i silkebukser og lakksko i og utenfor tjeneste».[6] Det skal ha vore denne påklednaden som ga tilnamnet Ola Narr, som i sin tur ga namn til parkenTøyen i Oslo, der han skal ha forpakta jorda til Universitetet i Oslo.

Byleksikonet skriv vidare at Arneson var høker på Vaterland, der han også dreiv restaurant. Og at han etter at Botanisk hage vart utvida, dreiv jordbruk ved Nordraaks gate på Frogner.

Fotnoter

  1. Østro 1991, s. 263
  2. Dølaminne. Utg. Hallingdal historielag. Ål. 1972. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Østro 2015, s. 852
  4. Ministerialbok nr. 5, 1787-1807
  5. Østro 2015, s. 853
  6. Ola Narr i Oslo byleksikon på nett, besøkt 19. februar 2021

Kjelder og litteratur