Prestar i Valle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Prestar i Valle er ei liste over kapellanar og prestar med ansvar for kyrkjelydane i Valle og Bykle prestegjeld i Setesdal.

Bilde År Navn Bemerkninger
Olav Nemnd i eit brev frå 1348.
Gunnar Taraldsson (Tharaldssön) Nemnd i fleire dokument mellom 1431 og 1457.[1]
Hans Prest før 1551, kan ha vore den fyrste protestantiske presten.
Jakob Mikkelsen I Valle ikring 1551, i 1593 sokneprest i Sauda.
Laurits Hansen Gjekk til prestestilling i Seljord.
1571-1604 Peder Nilsen Nemnd 1571-1604. Tradisjonen fortel at han var student frå Skåne. Gift med Gjertrud Pedersdotter.
1611-1659 Nils Pedersen Prost i Råbyggelaget 1629. Gift med Sigrid Torkjellsdotter, mogleg frå Vanvik i Ryfylke.
?-ca 1698 Esaias Hansson Bugge Fødd 1613, død før 1698. Gift fyrst med Mette Bentsdotter, sidan med Bodil Jørgensdotter U-Roe.
ca 1698-1705 Augustinus Dons Kom frå Bergen og vart gift med Esaias Hansson Bugges dotter. Døydde i 1705.
1705-1716[2] Erich Leganger Presteson frå i Vik i Sogn. Kom frå Innvik i Nordfjord der han var kapellan.
?-1728 Edvard Storch Kom frå Lund prestegjeld der han var kapellan. Vart prest i Valle mellom 1716 og 1723/28.
1728-1738 Hans Berg Kom frå Slidre og Ringebu der han var kapellan.
1738-1772 Nils Nilsen Mollerup Frå Viborg i Danmark. Kom frå Hvaler i Østfold og var i Valle frem til han døydde i 1772.
1772-1782 Reier Gjellebøl Bondeson frå Høland i Akershus, kom frå ei stilling som huslærar i Danmark.
1782-1793 Lorentz Angel Holst Fødd i Drammen 1782, kom frå Tinn og Kristiansand der han var kapellan og var i Valle frem til han døydde i 1793.
1794-1803 Peder Ludvig Lund Fødd på Høyland prestegard ved Sandnes. Kom frå Austre Moland der han var kapellan hos far sin. Vart sokneprest og seinare prost i Eikersund.
1803-1814[2] Christian Thorn Åmodt Fødd i Kvinesdal. Kom frå Nes og Vinje der han var kapellan. Forlet Valle for Lund, Flekkefjord og tilsist Lyngdal der han døydde i 1836.
1815-1821 Carl Frederik Musæus Presteson frå Melhus. Før han kom hadde han vore lærar i Kviteseid og sokneprest i Nissedal.
1821-1827 Hans Christian Ross Fødd på Hitra. Kom frå presteseminaret til Valle 24 år gamal, og gjekk til Holum.
1827-? Lars Christian Arup Kom frå presteseminaret til Valle 23 år gamal.
?-1844 Johan Koren Dahl Fødd i Bergen. Han blei prost i Råbyggelaget. Blei kalla til sokneprest i Byneset i Trondheim.
1844-1856 Johan Nikolai Frantzen Hadde vore kapellan på fleire stader då han kom frå Slidre. Kalla til sokneprest i Ørland og seinare Inderøy.
1857-1864 Magnus Falkenberg Kom frå Larvik, og gjekk til Flekkefjord.
1864-1880 Peder Blom Fødd i Drammen. Hadde vore lenge i utlandet då han kom til Valle.
1880-1887 Carl Peter Herman Gullichsen Fødd i Oslo. Var kapellan i Stavanger i 1875, kom til Valle i 1880, og reiste vidare til Idd i 1887.
1887-? J.K. Storesteen Var kapellan i Valle då soknet var utan prest.
? Johan Jørgen Emaunel Selmer Var kapellan i Valle då soknet var utan prest.
?-1892 Paul Vinsnes Gjesdahl Fødd på Finnøy, hadde vore lærar på fleire plassar før han kom til Valle. Reiste til Fredrikstad, og blei seinare sokneprest i Oslo.
1892 Karl Adolf Martin Lea I Valle vinteren 1892, reiste så til Hægbostad.
1893-1902 Martin Luther Svanholm Fødd i Oslo, flytta til Drangedal i 1902.
1903-1908 Kristian August Larsen Fødd i Oslo, og frå 1908 sokneprest i Slemdal.
1909-1916 Apollonius Johan Liljedahl Fødd i Larvik, kom frå Tana og gjekk til eit kall i Jølster.
1916-1917 Torleif Homme Var kapellan til Aune kom. Homme hadde vore prest i Amerika, og blei styrar på amtsskulen i Setesdal og prest i Røldal.
1917-1923 John Aune Kom som nyutdanna til Valle, kalla til Surnadal.
1923-1932 Ole Johan Amlie Son til sokneprest E. J. B. Amlie i Evanger. Verliet Valle voor Ulvik, en ging later naar Onsøy.
1932-1948 Åsulv Austad Fødd på Austad i Bygland sokn, blei sokneprest i Hjartdal.
1949-1956 Trygve Nortvedt Gjekk til Birkenes og seinare Kristiansand.
1957-1967 Jens Bjelland Kom frå Haltdalen og hadde ei tid arbeidd som feltprest i Nord-Norge. Gjekk til TimeJæren.
1967-1974 Sverre Olsen Reiste frå Valle til Oddernes.
1974-1977 Kåre Svebakk
1977-1981 Nils M. Møll
1981-1988 Leif Raustøl Kom til Valle frå Kvænangen. Reiste vidare til Lunde.
1989-2007 Theis Salvesen Kom til Valle frå Ibestad i Troms. Reiste vidare til Tveit i Kristiansand.
2007-2011 Arne Skare Fyrste posten etter avslutta studier ved Menighetsfakultetet. Neste post var som prostiprest i Finnmark.
2011-2017 Terje Seilskjær Kom frå Kristiansand der han hadde arbeidd som fengselsprest. Vert pensjonist.
2017- Tom Martin Berntsen Kom frå Landvik ved Grimstad.

Kilder

  1. to diplom i Diplomatarium Norvegicum på dokpro.no (vitja 10. august 2010)
  2. 2,0 2,1 Bø, Olav: «Korleis prestar og andre embetsmenn såg på dalen» i Setesdal: frå utkantbygder til kraftsentrum 1991, ISBN 82-521-3687-7