Prestar i Valle
(Omdirigert fra «Prester i Valle»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Prestar i Valle er ei liste over kapellanar og prestar med ansvar for kyrkjelydane i Valle og Bykle prestegjeld i Setesdal.
Bilde | År | Navn | Bemerkninger |
---|---|---|---|
Olav | Nemnd i eit brev frå 1348. | ||
Gunnar Taraldsson (Tharaldssön) | Nemnd i fleire dokument mellom 1431 og 1457.[1] | ||
Hans | Prest før 1551, kan ha vore den fyrste protestantiske presten. | ||
Jakob Mikkelsen | I Valle ikring 1551, i 1593 sokneprest i Sauda. | ||
Laurits Hansen | Gjekk til prestestilling i Seljord. | ||
1571-1604 | Peder Nilsen | Nemnd 1571-1604. Tradisjonen fortel at han var student frå Skåne. Gift med Gjertrud Pedersdotter. | |
1611-1659 | Nils Pedersen | Prost i Råbyggelaget 1629. Gift med Sigrid Torkjellsdotter, mogleg frå Vanvik i Ryfylke. | |
?-ca 1698 | Esaias Hansson Bugge | Fødd 1613, død før 1698. Gift fyrst med Mette Bentsdotter, sidan med Bodil Jørgensdotter U-Roe. | |
ca 1698-1705 | Augustinus Dons | Kom frå Bergen og vart gift med Esaias Hansson Bugges dotter. Døydde i 1705. | |
1705-1716[2] | Erich Leganger | Presteson frå i Vik i Sogn. Kom frå Innvik i Nordfjord der han var kapellan. | |
?-1728 | Edvard Storch | Kom frå Lund prestegjeld der han var kapellan. Vart prest i Valle mellom 1716 og 1723/28. | |
1728-1738 | Hans Berg | Kom frå Slidre og Ringebu der han var kapellan. | |
1738-1772 | Nils Nilsen Mollerup | Frå Viborg i Danmark. Kom frå Hvaler i Østfold og var i Valle frem til han døydde i 1772. | |
1772-1782 | Reier Gjellebøl | Bondeson frå Høland i Akershus, kom frå ei stilling som huslærar i Danmark. | |
1782-1793 | Lorentz Angel Holst | Fødd i Drammen 1782, kom frå Tinn og Kristiansand der han var kapellan og var i Valle frem til han døydde i 1793. | |
1794-1803 | Peder Ludvig Lund | Fødd på Høyland prestegard ved Sandnes. Kom frå Austre Moland der han var kapellan hos far sin. Vart sokneprest og seinare prost i Eikersund. | |
1803-1814[2] | Christian Thorn Åmodt | Fødd i Kvinesdal. Kom frå Nes og Vinje der han var kapellan. Forlet Valle for Lund, Flekkefjord og tilsist Lyngdal der han døydde i 1836. | |
1815-1821 | Carl Frederik Musæus | Presteson frå Melhus. Før han kom hadde han vore lærar i Kviteseid og sokneprest i Nissedal. | |
1821-1827 | Hans Christian Ross | Fødd på Hitra. Kom frå presteseminaret til Valle 24 år gamal, og gjekk til Holum. | |
1827-? | Lars Christian Arup | Kom frå presteseminaret til Valle 23 år gamal. | |
?-1844 | Johan Koren Dahl | Fødd i Bergen. Han blei prost i Råbyggelaget. Blei kalla til sokneprest i Byneset i Trondheim. | |
1844-1856 | Johan Nikolai Frantzen | Hadde vore kapellan på fleire stader då han kom frå Slidre. Kalla til sokneprest i Ørland og seinare Inderøy. | |
1857-1864 | Magnus Falkenberg | Kom frå Larvik, og gjekk til Flekkefjord. | |
1864-1880 | Peder Blom | Fødd i Drammen. Hadde vore lenge i utlandet då han kom til Valle. | |
1880-1887 | Carl Peter Herman Gullichsen | Fødd i Oslo. Var kapellan i Stavanger i 1875, kom til Valle i 1880, og reiste vidare til Idd i 1887. | |
1887-? | J.K. Storesteen | Var kapellan i Valle då soknet var utan prest. | |
? | Johan Jørgen Emaunel Selmer | Var kapellan i Valle då soknet var utan prest. | |
?-1892 | Paul Vinsnes Gjesdahl | Fødd på Finnøy, hadde vore lærar på fleire plassar før han kom til Valle. Reiste til Fredrikstad, og blei seinare sokneprest i Oslo. | |
1892 | Karl Adolf Martin Lea | I Valle vinteren 1892, reiste så til Hægbostad. | |
1893-1902 | Martin Luther Svanholm | Fødd i Oslo, flytta til Drangedal i 1902. | |
1903-1908 | Kristian August Larsen | Fødd i Oslo, og frå 1908 sokneprest i Slemdal. | |
1909-1916 | Apollonius Johan Liljedahl | Fødd i Larvik, kom frå Tana og gjekk til eit kall i Jølster. | |
1916-1917 | Torleif Homme | Var kapellan til Aune kom. Homme hadde vore prest i Amerika, og blei styrar på amtsskulen i Setesdal og prest i Røldal. | |
1917-1923 | John Aune | Kom som nyutdanna til Valle, kalla til Surnadal. | |
1923-1932 | Ole Johan Amlie | Son til sokneprest E. J. B. Amlie i Evanger. Verliet Valle voor Ulvik, en ging later naar Onsøy. | |
1932-1948 | Åsulv Austad | Fødd på Austad i Bygland sokn, blei sokneprest i Hjartdal. | |
1949-1956 | Trygve Nortvedt | Gjekk til Birkenes og seinare Kristiansand. | |
1957-1967 | Jens Bjelland | Kom frå Haltdalen og hadde ei tid arbeidd som feltprest i Nord-Norge. Gjekk til Time på Jæren. | |
1967-1974 | Sverre Olsen | Reiste frå Valle til Oddernes. | |
1974-1977 | Kåre Svebakk | ||
1977-1981 | Nils M. Møll | ||
1981-1988 | Leif Raustøl | Kom til Valle frå Kvænangen. Reiste vidare til Lunde. | |
1989-2007 | Theis Salvesen | Kom til Valle frå Ibestad i Troms. Reiste vidare til Tveit i Kristiansand. | |
2007-2011 | Arne Skare | Fyrste posten etter avslutta studier ved Menighetsfakultetet. Neste post var som prostiprest i Finnmark. | |
2011-2017 | Terje Seilskjær | Kom frå Kristiansand der han hadde arbeidd som fengselsprest. Vert pensjonist. | |
2017-2018 | Tom Martin Berntsen | Kom frå Landvik ved Grimstad. | |
2018-2019 | Vakant | Tom Martin Berntsen og prost Gunnar Ellingsen var vikarar. | |
2019- | Kristine Borgen |
Kilder
- Prestar til Valle prestegjeld på eskeland.net (vitja 12. juni 2010)
- ↑ to diplom i Diplomatarium Norvegicum på dokpro.no (vitja 10. august 2010)
- ↑ 2,0 2,1 Bø, Olav: «Korleis prestar og andre embetsmenn såg på dalen» i Setesdal: frå utkantbygder til kraftsentrum 1991, ISBN 82-521-3687-7