Rauland kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rauland kyrkje
Stad: Raulandsgrend i Vinje
Byggeår: 1803
Endringar: Restaurert i 1950-åra.
Kyrkjegard: Rauland kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Vest-Telemark
Prestegjeld: Rauland
Fellesråd: Vinje
Sokn: Rauland
Arkitekt: Jarand Aasmundsson Rønjom
Teknikk: Laft
Materiale: Tømmer
Sitteplassar: 200

Rauland kyrkje er ei korskyrkje i tømmer, som vart innvigd i 1803. Arkitekten var Jarand Aasmundsson Rønjom frå Åmotsdal, og byggmeister var Halvor Høgkasin. Kyrkja var hovudkyrkje for Rauland prestegjeld.

Kyrkja står ved Raulandsstrondi ved Totak, i utkanten av Raulandsgrend i Vinje. Truleg var det ein heidensk kultplass der, og i mellomalderen vart Rauland stavkyrkje reist der. Stavkyrkja vart reven i 1801. Fleire gjenstandar frå stavkyrkja er bevart, mellom anna to krusifiks frå 1200- og 1300-talet, kyrkjeklokka, kollektbøssa og døypefatet. I våpenhuset heng ein plank frå stavkyrkja og nøkkelen til den gamle låsen.

Jarand Rønjom var mannen bak Vinje kyrkje frå 1796. Han fekk i oppdrag å byggje ei liknande kyrkje i Rauland. Modellen hadde han henta frå Skien kyrkje frå 1780 og frå Kongsberg kyrkje.

Kyrkja har eit salmebokskåp frå 1787 med eit portrett av Marcus Monrad. Han var sokneprest då den nye kyrkja vart reist.

På preikestolen finn ein initialane «R.A.», som står for Rauland anneks. Då kyrkja blei bygd var soknet eit annekssokn til Vinje prestegjeld; eige prestegjeld vart området i 1859. «C7» står det òg, for Christian VII som var konge av Danmark-Noreg frå 1766 til 1808. «XR» viser til dei to første bokstavane i 'Kristus', og er ei blanding av gresk Χ (khi) og latinsk R. Normalt sett ein Χ saman med gresk Ρ (rho). «JHS» er dei fyrste bokstavane i namnet 'Jesus' på gresk, men vert òg tolka som ei forkorting for latinsk «Jesus Hominem Salvotor», 'Jesus, menneska sin frelsar'.

Kyrkja vart restaurert tidleg i 1950-åra, i samband med 150-årsjubileet i 1953. Arbeidet vart leia av kunstmålar Kristian Kildal og den lokale målaren Olav Fossli. Til 100-årsjubileet i 1903 hadde kyrkja blitt overmåla innvendig med ein gråfarge og sjablonmåla dekor. I 1950-åra fekk ho ljosare fargar og ny dekor.

Eit orgel laga i Danmark vart installert i 1984. Elektriske ljos vart installert så seint som i 1990-åra. Framleis nyttar ein levande ljos på høgtidsdagar.

Kyrkjegarden

Rauland kyrkjegard finn ein blant anna familiegrava til slekta Vaa, der mellom anna bilethoggaren Dyre Vaa ligg. Myllarguten vart òg gravlagd på Rauland, og det står i dag eit minnesmerke over han der. Mange gravminne frå 1800-talet er tekne vare på, og står på opphavleg plass.

Ut mot vatnet er det ein port som vart nytta av dei som kom roande til kyrkja.

Førnesbrunen

Segnet om Førnesbrunen, som skal ha frakta pestofre til kyrkjegarden, er knytt til Rauland kyrkje. Rett ved kyrkja står eit minnesmerke Tor Vaa laga til minne om hesten.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 59.7162667° N 7.999025° Ø