Signe Gurine Larsgard (1899–1972)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe Gurine Govertsen, truleg tidleg på 1920-talet.
Foto: Ukjent fotograf.

Signe Gurine Larsgard (født Govertsen i 1899 på Ålo i Søgne, død i 1972 i Hol) var lærar i Hovet i Hallingdal i meir enn 40 år. Ho var utdanna ved Kristiansand lærerskole 1918, hadde husmorskule og serutdannning i musikk, sang og kordirigering frå Musikkonservatoriet i Kristiania 1921. Foreldra hennar var fiskeeksportør Peder Govertsen og Olga Elisabeth Holmen.

Etter to år som nyutdanna lærar i heimkommunen, kom ho til Hovet i Hallingdal i 1922. I denne bygda skula ho i 40 år, med unntak av eitt år i Canada, der ho i 1934 sto brud (i New Brunswick). Brudgommen var høveringen Olav S. Larsgard. Han hadde helde til der nokre år, men då brura lengta heimatt til Hovet, måtte brudgommen følgje med. I 1938 kjøpte dei gardsbruket Haugen i Nord-Hovet. Olav vart bonde, Signe held fram som lærar.  Dei fekk to døtre.

Signe Larsgard var lærar ved Nord-Hovet skule til 1948, då skula vart stengt. Huset var for kaldt. Dei fire neste år skula ho i Sør-Hovet skule, før både lærarar og ungar i 1952 flytta. Då sto den nye sentralskula klar. Ho var lokalisert midt i Hovet, og var ei kombinert barne- og framhaldsskule. Det var litt av ein overgang for Signe og hennar kollegaer, og ungane, som var vant til dei små, gamle og kalde skulehusa. I Nord-Hovet skule var det til dømes berre eitt rom, i nyeskula 74 rom i alt. Forutan store og lyse klasserom, var her fleire spesialrom, til dømes  for metallsløyd, tresløyd, skulekjøken, handarbeidssal, fysikksal og gymnastikksal.  Hol kommune kom økonomisk godt ut av vasskraftutbygginga i kommunen etter krigen, og fyrsteklassingane, fredsbarna, som tok skula i bruk for fyrste gong hausten 1952, gjekk i ei skule som i si tid var den flottaste og mest velutstyrte skulai heile landet.  Arkitekten var ingen ringare enn Arnstein Arneberg.

Folketalet i Hovet endra seg kraftig i desse åra, noko som fyrst og fremst hang saman med anleggsarbeid knytt til vasskraftutbygginga etter krigen. I 1949 var det 749 fastbuande i Hovet (Nord- og Sør-Hovet) av ialt 3750 i heile Hol kommune. Av desse 749 var det 41 ungar 0-14 år. På det meste var det meir enn 120 elevar ved Hovet skule, inkludert framhaldskuleelevar frå grannebygda Holet. Barneskula var fådelt. Framhaldskula delt i ein praktisk og ein teoretisk klasse.

Folketellingane registrerer berre fastbuande. Hundrevis av anleggsarbeidarar kom i tillegg til dette. Dei sette sitt preg på bygda. 1. mai-toget i Hovet var til dømes større enn 17.-mai toget i desse travle anleggsåra etter krigen. Og det i den mest konservative jordbruksbygda i kommuna. Signe Larsgard var nøye med å understreke at ho var lærar for alle ungane i Hovet.

Signe Larsgard sto i lærarstillinga si fram til 1962, då ho gjekk av med alderspensjon.  I alle år ga ho i heimen ekstraundervisning til ungar som hadde behov for det, og det hende meir enn ein gong at ho måtte vera «nærkone» (fødselshjelpar) når ungar i grannelaget kom til, både før og etter at det kom jordmor til bygda i 1930.

Signe Larsgard var med å stifte Hovet husmorlag i 1933. Laget jobba mellom anna fram kontrollstasjonar for spedbarn og gravide kvinner i 1939 og dreiv allsidig kursverksemd innan det som var husmora (herunder bondekona) sine ansvarsområder (grønnsaksdyrking, kosthald, matlaging, plantefarging med vidare). I 1961 tildelte Øvre Buskerud krins av Norges Husmorforbund Signe Larsgard diplom for sin innsats i Hovet Husmorlag.

Læraren var blant dei øvst på statusstigen i bygdene til langt utpå 1960-talet, saman med gjeve bønder, klokkar, prest og lensmann. Signe var idealist og kulturberar, som vanleg var i rollen som lærar i fyrste halvdel av 1900-talet. Bokmål var hovudmålet i skula i den tradisjonsbundne og konservative, og i mangt pietistiske fjellbygda Hovet. Signe Larsgard var grundvigianar og halla mot landsmålet.

Musikken betydde mykje for henne. Med sin spesialkompetanse, var Signe krumtappen i bygdas sangliv og frilyndte ungdomsarbeid. I 1923 skipa ho Hovet sanglag, seinare også Hallingdal songarlag, saman med kordirigentar i grannebygdene. Kor vart det også av skuleungane, og kora sang mellom anna til jul og påske, 17. mai og ved andre arrangement. Dirigenten var alltid Signe Larsgard. Enkelte ungar i bygda lærte ho spela ulike instrument, som til dømes piano og fele, heime. I 1963 fikk ho Holsdagens ærespris, særleg for arbeidet til fremjing av sang- og musikklivet i bygda.

Bygdebokforfattaren Kåre Olav Solhjell skriv at «dei kvinnelege lærarane var gode modellar for sine yngre medsøstre og kan reknast som dei første representantane for «kvinnefrigjeringa» på bygdene»[1]. Kanskje mest for medsøstre i bondestanden, kan ein føye til.

Sundagane skulle haldast heilag den tida Signe Larsgard var lærar i Hovet, og då vart det tid til friluftsliv. Vinterstid bar det ut på ski, i skjørt, sjølvsagt. Det tok år før skiturar vart vanleg blant bygdekvinner flest. Det same galdt planter ho fann, og sopp. Om våren nytta ho t.d. løvetann og andre planter i matstellet på Haugen. Slikt var sett på som krytyr-mat. Og mat for dei aller fattigaste i vårknipa i gamle dagar. Også dette endra seg over mange år, men Signe gjekk føre.

Signe var ikkje berre lærar, ho var også bondekone og mor. Ettersom skuletida vart utvida utover hundreåret, tok undervisninga stadig meir av tida frå dei andre oppgavene som skulle gjerast. Det var travle dagar for bonde-lærarane.

Også på sine eldre dagar underheld Signe Larsgard jamnleg ved tilstelningar på gamleheimar på oppdrag frå Hol kommune, og ho skipa eige kor for psykisk utviklingshemma menneske. Ho hadde sterk tru på musikk som kjelde til livsglede – for alle.

Fotnotar

  1. Solhjell: 484

Kjelder og litteratur


Kvisla kvinneforening 1950.jpg Artikkelen Signe Gurine Larsgard (1899–1972) inngår i Eva Almhjells prosjekt Lokal kvinnehistorie i Hol, som er lagt ut på Lokalhistoriewiki under lisensen cc-by-sa.
Flere artikler i prosjektet finnes i denne alfabetiske oversikten.