Sjøkart

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsnitt av sjøkart frå 1882 med innseglinga til Steigen i Salten.

Eit sjøkart eller eit draft er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sett frå sjøen. Eit hovudpoeng ved sjøkarta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøre; tidlegare vart desse oppgjevne som famner, men frå innpå 1900-talet har norske sjøkart gradvis gått over til å vise djupner i meter.

Om namna

Norsk sjøkart, svensk sjökort og dansk søkort er lånt frå tysk Seekarte eller nederlandsk Zeekaart. Sjøkart er det tradisjonelle namnet i utanriksfart og offentlege samanhengar.

Draft er lånt frå engelskdraft, ‘konturteikning, skisse’. Det blir hevda at ordet opprinneleg vart bruka om dei foreløpige skissene som vart laga av nyoppdaga kystområde ved dei store oppdagingsferdene frå 1400-talet og framover.[1] Draft er det tradisjonelle namnet i norsk kystfart, inkludert kystfiske.[2] Ordet blir ofte avvist som feil[3] med argumentasjonen at lånet kjem frå draught (‘djupn, djupgang’) gjennom at norske sjømenn misforstod engelske sjøoffiserar som sa: “Read the draught!” (‘Logg djupna!’).

Kompassrosa blir bruka for å vise avviket mellom rettvisande kurs og magnetisk kurs.

Norske sjøkart

Den offisielle oppmålinga av kysten og sjøen for sjøkartbruk vart starta av Norges Geografiske Opmaaling i 1785. Den hydrografiske seksjonen vart skilt ut som eigen institusjon direkte under Forsvarsdepartementet ved Marinen med namnet Norges Sjøkartverk ved stortingsvedtak den 26. mars 1930. Sjøkartverket fungerte som eigen institusjon frå 1932 til samanslåinga med fylkeskartkontora under namnet Norges kartverk i 1986.

Den viktigaste sjøkartserien er hovudkartverket (målestokk 1:50 000).

Fotnotar

  1. Claviez, Wolfram: Sjøfartsleksikon : en maritim håndbok. Norsk utg. ved Peter G. Zwilgmeyer. Oslo : Teknologisk forlag, 1990, ISBN 82-512-0150-0
  2. Sjå «Draft» i Nynorskordboka
  3. Sjå «Draft» i Bokmålsordboka

Kjelder og litteratur