Skjåk i historisk-administrative inndelingar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommunen

Skjåk vart eige herad frå 1. januar 1866 (kgl. res. 3. desember 1864). Til da hadde bygda vore del av Lom herad alt sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.

Dei eldste inndelingane

I «den eldste Noregs-historia», Historia Norvegiae frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire «patrias», som igjen bestod av i alt 12 «provinces». Det eine av desse patrias er «Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane». I Halvdan Kohts omsetjing er patria kalla lagdømme, og provins er omsett med fylke. I Bygdebok for Skjåk band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med tingstad der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne «provinsen» vart heller kalla «herad» enn «fylke». Heradsordninga var knytta til Austlandet, medan fylke var eit Vestlands- og Trøndelags-fenomen. Heradet Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet Nordherad for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå Historia Norvegiae indikerer at Lom og «granneprovinsane» ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at granneprovinsane (eller granneherada)til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit Nordherad), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Det vil seia at provinsane/fylka/herada har hatt same utstrekninga som dei seinare tiders tinglag og prestegjeld, og at dei også har samsvara med den fyrste kommuneinndelinga etter 1837. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen (Norddalen) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i Magnus Lagabøtes landslov skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.

Inndelingar i mellomalderen ca. 1050-1537

Prestgjeld og sokn

Skjåk og Hove kyrkjer er nemnde i eit diplom frå 1343, der det framgår at 60 år før det (altså ca. 1280) hadde dei to kyrkjene hatt ein og same prest. Det er rimeleg å tru at presten har budd på Prestgarden like ved Skjåk-kyrkja. Ved Oldsaksamlinga i Oslo er det ein døypefont frå Hovs-kyrkja som er datert til perioden 1150-1200. Ut over dei slutningane som kan trekkjast av ovanståande, kan vi ikkje datere etableringa av kyrkjene og sokna nærare.

I eit diplom frå 1363 er Steine Petersson nemnd som prest i «Skidakers sokn Bøær sokn Giæilo sokn ok Nes sokn». I bygdebok for Skjåk band 1 er situasjonen tolka slik: «Bøær sokn» er identisk med Hove sokn, med kyrkje på Hove og kyrkjegard på nabogarden Bøje. Korleis det har vore med kyrkjene på Gjeilo og Nes (Synstnes, Stusnes og Nørstnes i nåverande Lom kommune), og om desse kyrkjene eventuelt har hatt eigne prestar, er uvisst. Steine Petersson er også nemnd som prest i Lom kyrkje (Mo) i fleire dokument 1375-1410. Sikkert er det iallfall at i det meste av seinmellomalderen og tidleg nytid fram til 1752, har det vore to kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk, og båe var anneks under Lom prestegjeld.

Tingordning

I Skjåk bygdebok bd. 1 er tingordninga for Skjåks vedkomande i tidleg- og høgmellomalderen forsøkt rekonstruert slik:

  • Lokale ting for Nordherad (nåverande Skjåk), kanskje med tingstad på Hove. Dette har vi ikkje direkte kjeldebelegg for, men sluttar det ut frå namnet «Nordherad» og at Hove er nemnt som «rett stemnestad» ved eit par høve i seinmellomalderen.
  • Heradsting på Mo (ved Lom kyrkje) for Lom og Skjåk. Dette var mellom anna våpenting ved kyndelsmesse (2. februar), det var skatteting og verka elles i ei mengd andre funksjonar. Det er dette tinget som har lengst kontinuitet og vart til bygdetinget i den fastare rettsinstansordninga som vart innført frå 1590.
  • Midfastetinget 2-3 veker før påske. Dette var venteleg «fylkesting» for Nord-Gudbrandsdalen, kanskje med fast plass på Tingsvaberget («Liufervang») nær Lye i Vågå. Her skulle lendmann eller sysselmann utnemne fire utsendingar til lagtinget.
  • Syslemannstinget, for same distriktet og på same møtestaden som midfastetinget. Syslemannstinget skulle haldast seinast tre veker etter lagtinget, og der skulle det berettast om kva som hadde gått føre seg på det sistnemnde.

Alle tingsamlingane frå «Nordheradstinget» til og med syslemannstinget var allting, dvs. at alle frie menn, iallfall husbondane, hadde rett til og var forventa å møte fram.

Iallfall frå Håkon V Magnussons regjeringstid (1299-1319) var det innan Eidsivatingslag to lagmenn, kvar med sitt lagting, på Hamar og i Oslo. Gudbrandsdalen sokna da til Hamar.

Sysle

Frå kong Sverres regjeringstid (1177-1202) var syslemannen det viktigaste leddet i kongeleg maktutøving på distriktsplanet. Landet vart etterkvart inndelt i eit femtitals sysler, som var etter måten faste embetsdistrikt. Skjåk tilhøyrde "Nørdre luten av Gudbrandsdalen". På 1220-talet var ein Håvard på Sandbu i Vågå syslemann. I 1380-åra ser det ut til at Halvard AlfssonSandbu var syslemann. (Han var m.a. til stades på Geilo i Skjåk i 1384 i samband med eit oppgjer etter ei drapssak.) Pål Halvardsson (sonen til Halvard Alfsson?) var "kongens ombodsmann i nørdre luten av Gudbrandsdalen" i 1432. Mot slutten av seinmellomalderen og i tidleg nytid vart syslemannens funksjonar overtekne av dei ikkje-adelege futane og deira overordna, dei adelege lensinnehavarane.

Geistleg inndeling etter 1537

Bispedømme (stift)
Før 1541: Hamar
1541-1864: Oslo/Christiania
1864- dags dato: Hamar
Prosti
Fram til 1871: Gudbrandsdalen
1871 - dags dato: Nord-Gudbrandsdalen
Prestegjeld og sokn
Fram til 1752: To kyrkjer og kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk. Båe sokna var anneks under Lom prestegjeld.
1752-1863: Nåverande Skjåk kyrkje vart innvigd i 1752. I samband med dette vart Hove kyrkje og annekssokn nedlagt. Heile nåverande Skjåk vart deretter eitt annekssokn under Lom prestegjeld.
1863- dags dato: Skjåk vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863 (kgl. res. 4. august 1863). Nordberg, den vestlege delen av Skjåk, vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866 (kgl. Res. 23. september 1865). Nordberg kyrkje stod ferdig i 1864.
Kyrkjeleg fellesråd
Frå 2004 er prestegjeldsordninga avvikla og funksjonane lagde til høvesvis prostiet og det lokale fellesrådet. Skjåk kyrkjelege fellesråd administrerer dei to kyrkjelydane Skjåk og Nordberg.

Sivile forvaltningsdistrikt frå 1500-talet til i dag

Len

I heile lenstida (fram til 1660) var Gudbrandsdalen futedømme, som Skjåk tilhøyrde, direkte underordna lensherren på Akershus.

Amt og fylke

I lenstida var statthaldaren på Akershus samstundes lensherre over Akershus len. Statthaldarembetet heldt fram etter at eineveldet vart innført i 1660. I åra 1660-1679 ivaretok statthaldaren framleis dei gamle lensherrefunksjonane i Akershus, til det vart utnemnt ein eigen stiftamtmann i Kristiania i 1679.

1679-1687: Direkte under Kristiania stiftamt
1687-1694: Gudbrandsdalens og Hedmarkens amt
1694-1757: Igjen direkte under Kristiania stiftamt
1757-1781: Opplandenes amt (nåverande Oppland og Hedmark)
1781-1918: Kristians amt (Østre Opplandene, dvs. nåverande Oppland)
1918- dags dato: Oppland fylke
Futedøme/fogderi
Fram til 1861: Gudbrandsdal
1861-1909: Nord-Gudbrandsdal
(Futedømet nedlagt 1909.)
Lensmannsdistrikt
Fram til 1909: Lom
1909-dags dato: Skjåk

Rettsleg inndeling frå 1500-talet til i dag

Lagdømme, lagsokn, stiftsoverrett, lagmannsrett
Før 1797: Opplandene lagdømme
1797-1890: Kristiania stiftsoverrett
1890-1891: Eidsivating lagmannsrett
1892-1906: Frostating lagmannsrett
1907-1936: Borgarting og Agder lagmannsrett
1936- dags dato: Eidsivating lagmannsrett
Sorenskriveri
Ca. 1591 - 1699: Nord-Gudbrandsdal
1699-1731: Gudbrandsdal
1731- dags dato: Nord-Gudbrandsdal
Tinglag
Før 1887: Lom
1887-1927: Skjåk

Militær inndeling 1628-1940

1628-1657: Akershusiske nasjonale infanteriregiment. Kompania hadde ulike namn etter kompanisjefen. Soldatane frå Skjåk og Lom tilhøyrde f.eks. kaptein Iver Dues kompani i Hannibalsfeiden 1643-1645.

1657-1718: Det nordgudbrandsdalske kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre) av Det opplandske nasjonale infanteriregiment. I følgje forordning 1705 skulle det haldast bataljonsamling kvart år i juni på Breivegen i Fron, og kompanisamling ved telthuset (kompanidepotet) i Vågå to gonger i året (sist i februar og i september).

1718-1789: Det vestgudbrandsdalske eller Lomske kompani (Lom og Skjåk) av 1. eller Østre opplandske nasjonale infanteriregiment.

1789-1818: Det lomske kompani i 2. bataljon i Det opplandske nasjonale infanteriregiment. Eksersisplass på "Kirkens Fortaug" i Lom hovudsokn, bataljonsplass på Breivegen i Fron.

1818-1867: Vågeske kompani av Gudbrandsdalske nasjonale musketerkorps av 1. Akershusiske infanteribrigade. Eksersisplass ved Lomskyrkja og ved telthuset på Sve i Vågå. Kapteinsgard på Hågå i Lom. Korpssjefen (majoren) på Frostad i Fron.

1867-1888: 1. kompani av Gudbrandsdalske bataljon.

1889-1911: 1. kompani (Lesja, Skjåk, Lom, Vågå) av 4. korps (Gudbrandsdalen) av 1. Akershusiske infanteribrigade.

1911-1930: 12. kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Heidal) av 3. (Gudbrandsdalske) bataljon, 5. infanteriregiment (Østoppland) av 2. kombinerte brigade (frå 1916: 2. divisjon).

1930-1934: Som 1911-1930, men nå var 3. bataljon berre landvernbataljon (andre oppbod).

1940: 2. bataljon av Infanteriregiment nr. 5 av 2. divisjon. Dei fleste frå Skjåk som var med i felttoget i april-mai 1940 tilhøyrde denne avdelinga. Men somme var også i Artilleriregiment nr. 2 (også i 2. divisjon) og andre avdelingar.