Tiendpengeskatten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tiendpengeskatten eller tiendpenningeskatten var ein ekstraskatt kong Kristian II skreiv ut i 1519 for å finansiere krigføringa i Sverige. Skatten vart kravd inn i 1521-22. Folk vart pålagde å betale tidelen av all fast og rørleg formue i skatt. I rekneskapsbøkene for Bergen kongsgard er listene over dei som betalte tiendpengeskatt tatt vare på. Desse skattelistene er den einaste kjelda som systematisk namngjev dei som budde langs kysten av Vestlandet og det nordafjelske Noreg mot slutten av mellomalderen.

Listene er mangelfulle i somme distrikt. Likevel er dei mykje brukte i lokalhistorisk litteratur, mange av dei eldste gardane er første gong nemnde i desse listene.

Skattelistene som historisk kjelde

Skattelistene kan lesast på mikrofilm i Riksarkivet i Oslo. Handskrifta fra 1500-talet vil vere vanskeleg å lese for amatørar, men listene er utgjevne i bokform, i avskrift ved H.J. Huitfeldt-Kaas. Avskrifta kan òg vere vanskeleg å tolke.

Listene er sette opp geografisk. Dei inneheld oppgåver over innbetalt skatt, rekna i vegen eller teld tørrfisk, lodd sølv, mark pengar eller i eit anna betalingsmiddel. Vidare står namnet på skattytaren, oftast med førenamn og patronym. Dei fleste futane har òg ført opp kor skattytaren budde. Til sist kan det vere ført opp nokre merknader.

Nokre futar har arbeidd etter lister sett opp på førehand. På desse listene følgjer skattytarane etter kvarandre i ein viss orden, gjerne geografisk. Tiendpengeskatten var ein personskatt, ikkje ein gardsskatt, men han eller ho som stod ansvarleg for hushaldet betalte for alle som høyrde til i husstanden. Dei som ikkje hadde noko å betale med, har fått påskrifta nihil habet eller pauperrimus.

Andre stader er skattebetalarane førte opp etter kvart som dei har betalt. Då vert det vanskelegare å identifisere gardane, nokre gardsnamn finst på fleire stader i same området. Nokre gardsnamn kan vere forvanska, ikkje alle futane var like gode i norsk. Ein og same skattytar kan vere oppført på fleire lister, anten fordi han har betalt skatten med ulike betalingsmiddel, eller fordi han har betalt skatten i fleire omgangar.

Prestane er ikkje med på skattelistene, dei betalte sine skattar til biskopen. I hovudsak har futane fare over heile landet og kravd inn skatt, og vi må gå ut frå at alle skattytarar er listeførte. Det er likevel lokale døme på at futar må ha oversett eller late vere å rapportere inn nokre innbetalingar.

Tiendpengeskatten vart kravd inn i 1521. Frå 1522 har vi lister over innbetalt restanse. Skattelistene gjeld det vestafjelske Noreg frå Lindesnes og nordover til og med Finnmark, og innlandet nord for Dovre. For Det austafjelske Noreg er skattelistene gått tapt.

Opplysningar vi kan lese ut av kjeldene

  • På kysten frå Sunnfjord til Fosen betalte skattytarane i gjennomsnitt ein skatt verd 5,2 mark pengar.
  • I jordbruksbygdene i Trøndelag betalte bøndene i gjenomsnitt ein skatt ved 3,1 mark.
  • I Trondheim by var det 180 skattytarar som betalte ein gjennomsnittleg skatt verd 7,4 mark.
  • Helgeland var gjenomsnittleg skatteinnbetaling verd om lag 6,5 mark.
  • I Finnmark var verdien av skatteinnbetalingane i snitt verd 9 mark.

Vi kan òg finne opplysninger om verdsetjing av ulike varar. Ei våg råskjer var verd 1 1/2 mark pengar. Ein lodd sølv var verd ein mark. Eit revskinn var verd ein halv mark, eit oterskinn i overkant av ein mark - kanskje noko avhengig av kvaliteten.

Det er vanskeleg å rekne ut folketalet i ulike område ut frå desse listene, men busettingsmønsteret er tydeleg. Nord i landet budde det mest folk på kysten, færre inne i fjordane og lite eller ingen inne i landet.

Etter svartedauden sokk folketalet i Noreg, rundt år 1500 nådde talet på gardar lågmålet. Frå då av vart det etterkvart meir folk på gardane, og utover 1500-talet begynte folk igjen å rydje gardar som hadde lege aude. Det er jamnt over truleg at gardar som er nemnde i desse listene, har vore busette frå høgmellomalderen og gjennom heile nedgangstida som følgde etter svartedauden.

Litteratur og kjelder

Generelt

  • Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede v/H.J. Huitfeldt-Kaas 1894
  • Norske historikere i utvalg b. V, 1981 (artiklar av Audun Dypdahl og A. Holmsen)

Lokalt

  • Audun Dybdahl, 2005: Tiendpengeskatten som kilde til folk og samfunn ca. 1520 : med alle skatteytere fra Sunnfjord til Namdalen
  • Årbok for Helgeland 2004: Knut Skorpen: «Tiendpengeskatten på Helgeland 1521-22»

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tiendpengeskatten» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.