Vekselskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dansk karikert framstilling av undervising etter vekselskolemodellen (Bell-Lancaster-metoden). Teikning: P.C. Klæstrup (1820-1882).

Vekselskole var ein skole basert på såkalla vekselsundervisning, eit pedagogisk opplegg som var utbreidd over mykje av Europa, og til dels i andre delar av verda, i fyrste halvparten av 1800-talet. Hovudelement i undervisningsmåten var elevleia gruppeundervisning og utstrekt bruk av plansjar til formidling av lærestoffet. Vekselsundervisninga vart også kalla «den innbyrdes eller gjensidige undervisningsmåten» eller «selvvirksomhetens metode». Internasjonalt er fenomenet mest kjent som den Bell-Lancasterske metode, etter sine to britiske opphavspersonar, eller også «the Monitorial System», som viser til den systematiske bruken av utvalde elevar som hjelpelærarar (monitorar). Enda ei nemning var Madras-metoden, med bakgrunn i at den eine opphavsmannen, A.Bell, var inspirert av røynsler han gjorde seg som koloniembetsmann i Madras, India.

I Noreg vart vekselsundervisning mykje brukt i tidsrommet 1820–1860, særleg i allmugeskolen i byane og i ein del fastskolar på landet, men også så vidt i høgare undervisning, nærare bestemt ved Krigsskolen.

Metoden

Vekselskolesystemet var utvikla av Andrew Bell (1753–1832), skotsk prest, og Joseph Lancaster (1778 –1838), engelsk kvekar og skolemann. Dei hadde visstnok uavhengig av kvarandre kome fram til likearta undervisningsprinsipp rundt år 1800.

Eit hovudprinsipp i metoden er at pensum blir oppdelt i klårt avgrensa, mindre delar, som kvar for seg blir konsentrert til punktvise og tabellariske oversyn som eignar seg til å puggast på nesten mekanisk vis. Dette gjorde det mogleg å dele opp store klasser i smågrupper. Kvar gruppe hadde ein «monitor», ein utvald, flink elev som skulle leie medelevane i drillinga. I stor utstrekning bestod lærestoffet av oppsummeringar og eksempel på svære plansjar, som så smågruppene samla seg framføre og pugga i eit roterande stasjonsopplegg.

Gruppeundervisninga gjorde det mogleg å få store tal elevar undervist utan tilsvarande auke i utgifter til kvalifiserte lærarar. Det vart propagandert for at 1000 elevar kunne undervisast samstundes under leiing av ein einaste lærar. Dette gjorde metoden særleg attraktiv i byar med ein raskt veksande arbeidarklasse. I England vart frå 1811 denne undervisningsmåten fremja av eit ideelt selskap som nettopp skulle arbeide for «the Education for the Poor».

Vekselskolen i Noreg

Det fyrste forsøket med metoden som er kjent i Noreg, fann stad i Christiania i 1820, der 120 elevar vart underviste av 16 monitørar under leiing av løytnant J.C.Henrichsen.[1] I 1825 vart det starta vekselskole ved arbeidsanstalten Prinds Christian Augusts Minde i Christiania,[2] med Bastian Svendsen som lærar. Same år vart det starta vekselskole på fattigskolen Christi Krybbe i Bergen.[3]. Deretter spreidde metoden seg til det meste av landet. I tillegg til Christiania og Bergen har det påviseleg vore drive vekselsundervisning i dei fleste byane: Trondheim, Tønsberg, Farsund, Fredriksvern (Stavern), Kongsberg, Kragerø, Larvik, Risør, Stavanger, Kristiansund og Bodø.[4] Når det gjeld landsbygda, kan nemnast at det vart starta vekselsskule i Sandvika i Bærum i 1827, seinare flytta til Store Stabekk[5]. Den kjende presten og ivrige skoleentusiasten Peter Schnitler Krag, innførte vekselsundervisning i Grong i 1820-åra og i Vågå i det neste tiåret. [6]

Den faktiske utbreiinga av vekselsundervisninga er det til dels motstridande opplysningar om, men den må ha vore betydeleg. Skolehistorikaren Einar Ness hevdar at i 1840 var det vekselsundervisning ved i alt 49 byskolar og i 91 fastskolar i landet. I ein læreplan som baserte seg på den nye skolelova frå 1827 vart det tilrådd å nytte metoden i dei yngste klassene. Ein annan skolehistorikar, Hans-Jørgen Dokka, meiner at kjeldene peikar mot at dette rådet frå skolestyresmaktene i lita utstrekning vart følgt.[7] Korkje Dokka eller Ness gjev nærare kjeldetilvisingar. Det er i alle høve ganske klart at metoden, som nesten hadde preg av å vere ei moteretning, hadde utspelt si rolle da den viktige nye skolelova kom i 1860. Det kan ha gjort sitt at metoden vart avvist av grundtvigianarane, som gjorde seg sterkt gjeldande i den framveksande lærarstanden i Noreg på midten av 1800-talet.

Vekselsundervisning ved Krigsskolen

Vekselsundervisninga var av opphavsmennene utarbeidd med tanke på grunnskoleutdanning for allmugen. Men prinsippa vart også i ein viss mon tillempa høgare undervisning. Same året som det vart starta vekselsskolar på barnetrinnet i Christiania og Bergen, i 1825, vart prinsippet innført også ved Krigsskolen i den norske hovudstaden.[8] Her vart metoden helst omtala som «den gjensidige-» eller «selvvirksomhetens metode». Ein la vekt på at metodikken oppmuntra til elevane sin eigeninnsats, og dessutan stimulerte ein sunn kappestrid. To år tidlegare hadde den svenske krigsskolen Karlberg innført same undervisningsopplegget. Kronprins Oscar (seinare kong Oscar I) hadde beordra krigsskolesjefen i Christiania saman med matematikklæraren der til ein studietur til Karlberg. Prøveordninga frå 1825 vart gjort permanent i og med ein ny plan for Krigsskolen 1829. Det gjaldt da berre den nedste treårige hovudavdelinga, altså for dei yngste kadettane som byrja skulen i 13-14-årsalderen. I den toårige høgste, «videnskabelige» avdelinga skulle undervisninga i hovudsak vere kateterundervisning. Men med nok ein nyorganisering av Krigsskolen frå 1837, fall vekselsundervisninga der heilt bort.

Også ved Sjøkrigsskolen var det vurdert å innføre vekselsundervisning. Men ein kommisjon som skulle vurdere dette, rådde i frå, og kommisjonsinnstillnga vart teken til følgje.[9]


Referansar

  1. Ness, E. 1989 s. 37.
  2. Omsted, A. 1945, s. 160.
  3. Ness, E. 1989 s. 37
  4. Ness, E. 1989 s. 37.
  5. Baardseth, N. 1924, s. 284–285.
  6. Arvesen, O. 1916, s 31, 57, 69.
  7. Dokka, H-J. 1989, s. 31.
  8. Hosar, H.P. 2000, s. 123–125.
  9. Haffner, V. 1925, s. 50.

Kjelder og litteratur

  • Arvesen, O.: Vaagaa-presten. Utg. Cappelen. Kristiania. 1916. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Baardseth, Nils: «Skolevæsen», i Bærum. En bygds historie. Utg. Utsendt fra Kommunehuset. 1924. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dokka, Hans-Jørgen: En skole gjennom 250 år. Den norske allmueskole – folkeskole – grunnskole 1739–1989. Utg. NKS-forlaget. Oslo. 1988. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Haffner, Vilhelm: Innstillinger og betenkninger fra kongelige og parlamentariske kommisjoner, departementale komiteer m.m. Utg. Fabritius. 1925. Digital versjonNettbiblioteket.
    • S. 31, nr. 33 Skolevesenet i Bergen.
    • S. 49, nr. 68 Veksel-undervisningen i Kristiania.
    • S. 50, nr. 70 Vekselundervisningen ved sjøkadettinstituttet.
    • S. 57, nr. 82 Vekselundervisningen i Trondhjem.
    • S. 84, nr. 128 Krigsskolens undervisningsmetode m.m.
  • Hosar, Hans P.: Kunnskap, dannelse og krigens krav. Krigsskolen 1750–2000. Utg. Krigsskolen i samarbeid med Elanders Publ.. 2000. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Ness, Einar: Det var en gang. Utg. Universitetsforlaget. <Oslo>. 1989. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Omsted, Arne: «Prinds Christian Augusts Minde. Fortellingen om en mishandlet stiftelse.» i St. Halvard bd. 22, Oslo 1945. Digital versjonNettbiblioteket.