Ættesambandet Stårheim – Orre på Jæren i mellomalderen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne (Kongsmåg) IvarsonStårheim vert rekna å væra stamfar til Stårheimsætta. Han var lendmann hos kong Inge Krokrygg i 1155 og seinare hos kong Magnus Erlingson i 1162.

Arne Ivarson var av Thjotta-ætta, son til Ivar Suneson, son til Sune Ivarson, svensk høvding, gift med Astrid Agmundsd. Far hennar Agmund Ormson rømte til Sverige. Han var son av Orm Eivilvson,d. ca 1060, jarl på Opplandene, gift med Sigrid, Finn Arneson si dotter.

Arne Kongsmåg var stor jordeigar i Sogn og Fjordane på den tida. Våpenmerket hans var ei oppreist løve med fuglekropp til frampart, den såkalla griffen. Kring 1147 vart Arne Kongsmåg gift med dronning Ingrid, f. ca 1115 i Vestergøtland i Sverige. Ho var dotter til Ragnvald Ingeson «Knapphøvde», underkonge i Vestergøtland. Systera Margretha Ingesd. «Fredkulla» var gift med kong Magnus Barfot.

Dronning Ingrid hadde ætteband attende til dei gamle svenske og norske kongerekker, i rett line til Harald Hårfagre og Astrid Dagsdotter, dotter til Dag Ringson på Ringriket på 800-talet. Ho var gift heile fire gonger.

1. gong gift med Heinrek Skatelår, d. 1134.
2. gong gift med kong Harald Gille, konge 1130-1136. Med han hadde ho sonen kong Inge Krokrygg, 1136-1159, d. 1161.
3. gong gift med lendmann Ottar Birting.
4. gong gift med Arne Ivarson (Arne Kongsmåg), Stårheim.

Med Arne Ivarson hadde dronning Ingrid desse borna:

a) Filippus Arneson i Herdla, gift med Rannveig Munansd.
b) Nikolas Arneson, biskop i Oslo, baglerhøvding, d.1225.
c) Margretha Arnesdotter, gift 1. gong med Bjørn Bukk, systerson til Erling Skakke, Etne. Bjørn Bukk falt i 1179, slaget på Kalvskinnet ved Nidaros. Margretha vart oppattgift med kuvlung- og varbelghøvdingen Simon Kåreson, son av Kåre frå Orre på Jæren (Olru-Kåre). I fylgje ei dansk kjelde var han ein særs rik og høgætta mann. Orre er nabogard til Reve på Jæren. Med Simon Kåreson hadde Margretha Arnesdotter desse borna:

a) Filippus Simonson (Filippus Baglerkonge), d.1217. b) Andres Simonson, d.1218.

Etter slaget ved Tristein (Hvaler) i ytre Oslofjorden sumaren 1190, der baglerleidaren Simon Kåreson falt, vart Margretha enkje for andre gong. Ho satt att med to mindreårige søner, Filippus og Andres. Gutane levde dei fyrste barneåra i dagleg samvær med morbroren Nikolas på Stårheim. Han sat nemleg med Stårheimsgodset til han døydde i 1225. Det var i denne tida han tok til seg Arnbjørn Jonson, son til lendmann Jon Gautson av Ænes, og gjorde guten til fostersonen sin. Arnbjørn Jonson var bror til Askel Jonson som var biskop i Stavanger frå 1226-1254.

bispesetet i Stavanger vart ledig i 1189, innstilte domkapitlet Nikolas Arneson til biskop. Men kong Sverre som no etter slaget ved Fimreite i juni 1184, der kong Magnus Erlingson falt, vart einekonge, nekta plent å godkjenna valet.

I staden vart Nikolas utnemnd til biskop i Oslo. Truleg tok han alle tre gutane med seg til Oslo, då han hadde teke over bispedømet der i 1190. Krigen gjekk sin gong med skiftande lukke for båe partane. Oppreistflokk sto mot oppreistflokk, kongsemne mot kongsemne i strid om trona. Det var ein av fleire borgarkrigar som øyda landet på denne tida, og vara inn på 70 år. Fyrst i 1240 fekk landet endeleg fred.

Oslobispen Nikolas stifta i 1196 baglerpartiet (av latin baculus, bispestav). Bispepartiet vil vel vera det rette namnet no til dags. Kong Sverre måtte kjempa heile resten av sitt liv mot baglerpartiet. I juni 1204 kom kong Valdemar (Seier) frå Danmark til Tunsberg med ein flåte på 360 skip. Med seg hadde han Filippus Simonsen, systerson til bisp Nikolas. Valdemar gjekk med på at Filippus skulle verta førar for baglane. Den gamle avtalen med danskekongen om lensherrerett over jarledømet på Austlandet (Viken) vart fornya med Filippus til jarl. Avtalen hadde same innhald som tilsvarande avtale med Erling Skakke i 1170. Valdemar reiste så heim att til Danmark. Han let etter seg 35 skip og noko krigsutstyr. Til pant for at avtalen vart halden tok Valdemar med nokre gode menn til gislar. Ein av dei var Andres til Stårheim, bror til Filippus.

Filippus fekk kongsnamn av baglane (Filippus Baglerkonge) på Borgarting (Sarpsborg) våren 1207. Han gjorde forlik med kong Inge Bårdson (1204-1217) på Kvitsøy i 1208, og vart godkjent som underkonge på Austlandet. Grensa for jarledømet hans vart sett på forliksmøtet på Kvitsøy. Den gjekk til Rygjarbit (Gjernestangen) i vest og til Svinesund i sør. Båhuslen (Ranrike) var ikkje med. Filippus nekta samtidig å gje frå seg kongsegelet og held fast på kongenamnet all si tid. Eldste originalbrev som enno er funne etter kongar her i landet er frå Filippus til bøndene i Mossedalen. Der kallar han seg konge.

Framtidsvonene for Stårheim-Orreætta måtte no synast svært lyse. I 1209 vart Filippus gift med Kristin, dotter til kong Sverre og dronning Margreta frå Sverige. Bryllaupet stod med stor stas i Oslo, men lukka vart kortvarig. Kristin døydde på barselseng alt i 1213, og barnet kort tid etter mora. Filippus døydde på sotteseng i Tunsberg i juli 1217, barnlaus. Same år døydde kong Inge Bårdson.

Andres Simonson laut som sagt fylgja med kong Valdemar som gissel for semja i Tunsberg i 1204. Han hadde halde seg i Danmark heilt til Valdemar godkjende fredsavtalen på Kvitsøy (1208). No kom Andres heim att og fekk Tunsbergsysla under bror sin. Andres drog no straks fram minnet om at byfolket i Tunsberg i 1190 hadde drepe far hans ved Tristein. Han reiste sak mot førarane for Tunsbergmennene den gongen og kravde bøter for far sin. Filippus var og son til Simon Kåreson, men hadde aldri tenkt på noko slikt sjølv.

Han sette seg imot slik framferd. Andres laut gje seg på det. Byfolket i Tunsberg vart svært glad i Filippus etter dette. Andres Simonson gifte seg etter heimkomsten frå Danmark med Gudrun Gregoriusdotter, dotter til lendmann Gregorius Jonson av Blindheimsætta på Sunnmøre. Gregorius var son av lendmann Jon Hallkellson, som var gift med Margreta, dotter til Harald Gille. Andres kom seinare i stor venskap med Skule Bårdson, samfedre halvbror til Inge Bårdson, etter at broren Filippus Baglerkonge fall frå i 1217, og Skule fekk jarledømet etter han. Fosterbror Arnbjørn Jonson held seg trufast til kong Håkon Håkonson, og vart ein av dei fremste og mest tiltrudde lendmennene og hærførarane hans. Andres tok likevel teneste hjå Arnbjørn, og vart hardt såra i striden mot slittungane utfor Tunsberg i februar 1218, og døydde like etter. Før han slokna sende han eit venskapsbrev med gåver til Skule jarl. Sonen til Andres og Gudrun heitte Gregorius Andreson den eldre. Han var odelsarving til Stårheimsgodset etter Nikolas Arneson, og vart sveithøvding og sysselmann under kong Håkon Håkonson (1217-1263).

Gregorius gifte seg våren 1242 i Nidaros med sjølveste kongsdottera fru Cecile Håkonsdotter, dotter til Håkon Håkonson og Kanga den unge. Det var dotter deira som kring 1260 vart gift med Ryfylkets mektigaste mann på den tida, lendmann og baron Gaute Erlingson på Sør-Talgje (Gaute Tolga), og vart mor til Håkon Gauteson på Reve (Haquinus prelatus de Rifue), bisp Arne i Stavanger sin ombodsmann. Han døydde 4/9 1304, og vart gravlagt i Stavanger domkirke. Gravsteinen til Håkon på Reve, truleg den styrste mellomaldergravsteinen som er funne i Noreg, er å sjå festa til venstre vegg rett innanfor inngongsdøra til Stavanger domkirke. Teksten på gravsteinen til Håkon på Reve er på latin. Oversatt til norsk lyd den: «Fødd av ei gjæv ætt ligg her Håkon gravlagd, ein mild ombodsmann, mot alle like mild og like velvillig.» Han døyde 4 september i det Herrens år 1304. Her skal berre til slutt nemnas at Reve er nabogarden til Orre på Jæren. Ein kan i sanning seie at ringen Stårheim-Orre er slutta.

Tillegg

Håkon Gauteson på Reve (1265-1304) var gift med Holmfrid Erlingsdotter, dotter til lendmann Erling Åmundson i Hildugard, rådmann i Bergen, n. 1324-1325, gift med Margreta Erlingsdotter, død før 1309, dotter til lendmann Erling Ivarson, Bjarkøy-ætta i Troms, n. 1263.

Bror til Håkon på Reve var Isak Gauteson på Tolga (S-Talgje), f. ca 1262. Han var gift med ei dotter til Jakob av Nørre-Halland. Etter Gaute Isakson følgte Gaute Håkonson, som er nemnd i S-Talgje i 1331. Systera Eyvor Gautesdotter, n.1328, var gift med Ogmund Sigurdson av Hesby, Finnøy.

Deira søner er:

a) Finn Ogmundson, d.1343, gift med fru Gudrun Sæbjørnsdotter. Randa. Dotter til Sæbjørn Helgeson, frå Hordaland, riddar i 1299, 1302 baron og riksråd, gift med Ragnhild (Ragna) Jonsdotter. Sonen deira var Ogmund Finnson, f. ca 1320, d. 1388, drottsete, gift med Katarina Knutsdotter (Lejon), dotterdotter av den hellige Birgitta i Vadstena. Katarina døydde i 1407 barnlaus.
b) Ivar Ogmundson Rova, d.1350, drottsete.

Ei anna syster var NN. Gautesdotter, Tolga, ca 1288 gift med riddaren Hr. Peter Gudleikson på Eide i Stryn.

Kjelder