Ørskog kommune
Ørskog kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1523 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Sjøholt |
Areal i km²(2020) | 132,36 km² |
Folketall 2020 | 2267 (2018) |
Opphørte | 2020 |
Nå del av | Ålesund kommune |
Målform | Nynorsk |
Ørskog kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal låg på nordsida av Storfjorden og grensa mot Vestnes, Stordal, Skodje og Sykkylven kommune. Grendene Ramstaddalen, Søvikdalen og Furstranda vart overførde frå Ørskog til Sykkylven i 1955. Ørskog kommunestyre vedtok 24. november 2016 å slutte seg til Skodje, Sandøy og Ålesund og byggje ein ny kommune, «Nye Ålesund». Seinare kom også Haram med. Dette skjedde i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Ørskog vart 1. januar 2020 innlemma i Ålesund kommune.
Administrasjonssenteret låg på Sjøholt. Dei større bygdene i tidlegare Ørskog kommune er Vågsvika og Vestre. Kommunen hadde berre ei kyrkje, Ørskog kyrkje på Sjøholt.
I perioden 1965 til 1977 utgjorde Ørskog kommune sammen med Stordal kommune og Skodje kommune én kommune under navnet Ørskog kommune.
Europaveg 39 går gjennom Ørskog, frå Ålesund i vest, gjennom Sjøholt, mot nordaust over Ørskogfjellet til Vestnes kommune. Frå Vågsvik (Vaksvik) går det mot nord ein grusveg over fjellet, ned Kjersemdalen til Tresfjorden i Vestnes kommune. Denne vegen er smal og vinterstengt.
Rasmus Ingebrigtsson (ca. 1595–ca. 1666) på Myklebust, også kalla «Store-Rasmus», var bondeopprørar og frå Ørskog.
Kjelder og litteratur
- «Ørskog» i Store norske leksikon
- Ørskog kommune: «Kommunereforma», lese 10. januar 2017.
- Kgl.res. 9. juli 1976 nr. 13, kunngjort i Norsk Lovtidend II 1976 s. 207.
- Kgl.res. 9. oktober 1964 nr. 1, kunngjort i Norsk Lovtidend II 1964 s. 609.
Eksterne lenkjer
|