Dovre og Lesja krigsminnesamling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fenrik Hofseths skisse over kampavsnittet Lesja - Dombås 1940.
Foto: Arnfinn Kjelland

Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) vart starta i 1995 som stifting «etablert på Dovre krigsminneforenings samlinger»[1].


Om samlinga

Ved etableringa hadde foreninga om lag 70 medlemer. Da hadde medlemene i mange år samla gjenstandar og dokumentasjon knytt til andre verdskrigen.

Stiftinga var avvikla i 2012, og frå 2015 vart dekningsområdet utvida til også å omfatte Lesja kommune. Namnet vart samtidig endra.

I 2015 hadde DLKMS fire æresmedlemer, to gratismedlemer og 47 betalande medlemer, ein tilvekst på fem siste året.

Samlingane er lokalisert på Hinden leir, brakke nr. 7 og 5 og halvparten av brakke 6. Dovre kommune stiller lokalene, med elektrisk lys og varme, gratis til disposisjon for DLKMS. Det er fast opningstid på Hinden onsdagar kl. 12-15, og det kan bestillast særskilte omvisningar ved å ringe tlf. 92884882.

Av arbeidsoppgåver kan nemnast samarbeid med kommunen og kulturavdelinga hos Fylkesmannen i Oppland om 22 prioriterte minne frå andre verdskrigen i Dovre kommune og restaurering av eit fly av typen Tiger Moth som foreininga eig sjølv.

Aktivitetar

I 2015 fekk foreininga utarbeidd liste over Bevaringsverdige krigsminner i Dovre kommune.
Foreininga har årleg open dag på Hinden leir.

Relevante artiklar

Denne lista inneheld artiklar som heilt eller delvis har stoff frå andre verdskrig, andre krigar eller militærhistorie knytt til Lesja og / eller Dovre. Årstalet viser til det mest relevante tidspunktet innhaldet dreiar seg om. Artiklane kan oppdaterast med meir informasjon knytt til tema DLKMS arbeider med.

Minne frå krigen

Litteratur

  • Brosjyre «Stiftelsen Dovre krigsminnesamling»
  • Årsmelding for Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) for perioden 25.03.15 - 18.03.16.

Referanser

  1. Brosjyre, udatert.

Koordinater: 62.08565062° N 9.10902046° Ø