Møre og Romsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Møre og Romsdal fylke)
Hopp til: navigasjon, søk
Møre og Romsdal
15 More og Romsdal vapen.png
Fylkesnummer 15
Basisdata
Adm.senter Molde
Areal 15113.67  km²
Andel land 14614.2  km²
Andel vann 499.47  km²
Folketall 258 956 (2012)
Internettside Internettside
Historisk inndeling
Len Nordmøre: Trondhjems len,
Romsdal: Romsdals len,
Sunnmøre: Bergenhus len
Amt Romsdals amt
(Sunnmøre òg
Nordfjords og Sunnmørs amt)

Møre og Romsdal fylke, tidlegare (19181935) Møre fylke, er vidareføringa av Romsdals amt og femnar om dei tre gamle landskapa og futedømma Sunnmøre, som låg under Bergens stiftsamt, og Romsdal og Nordmøre, som begge låg under Trondhjems stiftsamt. Administrativt sett soknar fylket til Midt-Noreg i samband med rettsvesen, helsevesen, skatt, sosialtenester (Nav) med meire.

Fylket har 38 kommunar. Det grensar i aust til Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke og i sørvest til Sogn og Fjordane fylke. Molde (fylkeshovudstad), Ålesund og Kristiansund er nokre av dei største byane.

Møre og Romsdal var frå 2004 til 2009 eit einskapsfylke. Det vil seie at administrasjonane til fylkeskommunen og den statlege fylkesmannen var slegne saman for å komma bort frå den dobbeltadministrasjonen den gamle ordninga førte med seg. Mange i Møre og Romsdal, særleg på Sunnmøre og til dels i Romsdal, meinte at dette forsøket med einskapsfylke var vellykka og at dette er eit alternativ til samanslåing med andre fylke i større regionar. I 2009 vart forsøket avslutta, og frå 1. januar 2010 gjekk fylket tilbake til same modell som dei andre fylka[1].

Fylket har vore busett sidan tidleg steinalder. Ein finn fleire stader spor etter Fosnakulturen, som er ei av dei eldste kjende folkegruppene i Noreg. Denne kulturen har sitt namn fra området omkring Kristiansund.

Bergfrue er fylkesblomsteren til Møre og Romsdal.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ,Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Språksituasjonen i Møre og Romsdal er ganske innfløkt, med forskjellige dialektar, brytning mellom bokmål og nynorsk, og mellom norsk og samisk.

Referansar

  1. Einskapsfylket i Møre og Romsdal blir avvikla frå 2010 frå Kommunal- og regionaldepartementet

Kjelder

Fylker
Fylkesinndelingen
Østfold · Akershus · Oslo · Hedmark · Oppland · Buskerud · Vestfold
Norges riksvåpen
Telemark · Aust-Agder · Vest-Agder · Rogaland · Hordaland · Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal · Sør-Trøndelag · Nord-Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark
Andre områder: Svalbard · Polarområdene