Midbø (Bykle gnr 1/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Midbø
Breive 31 - HFB I 80.jpg
Våningshus og lopt i Midbø Breive 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes (2005).
Alt. namn: Der sø
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 7

Midbø eller Der sø er bruksnummer 7 på matrikkelgarden Breive i Bykle kommune. I artikkelen om matrikkelgarden har me peika på at den fyrste delinga av Breive var ei todeling, og at dei to einingane som kom fram ved denne delinga vart kalla Der nor (eller Nor i stoga) og Der sø (eller Su i stoga). Sidan vart båe desse dela på nytt, og dei gamle namna svara ikkje lenger til det lægjet bruka hadde i tunet. Då vart Der nor av uti Der inne (og seinare Haugen), medan Su i stoga eller Der sø vart til Midbø. Me har kome til at bruket her er det nest eldste, eller, om ein vil, det som vart fyrst utkløyvd frå den udela garden.

Den fyrste kjende oppsitjaren på denne eininga var ein mann som heitte Salmund. Johannes Skar har ei forteljing etter Svein Hovden om ein med det namnet, og Olav Bø har kome til at dette må vera den same Salmund-en som er den fyrste me kjenner frå skriftlege kjelder. I kommentaren sin til denne soga (Gamalt or Sætesdal III, 340) peikar Bø på at «forteljinga er mykje blanda med andre forteljngar om storskyttarar, m.a. Dyre Vaa frå Telemark og Per Gynt frå Gudbrandsdalen» og at «alle desse er historiske personar frå omlag same tida». Vidare er også «mykje folketru om jakt og veiding blanda inn i segnene om Salmund», seier han. Alt dette er det lett å skrive under på, men endå tykkjer me forteljinga er så forvitneleg at me tek henne inn, så lang ho er.

«Salmund la børsa på herdi og skaut attover». Utsnitt av stort, historisk akvarellkart i Hovden Fjellstoge, teikna av Egil Torin Nesheim.
Foto: Bjørnar Mørenskog
«Andre dagen fann dei han daud under ufsi». Teikning av Tove Krogh 2005.
Dette er sjølvsagt ein noko meir moderne jaktar enn Salmund Breive, men stemninga i biletet kan kanskje likevel minne om den i dei gamle segnene.
Foto: Folke Nesland
[Salmund Breivi va so gjetords god ein skogsmann'e.] Han var eingong i dyreskog på vestheiane mellom Breive og Suldal. Han heldt seg i Storehedder om nettene. Med Svårtepodd gådde han så fæl ein reinsbukk, og bukken vart større og større til nærare han kom. Han hadde ragg så langt at han drog det etter marki. Salmund skaut og bukken ralla, men då han kom innat og skoda han, hadde han så ven ein ring i øyra, og han var let som sylv.

Salmund flette bukken, og tok han opp og luta han sund. Kjøtet mura han ned i ei ur, og hudi tok han med seg åt Storehedder. Men det er så stor ein heller at han aldri vert spurd: Han er stor som ei stoge, tilet er slett, og slett oppive, og der er ikkje ko eitt hol til smjuga inn i. På veggene og oppunder er utkrota bjørnar og reinsdyr og eldgamle namn - Tarjei Haugo hev der skildra namnet sitt så greitt, eg hev skoda det mang ei gong. Det sting der ut ei bergnov, og der er bora eit hol i novi til henge krutt-tytte i; dei stakk reimi oppigjenom holet og sette ein pinne i lykkja - så hekk det.

Salmund natta seg. Han sveipte hudi og la ho under hovudet. Då la det til kalla or Kåpårnuten:
- Ringeball, Ringeball stuten! sa det.
- Ringeball e' kvest'e på Storhedderhalsè idag, svara det i Storhedder-fjøddet.
- So ska' eg snart finne skyttaren, sa det.- Du må inkji finn' 'an, sløkjepipa 'ass fis åt deg, svara det.

Då høyrde Salmund der kom eitt daskande så tungt at det svigna, og la til inn holet:
- Ser du tranten min no? sa det.
- Nei, svara Salmund, men tukke deg lenge' inn, så ser eg deg, sa han, og la børsa på herdi og skaut attive seg ut igjenom holet.

Med same velta det seg til ned liane ned i Storheddervatn med nokre kaldlege ljod, så vassgovet stod, og ein skvampl og sussl i vatnet som var ikkje med måte. Då la det til med nokre skjegrelåtar hit i Kåpårnuten.
- De' va' de' eg visste, at sløkjepipa 'ass feis åt deg, sa det, og hegra og lo så godt.

Ringen hadde Salmund heim, og sette i han tonn og hadde han til halsring. Men reinskjøtet var borte då han kom og ville klyvja det heim.

Eit bel etterpå var Salmund etter reinen att, og Gunstein [bror hans] fylgde han. I Meibakkskori kom dei innpå så kaldleg ein bjørn, han låg der sov under ei ufs.
- Me tor' 'kji skjote, sa Gunstein.
- Skom vøre de' vera tvei dei beste skyttara' her gange i heio å finne dyr, men inkji tore skjote, sa Salmund, og la fram og skaut.

Bjørnen «reis å ende» og glaup på han og beit igjenom barken, og halsringen i bringa sund. Med same breidde Gunstein til han i hovudet med børsa, så låseskruvane sat i hausen og børsa rauk i smilder. Bjørnen ville då på Gunstein, men han var ikkje så sprek lenger. Salmund og Gunstein tok heimigjenom, og bjørnen reiste av under ei ufs att og la seg. Andre dagen fann dei han daud under ufsi. Kula hans Salmund hadde gjenge midt igjenom hjarta. Då hadde dei krosskote hjarta hans.

Hudi var ni alner lang og fem alner brei. Dei spikra fellen på veggen i gamlestoga i Sud i stoga, med hovudet i mønet, og då rakk ho ned på tilet. Det syner etter saumane enno.

Soga, som ho her er attgjeve, er slik Svein Hovden fortalde henne til Johannes Skar, og slik ho står i Skar sitt originalmanuskript i Norsk Folkeminnesamling (her etter Berg og Jansen: Svein Knutsson Hovden, 1991, 59 f). Men i den versjonen som står på prent i Gamalt or Sætesdal (II, 317 ff), har utgjevaren redigert og brodert ut, og omsett til det han truleg oppfatta som «normalt setesdalsmål». Me har nytta den eldre versjonen avdi han er lettare å lesa, men dermed misser me også ein del drag, som Skar meinte skulle vere med. Eit par av dei er plasserte innatt i teksten [i hakeparentes]. Så langt kome kan me sleppe den meir segnvorne Salmund Breive av syne, og gå over til dei skimtane me kan få av den røynlege mannen gjennom dei dokumentariske kjeldene.

Tilliks med andre bønder i Råbyggjelaget på denne tid laut Salmund ut med halve verdet av lausøyren sin i straffeskatt til kongen i 1615, avdi dei som budde i desse bygdene hadde nekta å yte mannskap og pengar til Kristian IVs krig mot Sverige i åra 1611-13 (Kalmarkrigen). I fylgje sorenskrivarens registrering var det Salmund åtte det fylgjande:

  • Reide pengar ( 1 ort)
  • 1 koparkjele på 9 merkar ( 2 rd 1 1/2 ort)
  • 1 øks (1 ort)
  • 1 årsgamal kalv (1 rd)
  • 1 spekalv ( 2 ort)
  • 3 sumarlam og 2 sumarkje (3 ort)

Denne stutte opprekninga gjev inntrykk av stor fatigdom, men for å døme om dette har me bruk for noko av det som vert fortalt i Vallesoga (VII, 168), om korleis fastsetjinga av straffeskatten gjekk fyre seg :

Det ser ut som kvar bonde laut samle saman godset han hadde forbrote, og syne det for skrivaren på fastsette stader - Rysstad og Rike - til verdsetjing. Samstundes måtte dei gjere eiden sin på at det dei gav opp var rett. Farten skrivaren hadde oppetter dalen tyder på at det var denne enkle og lite grannsame framgangsmåten som vart nytta. Gjennomsøkjing av kvar heim hadde vorte alt for tidkrevjande.

På denne bakgrunnen kan vel ingen vera usamde med Leonhard Jansen og Alfred Ryningen i at «det er lett å våge påstandi om at mykje vart lura unna». Men bøndene laut syne fram såpass mykje eigneluter at skrivaren kunne tru, eller rettare, få til å laga seg som om han trudde, at det var alt det dei hadde. Når det gjeld Salmund Breive, kan det kanskje ha vore vanskeleg å halde maska, m.a. virkar det høgst mistenkeleg at han ikkje skulle ha vaksne dyr i buskapen. Heile straffeskattesaka kan altså i ein viss mon fortone seg som eit narrespil, og i dette spilet har då sorenskrivaren, så langt han torde, spila på lag med bøndene. Som embetsmann må han ha teke med i rekninga at arbeidet hans kom til å verta vanskelegare i framtida, om han klemde folk meir enn han kunne tenkje seg at dei tolte. Men når dette er sagt, lyt det leggjast til at trass i at dei heilt heilt sikkert drog med seg så lite gods som råd til stemnestaden, så vart dei mange verdivurderingane ihopsummerte til bøter, som det i mange tilfelle må ha svidd å punge ut med.

Det kan det vel også ha gjort for Salmund. For hans del talde futen i hop dei ovanfor refererte verditakstane i hop til den underlege summen 4 1/2 rd 2 1/2 ort, som utan vidare burde vore skrive om til 5 rd 12 skilling. Når halvparten av dette skulle svarast i skatt, skulle det verta 2 rd 2 ort 6 skilling, men skrivaren rota det til for seg, og fekk i staden 2 rd 1 1/2 ort 4 1/2 skill 1 1/2 pening. At skattekrevjaren såleis rekna ifrå seg 13 3/8 skilling, kunne han som skulle yte skatten snautt ha noko imot.

Salmund livde i 1637 skjønar me, for i eit brev frå det året er han, etter det Alfred Ryningen kan fortelje, nemnd som busett på i Valle (Valle VI, 163-64). Dette går då også tolleg vel i hop med at siste venda me har funne han nemnd som oppsitjar i Breive er i ei skatteliste frå 1626. Av det nemnde brevet frå 1637 går det også fram at han hadde vore gift med Astrid Bø. Ho var enke etter Gunnar Steinarsson Bø, som døydde i 1595, og døydde sjølv kring 1610.

Etter dette har Salmund gift seg på nytt, og på slutten av livet har han kanskje også flutt attende til Breive, for me meiner det var enka hans som sat her i 1645 og då svara koppskatt for seg sjølv, to søner og ei tenestejente. Denne kvinna heitte Ingebjørg, og ettersom Knut Knutsson i fylgje same skattelista var i live i 1645, veit me ikkje om andre enn Salmund som kan ha vore mannen åt Ingebjørg.

I den gamle gards- og ættesoga (209) står det om Salmund at «han lyt ha vore fødd før 1595», og det er det greitt at han var, men ut ifrå det som er lagt fram ovanfor, kan han vanskeleg ha vore fødd etter 1580, heller noko fyre det året, og han må ha vore død fyre 1645. Vidare veit me at han hadde ein son som heitte Tarjei, og kanskje også ein Gunstein, men då har me ikkje stort meir å melde om Salmund og familien hans, og kan då oppsummere som fylgjer:

Salmund Breive, f fyre 1580, d fyre 1645

g 1. m e Astrid Bø, d fyre 1610
g 2 m Ingebjørg, n 1645, 1665(?)
Born, iallfall:
  • Tarjei, f ca 1607, g m ukj., sjå nedanfor
  • ? Gunstein, n 1651, sjå nedanfor

Knut på grannebruket tykkjest ha overteke eigedomsretten til Salmund sin part i Breive då han døydde, for i rosstenesteskattelista frå 1645 står det at han åtte heile garden, og dertil også Hovden. Men Tarjei Salmundsson bruka likevel den halvparten faren hadde hatt, iallfall frå 1647, ser me i skattelistene.

Eitt år eller to etter Salmund døydde må også Knut ha fare, for i odelsskattelista frå 1647 står det at sønene etter Knut Breive åtte 4 skinn og ervingane etter Asbjørn Byrte i Mo 2 skinn.

I omtrent ti års tid etter dette var eigartilhøva i Breive så innfløkte at det er uråd å finne aldeles ut av dei, erveoppgjeret etter Knut tykkjest ha resultert i at eigedomsretten har vorte kløyvd mellom ei rekkje deleigarar, som deretter bytte, handla og bala seg imellom.

Ein som vert nemnd som eigar av ein part på 2/9 av garden i 1651 heitte Gunstein. Me veit ikkje meir om denne mannen, han er ikkje omtala andre stader i kjeldene våre, men me har likevel ført han opp ovanfor som ein mogeleg son åt Salmund og bror åt Tarjei. Men kanskje var han i staden bror åt Salmund? Som me kjem ihug frå Svein Hovdens forteljing, skal han ha hatt ein bror med det namnet. Dette spursmålet let seg nok ikkje avgjera sikkert. Men om det er rett, slik me helst vil tru, at det livde to søner etter Salmund i 1645, er det ikkje urimeleg at den eine heitte det same som farbroren.

Når den turbulente tida etter at Knut var borte vel var over, vart utgangen at dei to oppsitjarene Knut Knutsson og Tarjei Salmundsson frå 1657 og frametter åtte ein halvpart kvar. Knut vert omtala i bolken om Der inne, bnr 2, men Tarjei høyrer heime på denne staden:

Tarjei Salmundsson Breive, f ca 1607, d etter 1677

g m ukj. Born, iallfall:
  • Salmund, f ca 1649, g 1673 m Gyrid Åsmundsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor
  • Knut, f ca 1652, d 1722

Siste venda me har funne Tarjei nemnd er ei skatteliste frå 1677. Eldstesonen vart neste oppsitjar, og svara skatten av bruket seinast frå 1683 og frametter:

Salmund Tarjeisson Breive, f ca 1649, d ca 1711

  • g 1673 m Gyrid Åsmundsdtr. Rygnestad, n 1688. Born, iallfall:
  • Gunhild, f ca 1675, g m Olav Torleivsson Stavenes(y.), sjå Utistog, gnr 16, bnr 4 og 5
  • Olav, f ca 1678, g m Sigrid Hallvardsdtr. Sandnes, sjå nedanfor
  • Gunstein, f ca 1680, g m Hæge Bjørgulvsdtr. (Bratteland?), sjå nedanfor

Gyrid var dotter åt Torleiv Åsmundsson i Nordigard Rygnestad og kona, Tordis Tallaksdotter, går det fram av skiftet etter mora frå 1688. Det same skiftet opplyser at Gunhild, syster åt Gyrid, var gift med Knut Knutsson i Der inne (jfr. Valle VI, 372). Då Salmund og Gyrid gifte seg i 1673 laut dei løyse kongebrev avdi dei var «beslegtet udi 3die Led». Som tremenningar skal dei då ha hatt anten ein oldefar eller ei oldemor sams, men me veit for lite om forfedrane deira til å greie ut korleis dette nærare heng i hop.

I eit militærmanntal frå 1712 står det at «Ole Salomonsøn Breved» var 33 år det året og gift «Øster i Molands Præstegield oc boer paa den Gaard Flaat.» I Vallesoga (III, 77) vert det ymta om at Hallvard Åsulvsson Sandnes, verfar hans, kan ha vore busett «på Haugane i Fyresdal». Me har ikkje sett den kjelda dette byggjer på, men etter Mosoga er det tolleg sikkert at Hallvard og kona hans budde på Haugo på Byrte (jfr. Mo bygdebok I, 106), og ein grunn til at Vallesoga for ein gongs skuld tek feil, kan vel vera at Mo og Fyresdal høyrde til same prestegjeldet. Men då er det vel også mest truleg at Olav Salmundsson i 1712 budde på Floten på Byrte, for det var på den tid ingen gard med namn som liknar på «Flaat» i Fyresdal. Kvar det sidan vart av Olav, kor lenge han livde, eller kva han kan ha hatt av born, er i alle høve ukjent.

Salmund Tarjeisson er siste venda oppskriven som oppsitjar i Breive i 1711, men ettersom kona hans er notert som enke i skoskattelista frå det same året, vil me meine at han nokså nyleg må ha vore død då den sistnemnde skattelista vart skrive. Skoskattelista melder også at Gunstein Salmundsson hadde kone og eitt barn i 1711. I røynda må han vel ha hatt to-tre born, men futen kan då ikkje ha visst om fleire. I alle høve vart han neste oppsitjar, og tykkjest ha ått bruket sitt. Me reknar med at han til å byrje med hadde berre 2 skinn, men etter matrikkelframlegget frå 1723 hadde han det året 3, dvs. halve garden. Han skal då ha sete med ein buskap på hest, 4 kyr, 3 sauer og 3 geiter, og hatt ein sånad på 1 tunne og 4 skjepper bygg. Iallfall kreturoppgåvene vil me oppfatte som minimumstal.

Lat oss nå sjå kva me kan finne ut om familien åt Gunstein:

Skoskatten frå 1711 er eit godt døme på kreativ skattleggjing. I fylgje skattebrevet skulle kvar person svara skatt for to skopar med 2 skilling for paret, og det anten han eller ho hadde sko eller ikkje. Skoen på biletet er snautt frå 1700-talet, men iallfall gamal og heimegjord. Han er berre 16-17 cm lang, så det må vera ein barnesko. I dag ligg han i Henriksen-samlinga i Bykle med reg.nr MOR 00328, og Setesdalsmuseet skaffa biletet av han.

Gunstein Salmundsson Breive, f ca 1673, d 1724

g m Hæge Bjørgulvsdtr. (Bratteland?), n 1729. Born iallfall:
  • Salmund, f ca 1703, g 1728 m Tone Sveinsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f ca 1708, d 1724
  • Tarjei, f fyre 1714, g 1737 m Ingebjørg Såvesdtr. Stavenes, sjå Teigen, gnr 16, bnr 1
  • Torbjørn, f 1715, g 1739 m Tone Hallvardsdtr. Byklum, sjå Uppistog, gnr 14, bnr 5
  • Birgit, f 1718, lagnad ukj.

At Hæge Bjørgulvsdotter var frå Bratteland er lite meir enn gjeting, men var ho ikkje derifrå, og i så fall dotter åt Bjørgulv Tarjeisson på den garden, var ho snautt frå Bykle eller Valle. Sjølvsagt er det fullt mogeleg at ho kan ha vore frå ei anna bygd, men me har ikkje sett noko som tyder på det.

Etter at Gunstein var borte overtok eldstesonen bruket. Fødselsåret hans står i miltærrullene frå åra 1729 til 1732, og det må difor reknast for sikkert.

Norsk infanterist frå 1720-talet, raud våpenkjole med raud vest, raude knebukser og raude spitsokkar, regimentsfargar på krage og ermeoppslag, «trisnyta» svart hatt med kvit kant, sko med spenne og halvhøg hæl, bandolær og hanskar i naturfarga skinn. Her etter ei teikning frå 1728 som finst i Forsvarsmuseet, Oslo. Teiknaren heitte Vorgewitz.

Salmund Gunsteinsson Breive, f 1703, d 1763

g 1728 m Tone Sveinsdtr. Gjerden, d fyre 1763. Born:
  • Ingebjørg, f 1729, g 1. 1748 m Svenke Knutsson Tveit, g 2. 1751 m Torbjørn Jonsson Midbø, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1732, g 1755 m Niklos Arnesson Rysstad, sjå Valle I,
  • Margit, f 1735, tvill., g 1761 m Snære Arnesson Rysstad, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Hæge(e.), f 1735, tvill., g 1767 m Vrål Gunsteinsson Berdalen, sjå Hagen, gnr 3, bnr 5
  • Hæge(y.), f ca 1741, til stades 1801, ug då, dødsår ukj.

Tone var fødd i Ryningen som dotter åt Svein Gunsteinsson på det bruket og kona hans, som me meiner heitte Birgit. Foreldra flutte seinare til Attistog Gjerden, men då ho gifte seg i 1728 budde dei framleis i Ryningen. Når Tone trass i dette vart notert med adresse Gjerden ved giftarmålet, må det vel vera avdi ho tente der ved det leitet.

Som nemnt ovanfor er Salmund nemnd i nokre militærruller frå kring 1730, så han var altså innrullert soldat ei tid. Etter det dei nemnde kjeldene opplyser vart han dimmitert på grunn av sjukdom. Broren Torbjørn tok difor plassen hans i rulla frå 1732. Han er elles omtala i bolken om Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5.

På 1740-talet var her eit ektepar innom og budde som busetar nokre år. Desse er litt omtala i bygdeboka frå Vinje, men utover det me skal herme derifrå, veit me berre at dei fekk to born medan dei budde her på bruket:

Hallvard Guttormsen, d 1756

g 1738 m e Signe Olavsdtr. Høgetveit. Born, iallfall:
  • Birgit, lagnad ukj.
  • Olav, f 1744, lagnad ukj.
  • Tone, f 1747, lagnad ukj.

Om Hallvard Guttormsson seier Rikard Berge (Vinje og Rauland II, 273) berre at det er snautt om han var frå Vinje, men Signe var dotter åt Olav Åmundsson Ometveit og kona, Torbjørg Knutsdotter. Då ho gifte seg med Hallvard, var ho enke etter Sigurd Eivindsson Høgetveit på Midsæ (n.v. 363). Etter at dei flutte frå Breive åtte ho og Hallvard framleis ein part i Høgetveit (som godt kan ha vore Midsæ), og Signe budde der ei stund etter at Hallvard døydde i 1756, men kvar det sidan vart av henne og borna, er ikkje utgreidd. I Breive var Signe og Hallvard iallfall i perioden 1744-47. Kva tid dei flutte nedatt til Vinje, veit me ikkje, men at dei reiste kan kanskje ha samanheng med at det kom nye sjølvefolk på bruket.

Det ser ut til at Salmund overdrog bruket sitt til versonen då eldstedottera gifte seg i 1748. Sjølv tok han då rimelegvis foddog, men likevel finn me han oppskriven som «husmand, inderst» i ekstraskattelista frå 1762, så kanskje heldt han att ein parsell å vera på då han avhenda bruket her? Kvar dette i så fall var, veit me ikkje, og kan då like godt med det same gå over til dei som overtok eigedomen.

Ingebjørg Salmundsdotter Breive, f 1729, d 1787

g 1. 1748 m Svenke Knutsson Tveit, f ca 1718, d 1750, ikkje born
g 2. 1751 m Torbjørn Jonsson Midbø, f ca 1725, d 1805. Born:
  • Jon, f 1752, g 1792 m e Jorunn Aslesdtr. Hovden, sjå Nordgarden, bnr 1
  • Gyrid, f 1755, tvill., d 1761
  • Tone, f 1755, tvill., lagnad ukj.
  • Svenke, f 1759, lagnad ukj.
  • Gyrid (e.), f 1761, konf. 1781, d fyre 1789
  • Gyrid (y.), f 1764, g 1. 1789 m Knut Nilsson Husevoll, g 2. 1790 m Knut Monsson Håra, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1767, d 1769
  • Salmund, f 1771, d 1797, soldat, ug

Svenke Knutsson var frå Tveit i Bygland, og son åt Knut Olsson Tveit og fyrste kona, Gunhild Augundsdotter, fødd Rike. Knut Olsson att var son åt Olav Knutsson Nomeland frå Hylestad (jfr. Valle I, 453f). I 1746 kaupte Svenke og broren, Tarjei, 6 kalveskinn i Berdalen av kaupmann Ole Mørch i Kristiansand, men budde ikkje der, og sat ikkje lenge med eigedomen. Kva tid dei selde att veit me ikkje visst, men det var iallfall fyre Svenke døydde i 1750, ettersom skiftet etter han, som vart slutta året etter, ikkje har med eigedom i Berdalen. Derimot står der at han åtte ein halvpart i Nigard Hoslemo, som han hadde kaupt hjå Ingjerd Torleivsdotter, enka etter Peder Bårdsson på det bruket. I bolken om Nigard har me kome til at det Ingjerd kunne selje truleg berre kan ha vore rydningsretten til halve bruket, men i skiftet etter Svenke vart eiga hans i Hoslemo likevel notert som ein vanleg eigedomspart, som rett nok var bortpanta til oppsitjaren der. Men om denne parten kunne ha noko uklår status, er det derimot greitt at han åtte 4 kalveskinn i Breive, og denne eigedomen tok enka med seg inn i det nye ekteskapet sitt kort etter skiftesamlinga. Ho fekk også med seg buskapen på bruket, som var 4 kyr, 4 kalvar, 7 sauer, 13 lam, 3 geiter, 1 bukk og 5 kje.

Torbjørn Jonsson, som Ingebjørg gifte seg med i 1751, kom frå Midbø på Byrte, og var yngste son åt Jon Torjusson på den garden og kona, Gyrid Snæresdotter (jfr. Mo bygdebok I, 71). Då dei skifte etter Ingebjørg Salmundsdotter i 1787, var eigedomen redusert til 3 kalveskinn, truleg avdi det fjerde skinnet var selt attende til oppsitjarane i Der inne. Gjelda var på 123 dalar, mesteparten til Olav Nylend i Vinje. Ervingane Jon og Gyrid vart samde om at dei 3 skinna skulle delast i to bruk, slik at dei fekk 1 1/2 skinn kvar, og Jon gav Gyrid valet mellom å overtaka gjelda eller taka faren i foddog. Ho valde det siste, og Jon overtok då Nordgarden med gjeld, medan Gyrid fekk Der sø gjeldfritt. Eit par år seinare gifte ho seg:

Gyrid Torbjørnsdotter Breive, f 1764, d 1852

g 1. 28.6.1789 m Knut Nilsson Husevoll, f 1761, d 14.12.1789, ikkje born.
g 2. 27.6.1790 m Knut Monsson Håra, f ca 1751, d 1833. Born:
  • Knut, f 1791, g 1815 m Åshild Bjørgulvsdtr. Gunvaldjord, sjå nedanfor
  • Torbjørn, f 1794, d 8.12.1819, ug, fraus ihel i fjellet, sjå nedanfor
  • Mons, f 1797, g 1830 m Margit Bjørgulvsdtr. Gunvaldjord, sjå Utistoga, bnr 6
  • Olav, f 1800, d 8.12.1819, fraus ihel i fjellet, sjå nedanfor
  • Margit, f 1802, g 1823 m Alv Knutsson Breive, sjå Der inne, bnr 2
  • Salmund, f 1810, g 1. 1839 m Gunhild Augundsdtr. Våmartveit, g 2. 1862 m Tjodvor Olavsdtr.Maurlii, sjå Eldhusåkeren, bnr 5

Knut Nilsson, som Gyrid gifte seg med i 1789, var frå Tinn. Foreldra hans var Nils Olavsson (fødd Gvåle ca 1724) og kona, Gunne Nilsdotter (fødd Gøysdal ca 1725). Desse folka budde på Søndre Husevoll i Attrå, og hadde 8 born, og av desse budde 4 søner ei tid i Bykle. Me omtalar dei tre andre i bolkane om Ørnefjødd og Bjones.

Som det går fram ovanfor varde det fyrste ekteskapet åt Gyrid berre eit halvår. Svein Hovden har fortalt korleis det gjekk til då Knut Nilsson døydde, og me gjev att denne passasjen slik Rikard Berge har formidla han vidare (Vinje og Rauland III, 608):

Gamal brennevinskagge i Henriksen-samlinga i Bykle, regn.nr MOR 00184. Den gjennomsnittlege diameteren er 25 cm, og høgda 40 cm. Dette utgjer eit volum på 20 pottar eller 19,3 liter, som tilsvarar eit halvt anker. Ankeret var eit standardmål for flytande vare. Kanskje var det ein såvoren dunk Knut Nilsson hadde henta i Haukeli? Foto frå Setesdalsmuseet.
[...] han skulle yvi til Haukelid etter brudlaupsbrennevin; der hadde dei brent. Paa austvegen gjekk han gjennom Sæsvass-isen og letst, han hadde endaa byrse med seg, og dei ville segja dei lenge kunde sjaa ho på botnen, i klaart ver. So feste då Gyrid seg til røldølen Knut Monsson Haara, og dei fekk mange sønir og ei dotter [...].

Som ein ser vil fråsegna ha det til at ulukka bar til fyre giftarmålet, og det er då gale. Men bortsett frå dette, og at det var joledram som skulle skaffast, og ikkje brudlaupsbrennevin, reknar me med at den refererte stubben fortel det som verkeleg hende.

Knut Monsson, som Gyrid gifte seg med sumaren etter at fyrste mannen var borte, var, som Svein Hovden heilt korrekt peika på, frå Håra i Røldal. Foreldra hans var Mons Olavsson Øvre Berge og kona, Marta Knutsdotter, fødd Rabba (jfr. Dalen, Knut og Alma: Røldal bygdebok, Bergen 1960).

Framanfor fortalde me at Gyrid overtok 1 1/2 kalveskinn i garden på skiftet etter faren, og at det var denne fjerdeparten av Breive ho åtte då ho gifte seg. Men i protokollen etter jordtakstkommisjonen frå 1802 står det at Knut Monsson det året åtte 3 skinn i garden, og at heimelen hans til den andre fjerdeparten var eit skøyte frå 1795. Skøytet frå 1795 gjeld den parten som sidan vart Utistoga, som Knut det året kaupte hjå Ingebjørg Eivindsdotter i Der inne og Tarjei Vetlesson, andre mannen hennes. Etter dette kaupet femnde då Der sø atter for ei tid over 3 skinn eller halve Breive.

I familieoversynet ovanfor står det at Torbjørn og Olav, to av sønene åt Gyrid og Knut, fraus ihel i fjellet i 1819. Også soga om denne denne dramatiske hendinga skal me klyppe, slik Rikard Berge har fortalt henne etter Svein Hovden (Vinje og Rauland III, 608):

Dei, og so Tarjei Kjetilsson Breive og Vetle Neridsson, kom fraa Suldal, gjekk fraa Bleskestad ein annandag jol og vilde heim. Det tok paa aa blaase so kaldleg, og seigt føre var det. Komne so langt som til Klauvskeidbergi, tok Olav til aa trota. Dei amla og drogst med honom, vilde halde'n varm. So gjekk han til han kom uppaa. Innmed Sveigdokki er ein heller, ein bergskut - «underskute» talar dei um - daa orka han ikkje lenger. Dei bar paa kvar sin ullsekk. So stappa dei upp føtar og armar og bringe med ull, og soleis la dei

honom «under Skuta». Dei drog austyvi. Komne ei halv mil lenger, so sa Torbjørn: «Nei, eg kann'kje reise ifraa'n Olav», sa han, og snudde, det muna ikkje telje for honom.

So kom dei daa heim til Breive, og Knut - broren - og nokre med honom tok ut. I Mileskiftedokki saag dei tvo uppsette ski, og der fann dei'n Olav, paa lag ei halv mil fraa der dei la honom. No skyna dei at Torbjørn hadde vore hjå honom, og daa dei ingenstad møtte Torbjørn, so tok dei til aa leite. Dei fann honom paa Veringdalsstøylen, liggjande innmed ein stakk; han hadde bora hovudet inn i høyet. Knut kjende at han endaa var varm under hendane, so han la seg lengst etter honom, freista verme'n upp, anda paa honom au, men faafengt var det. So drog dei honom paa ski, og hest møtte paa Breive-isen. Presten meinte at Torbjørn kunde vore berga, hadde dei havt betre vit til aa stelle med honom.

I 1814 dela Knut og Gyrid eigedomen sin med eldstesonen Knut, som gjekk i giftetankar. Han fekk då det som hadde vore det gamle Der sø, medan foreldra inntil vidare heldt att den fjerdeparten av garden som Knut hadde kaupt i 1795. I 1828 vart denne siste parten overdregen til Mons Knutsson, og sidan vart han kalla Utistoga, og fekk bnr 6. I den gamle gards- og ættesoga (203) les me at «det ser ut som Alv Knutsson dela garden Der inne mellom sønene, og Olav fekk [då] Utistoga», men det lyt då byggje på ei synkverving. Utistoga er handsama framanfor, men i denne omgangen skal det handle om Der sø og dei som budde her. Som nemnt kom her ein ny oppsitjar i 1814:

Knut Knutsson Breive, f 1791, d 1857

g 1815 m Åshild Bjørgulvsdtr. Gunvaldjord, f 1790, d 1847. Born:
  • Torjus, f 1838, utv. til USA 1865, g 1870 m Tone Olavsdtr. Uppstoga, busett Staughton, Wisconsin
  • Åshild, f 1842, d 1886, ug
  • Knut, f 1845, d ung
  • Ragnhild, f 1838, g 1874 m Knut Haraldsson Gunvaldjord, busett Gunvaldjord, Haukeli, Vinje
  • Sigrid, f 1852, lagnad ukj
  • Åsne, f 1855, lagnad ukj.
  • Åsne, f 1818, g 1851 m Hallvard Hallvardsson Ørnefjødd, sjå Nordgarden, bnr 1
  • Ingebjørg, f 1820, g 1845 m Tallak Olavsson Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Tone, f 1822, g 1847 m Harald Knutsson Gunvaldjord, Vinje
  • Gunhild, f 1824, g m Knut Oddsson Nigard Edland, Vinje, jfr Vinje og Rauland, III, 625 f
  • Margit, f 1826, g 1847 m Bjørgulv Jonsson Kyrvestad (Mannspann), jfr. Valle IV, 332, sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1828, g 1860 m Knut Sigbjørnsson Vatnedalen, sjå Der hite i Vatnedalen, gnr 6, bnr 4
  • Olav, f 1830, g 1858 m Ingjerd Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1833, g 1856 m Ingebjørg Såvesdtr. Felland, sjå Bjåen, bnr 3
  • Knut, f 1835, g 1874 m Margit Knutsdtr. Hovden, sjå Norstog Stavenes, gnr 16, bnr 2

Åshild Bjørgulvsdotter var frå Gunvaldjord i Haukeli, dotter åt Bjørgulv Jonsson på den garden og kona, Åsne Haraldsdotter, fødd Kili. Margit, syster åt Åshild, var gift med Mons Knutsson i Utistoga. Me tek med oss det Rikard Berge skreiv opp etter Svein Hovden om huslyden åt Knut og Åshild (Vinje og Rauland III, 608f):

Dei fekk sjau jentur og tri gutar. Alle gifte seg og naadde ein haag alder, og alle vart sitjande paa gardar. «Eg heve sjau mysar aa adde greve i same gryta», hermer dei etter Knut, han tala om gjenteborni. Dei bruka sterk mat i fjøllgardane. Um sumaren ystil og haglette, um hausten slagta Knut mykje sau av den han kaupte um vaaren i Sætesdal, og um vetteren drog han nedi Otredalen, bytte i spikjekjøt og korn. Elles maula borni blodkurven utan grjon attaat, beit av dei lange snabbane. I Breive fødde Knut og Aashild ti-tolv mjolkekyr, so dei la på vonum meir. Slagta dei kalvane, so steikte dei kalvekjøt paa glodi og drakk søt mjolk attaat.

So aat dei kabrette til godga mjolk au. Knut smaka aldri smør, dei laut alljamt tverre saumjolk for honom. Dimed hadde dei fuglen og reinskjøte aa trive til; Knut kaupte rein av eidfjordingane og heldt reinsflokkar, han gjorde endaa tvo mann nordyvi, til aa kaupe for seg. [...] Knut og Aashild åtte Breive og Bjåen og Myrekvæven, stod seg so godt at borni gjekk ut med eit hundrad dalar i arv kvar - det var mykje i den tidi. Og endaa fekk kvar av gjentune 6 naut i heimanfylgje. Dei var so ferme, dei gjentune, og so gode til aa danse alle dei borni, ikkje minst gjentune. Det vart rekna for ei kunst aa vera meistardansar då. Kom belane til Breive so vanta det ikkje paa anten mat eller moro.

Då Bjørgulv Mannspann gjekk til ho Margit, vanka det feitegraut. «Du kann vite», sa han, «eg fekk tie smerholu i greuten, aa eg æ viss'e paa det va'kje sama smeri i noko holu», sa han. Då dikta sæbyggjane:

Aa Bjørguv Mannspann hev lengje gjengje,
Dei nie smerholun' hev'ann fengje
Aa kjem 'an atte eit anna aar
Den tiende æ 'an visse paa.

Då Bjørgulv og Margit drog til Amerika, totte ho så vondt å reise at dei måtte bera henne ut i sleden. Dei reiste så tidleg om våren at dei køyrde slede til Kristiansand.

Bjørgulv og Margit Kyrvestad (Johnson) i Amerika med to søner og ei dotter. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Bjørgulv og Margit budde på bruket Heggebakkjen, Kyrvestad, bnr 2, frå 1847 til dei reiste til Amerika i 1867 (jfr Valle IV, 332.). I USA budde dei i Cherry Grove Township i Goodhue County i det søraustlege Minnesota. Dei nytta Johnson som familienamn, går det fram av ei utskrift frå den amerikanske folketeljnga frå 1870, som me har fått tilsendt frå LaVonne Houlton i Modesto, California.

Det gamle loftet i Midbø skal etter tradisjonen ha vore oppsett av Knut Knutsson i 1825. Ettersom det vert datert til å vera monaleg eldre enn som så, og iallfall eldre enn 1750, må han nødvendigvis ha fått kaupe det einkvan annan stad, og flutt det hit, men kvar det kom ifrå er ikkje kjent.

Som ein ser ovanfor fortalde Svein Hovden at Knut Knutsson åtte «Breive og Bjåen og Myrekvæven». Dette stemmer. I Breive hadde han dei 1 1/2 skinna etter faren frå 1814 og frametter, og hausten 1843 kaupte han Myrekvæven og to tredjepartar av Bjåen hjå ervingane etter Øystein Sandåk og Aslak Botne. Han gav då 500 speciar for kvar av dei to eigedomane, les me i panteregisteret. Men noko Svein Hovden ikkje hadde fått med seg var at Knut også åtte Breivassflotti, gnr 2, bnr 3, og Halsebeitet, gnr 103 i Vinje. Breivassflotti kaupte han hjå ervingane etter Øystein Sandåk og Aslak Botne for 400 speciar samstundes som han kaupte Bjåen og Myrekvæven hjå dei. Når det gjeld Halsebeitet, har me ikkje sett tinglysinga, men ettersom det er kjent at dei nemnde vinbyggjane hadde sete liksåvel med den eigedomen (Vinje og Rauland III, 607), held me det truleg at han fylgde i same rennet.

Knut Knutsson sat med eigedomane sine til han døydde i 1857. Erveoppgjeret vart avslutta to år seinare. Då fekk Bjørgulv Knutsson hand om Bjåen, Breivassflotti og Halsebeitet, Knut Knutsson i Nordstog Stavenes fekk Myrekvæven og Olav, som var den eldste, overtok bruket her. Han overtok sidan også Myrekvæven.

Reinsdyr på fonn på baksida av Syne. Foto her frå Setesdalsmuseet.
Foto: Olav H. Midbø

Olav Knutsson Breive, f 1830, d 1913

g 1858 m Ingjerd Alvsdtr Breive, f 1823, d 1907. Born:
  • Åshild, f 1858, d 1859
  • Åshild, f 1860, d 1928, ug
  • Margit, f 1862, d 1943, ug
  • Knut, f 1866, d 1929 ug., sjå nedanfor

Ingjerd var frå Der inne og dotter åt Alv Knutsson og kona, Margit Knutsdotter. Olav Knutsson sat med eigedomen til han døydde. Året etter fekk sonen skøyte, og frå då av reknar me med at bruket ikkje lenger vart omtala som Der sø, men som Midbø.

Knut O. Breive i Midbø. Biletet kjem frå LaVonne Houlton i Modesto, California, og skal vera teke i 1898.

Knut Olsson Breive, f 1866, d 1929, ug

Knut og dei ugifte systrene Åshild og Margit dreiv garden i lag, og budde alle her så lenge dei livde. I byrjinga av 1920-åra tok dei til seg Olav Helleiksson Jeiskelid. Olav var son åt Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg i Jeiskelid og kona, Margit Knutsdotter Breive. Margit att var dotter åt Knut Alvsson, og såleis syskenbarn med Knut, Margit og Åshild. Olav vaks opp hjå dei, overtok etter kvart eigedomen deira slik planen var, og tok Midtbø til familienamn.

Olav H. Midbø (1909-1994) på veg til fjells med eit lass kaupmannsvarer til eit jaktlag. Ein legg merke til at han nyttar slede på barmark. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Olav Helleiksson Midtbø, f 1909, d 1994

g 1940 m Ingjerd Olsdtr. Bjørnarå, f 1910, d 1959. Born:
  • Knut, f 1941, ind.arb., g m Eva Thomassen, busett Ulefoss
  • Margit, f 1944, sj.pl., g m Øystein Sauro, busett Notodden

Ingjerd kom frå Myro Der nede i Bjørnarå, gnr 18, bnr 4. Då ho gifte seg med Olav, hadde ho ei tid vore tenestejente her på bruket. Foreldra hennes var Olav Gunnarsson Trydal og kona, Margit Olavsdotter, fødd Breive. Margit att var dotter åt Olav Alvsson i Der uppe. Men Olav og Ingjerd skulle ikkje få sitje lenge på bruket, for i 1947 laut dei selje det etter eit odelssøksmål. Dei nye eigarane hadde odel både til Midbø og til fjelleigedomen Myrekvæven, og let Olav velje kven av dei han ville behalde. Han valde å lata garden fara, heldt på Myrekvæven, og kaupte att eit gardsbruk på Febakke ved Ulefoss. Sidan budde han og familien hans der. Etter at Olav døydde i 1994 gjekk Myrekvæven i arv til borna hans. Den eigedomen er på vel 52.500 mål.

Dei som overtok Midbø i 1947 var eit ektepar, som kom hit frå Haukeli. Det var ho som hadde den odelen som skaffa dei eigedomen, men ettersom dei båe sidan nytta hans etternamn, set me likevel opp han fyrst.

Olav Kristian Haugerud, f 1897, d 1976

g 1944 m Margit Olavsdtr. Gunvaldjord, f 1912, d 2004. Born:
  • Ingebjørg Kristine, f 1945, g 1971 m Russel Tønnessen, USA, sjå nedanfor
Øyskyvatn ligg bak Storhedderfjøddet. Dette biletet derifrå vart teke av Olav H. Midbø ca 1980. Til bygdeboka kom det frå Setesdalsmuseet.
Foto: Olav H. Midbø

Olav Haugerud var frå Brandbu, og foreldra hans hans heitte Kristoffer og Kristine Haugerud. Olav Kristian var utdanna agronom. I 1943 kom han til Haukeli og bruka garden til Harald Gunvaldjord. Harald var bror og næraste granne åt Olav Gunvaldjord. Olav var gift med Ingebjørg Såvesdotter Bjåen, og desse var foreldra åt Margit Haugerud. Dei ætta båe frå Bjåen. Ingebjørg Såvesdotter var dotter åt Bjørgulv Knutsson Breive (f 1833), som budde i Bjåen. Olav var son åt Knut Haraldsson Gunvaldjord og Ragnhild Olavsdotter Tovsland, som var syskenborn på morssida, etterdi Knut var son åt Tone K. Breive (f 1822 og Harald Knutsson Gunvaldjord, medan Ragnhild var dotter åt Gyrid K. Breive (f 1816) og Olav Torjusson Tovsland.

Olav og Margit dreiv bruket med hest, 3-4 kyr, 15-20 sauer, gris og nokre høns. Olav Kristian stelte mykje med husa på garden. Mellom anna tok han ned det gamle loftet, som fyrr var i ihopbygd med stoga, snudde det 90 grader, flutte det fram på tunet, og restaurerte det. Han dyrka også opp ny slåttemark på Midbø sin del av Lundane. For å skøyte på inntektene stelte han og Margit til campingplass ved Lislefjødd, og dreiv denne. Vidare etablerte dei eit hyttefelt med festetomter, også dei ligg i Lislefjødd-området.

Dei sat med eigedomen til 1974, då dei overdrog han til dottera, som på den tid hadde gift seg med ein norskamerikanar, og budde i Brooklyn.

Ingebjørg Kristine Haugerud, f 1945

g h v m Russel Tønnessen, USA. Born:
  • Rhett, f 1972, sjå nedanfor
  • Kristin Margaret, f 1974, g m Dennis, busett New York
  • Tor Edvin, f 1977, busett New York

Ingebjørg Kristine har i seinare år budd i USA om vinteren, og drive ei antikvitetsforretning der. Sumarstid har ho budd her på garden, og drive campingplassen på Tallaksbru. Rhett, eldste son hennes, har derimot vorte fastbuande her, etter at han i 1997 sette seg seg opp nytt bustadhus på eigedomen. I yrkeslivet driv han restaurantane XO og Kjeller'n på Hovden.

Rhett Tønnessen, f 1972

s m Marita Sæther, f 1972, jfr Belglii 43-45, gnr 2, bnr 536. Born:
  • Kristian Russel, f 1998

Marita Sæther er frå Verdal, og dotter åt Olaf og Wenche Sæther. Marita arbeider saman med Rhett i restaurantnæringa på Hovden.

Innmarka på bruket vert oppgjeve til 38 mål, medan utmarka er stor, og vert rekna til å vera på kring 50 000 mål. Det er sett bort 46 hyttetomter på eigedomen.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Midbø (Bykle gnr 1/7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Utistoga Breive • Neste bolk: Breive Der uppe