Simon Olaus Wolff

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Simon Olaus Wolff.
Motiv frå Wolffs gate i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Simon Olaus Wolff (født 10. oktober 1796, død 11. desember 1859) var prest, diktar og målar. Han var sokneprest i Mo, Aurskog og Sauherad, og hadde ein stor kjærleik til folkekultur og folkemål i Telemark. Wolff er millom anna kjent som diktaren av fedrelandssongen Hvor herligt er mit Fødeland.

Tidleg liv

Wolff vart født i Snåsa, og var son av sokneprest Frederik Christian Wolff (1767–1816) og Henrika Christianna Borchgrevink Molde (1765–1832). Han fekk undervisning av faren saman med andre gåverike gutar i Overhalla fram til faren vart sokneprest i Ulvik i Hardanger i 1810. Der hadde ikkje faren tid til å undervise, så unge Wolff var utan skulegang fram til faren døde i 1816 og han fekk hjelp av en slektning til å byrja i øvste klasse på latinskulen i Bergen. Han tok examen artium i 1818, og vart cand.theol. ved universitetet i Christiania i 1825. Mens han var student, skreiv han noen høvestundsdikt og prosaskisser, og noen av dei vart trykt i tidsskriftet Hermoder.

Mo

I 1822 var Wolff på studietur til Telemark, og vart glad i området. Han valte derfor å søke om stillinga som sokneprest til Mo, som han fekk 11. oktober 1825. Der fann han seg til rette, og lærte å kjenne bonden og vilkåra hans. Han engasjerte seg i gammal telemarkskultur, og skreiv av gamle skinnbrev han fekk sjå, skreiv ned segner og viser, og teikna av handøkser og kyrkjekunst. Dessutan byrja han å måla akvarellar av dalar og fjell.

Aurskog

Prestekallet i Mo var magert, og Wolff såg seg nøydt til å søke seg til Aurskog 1833, der han vart utnemnt til sokneprest 12. september det året. Det vart ei vanskelig tid for ham: Tida i Aurskog bar ikkje kunstnariske frukter, han kom til ein vanskjøtta Aur prestegard, og han gjekk ikkje overeins med folk der. På ei vindaugsrute i prestegarden var namnet «Urskog» rissa inn, der sette Wolff inn ein S framfor, som ifylgje Anders Heyerdahl var «noksom betegnende for hans Tænkemaade om Stedet».[1] Wolff var kommen til ein austlandsk flatbygd der velstanden var høgare enn i fjellbygdene han likte så godt, og han syntest ørskauingane både drakk for mykje og omgav seg med meir luksus enn det som passa seg for standen deira:

Paa Wolffs Tid begyndte flere Bønder at anskaffe sig Kariol, og da han var kommen fra en Fjeldbygd, hvor dette enda ikke fandtes, saa han heri, som i fleire lignende Ting blot Tegn paa en tiltagende Luksus, som ikke passede sig for Bønder.[2]

I det heile fant Wolff at Aurskog var prega av «ufordragelige, indbildske og uredelige Folk, stygge som Fanden, og usundt Clima tillige». For dette hamna han i avisstrid, og Peder Christensen Mork[3] skreiv ein annonse i Morgenbladet i oktober 1836 der han skulda Wolff for å vera despotisk anlagt. No var ikkje alle i Aurskog samde i dette, og 36 av sokneborna åt Wolff gikk ut for å støtte ham:

I en annonse i Morgenbladet har Peder Christensen Mork under 22. oktober søkt å kaste skygge på vår snille sokneprest S. O. Wolff, hvilket vi – som skammelig og ufortjent – høyligen misbilliger idet vi hermed offentlig erklærer (for at publikum ikke skal miskjenne såvel pressten som hele almuen) at vi stedse har stått i et venskapelig forhold til vår sogneprest, hvis rettskafne karakter, ualminnelige duelighet og edle bestrebelser for menighetens vel alminnelig påskjønnes.[4]

Det er uvisst om alle i Aurskog likte Wolff så godt som dei 36 som skreiv under på dette forsvaret. Ein som soknepresten godt kan ha gått godt i hop med, er iallfall Christian Frederik Michelet, som var inspeksjonsoffiser på Blaker skanse: Michelet kalla nemlig yngstesonen sin opp etter Wolff.

Sauherad

Til sist fekk Wolff nok av Aurskog, og søkte seg tilbake att til Telemark. Fyrst ynska han seg til Seljord, men han hamna i staden i Sauherad, der han vart sokneprest 22. februar 1840. Her var han i stand til å utvikle seg meir som kunstnar, ikkje minst som bildekunstnar, og det var i denne perioden han lærte av målarane Johannes Flintoe, August Cappelen og J. C. Dahl. Særlig viktig var at han møtte Adolph Tidemand i 1844, som fekk ham til å måla med oljefargar.

Wolf døde i Sauherad i 1859.

Familie

Wolff vart gift 8. desember 1825 i Christiania med Karen Mathea Gløersen (1805–1888), som var dotter til major Christian Gløersen (1760–1835) og Karen Wetlesen (1773–1842). Dei fekk iallfall ein son:

  • Frederik Christian, født 9. desember 1826. Han vart ordinert som hjelpeprest til Kviteseid i 1859, og var skuledirektør frå 1860.

Verk

Trykt materiale

  • Hardangerne. En national Fortælling, i Hermoder 3, 1822, s. 281–293.
  • Brudstykker af en Thellemarks-Vandring i Sommeren 1822 (inneheld millom anna Hvor herligt er mit Fødeland), ibid. 4, 1823, s. 15–22 og 31–36.
  • Om det nye norske Sprog, i Den vestlandske Tidende 1832–33, s. 46–47.
  • Samlede poetiske Forsøg. Første Hefte, indeholdende Ungdomsarbeider, 1833.
  • Carnevals-Masker. Et poetisk Cosmorama. Markedsgave, 1836.
  • Nordhavet, i Skilling-Magazin 1836–37, s. 257–258.
  • Katechetisk Haandbog for Religionslærere. En sammentrængt Oversættelse af Dr. Wilh. Harnisch's Enwürfe u. Stoffe zu Unterredungen über Luthers kleinen Katechismus, hf. 1: Over de ti Bud, 1848, hf. 2: Troens Artikler, Skien 1857.
  • Thelemarks-Vise, i Morgenbladet nr. 132/1850.
  • Riarhammeren eller Spøgeriet og to andre sagnfortellinger. Innledning og utvalg av Ørnulf Hodne. Utg. Spartacus forlag. 2014. 155 s. (Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 168).

Bildekunst

  • Satahullet i Sillejord, akvarell, 1822.
  • Grove Hullet, akvarell, 1822.
  • Lavrants eller St. Laurentius, akvarell, 1829.
  • Sauerelven fra Haug, Saude, teikning, 1843.
  • Laardal Kirke og Prestegaard, akvarell, utan årstal.
  • Dalen med Botnedalsfjeldene i Baggrunden, akvarell, utan årstal.
  • Sauer Prestegaard, akvarell, utan årstal.
  • Hjartdals Prestegaard, teikning, utan årstal.

Alle desse måleria finst på Telemark museum.

Fotnoter

  1. Heyerdahl 1882, side 97.
  2. Heyerdahl 1882, side 97.
  3. Sannsynligvis er dette Peder Kristensen Mork på garden Mellom-Mork i Blaker, født 1804. Sjå Lillevold 1963, side 201-202.
  4. Lillevold 1968, side 411. Sitatet er her attgjevi i den moderniserte språkdrakta Lillevold har gjevi det.

Litteratur

Lenkjer


Forgjenger:
 Jens Sørensen Holst 
Sokneprest i Aurskog
Etterfølger:
 Lorentz Wittrup Schønheyder