Namneskiftet Kristiania–Oslo

Kristiania bytte namn til Oslo 1. januar 1925 etter å ha heitt Christiania sidan 1624, og frå 1877 Kristiania. Skiftet kom samstundes som 300-årsjubileet for flyttinga av byen og namneendringa frå Oslo til Christiania i 1624.

Faksimile frå magasinet Signal nr. 48, 4. desember 1924: «Oslo-merket» vart nytta i korrespondanse, som eit slags ekstra frimerke, til å informere utlandet om navneskiftet frå Kristiania til Oslo. Henta frå artikkel om det kommande navneskiftet.

Skiftet vart vedteke av Stortinget, trass i svært delte meiningar i kommunestyret i Kristiania og blant innbyggjarane av byen.

Byhistoria og namngjevinga

Den gamle busetnaden i Oslo låg der vi i dag har Gamlebyen. Byen oppstod organisk, så vi har ikkje eit sikkert grunnleggingsår, men ein gong på 1000-talet hadde husklynga i vika blitt stor nok til å kallast ein by.

Opprinnelsen til namnet Oslo har vore omstridt. Sisteleddet er sikkert; det tyder slette, engslette eller elveslette. Ein tidleg forklaring var at fyrsteleddet kom frå «Loelva», eit elvenamn som er nemd fyrste gongen i 1613 i Peder Claussøn Friis sin Norriges beskrivelse. Friis forklarte byens namn som «Loens os». Men det tidlegaste kjende namnet Alnaelva, er Alna, ikkje Loelva. I middelalderen vart Oslo-namnet skrivi både Anslo, Ásló og Ósló, dei fyrst nemde formane er dei tidligst belagde. Det er sannsynleg at fyrste entan viser til åsen bakom den opprinnelege Oslosletta, Ekeberg, eller til det norrøne ordet for gud som hadde den latine forma «ans». Tolkningane som har mest føre seg, er altså entan «sletta under åsen» eller «gudanes slette».

Etter at byen brann ned i 1567 var det snakk om flytting over til området ved Akershus festning, men det vart ikkje noko av det. Etter bybrannen i 1624 slog Christian IV fast at byen skulle flyttast, og at namnet skulle vere Christiania etter han sjølv. Kyrkja og hospitalet vart fritekne frå å flytte, og haldte fram med å heite Oslo hospital og Oslo kirke. Også namnet Oslofjorden levde vidare, men vart etter kvart endra til Kristianiafjorden.[1]

Interessa for eit namneskifte

I løpet av 1800-talet melde det seg en aukande interesse for å endre på det dåverande hovudstadsnamnet Christiania.

Historikaren P. A. Munch meinte at Oslonamnet kom frå namnet på heradet rundt byen, og at Oslo eigentleg hadde heitt «kaupangr i Osló». Han meinte difor at det var urimeleg «i 1624 at forandre Navnet Oslo, da byen flyttedes over til Agershagen, thi den vedblev lige fullt at være 'Kjøbstaden i Oslo'».[2]

Ivar Aasen stod for det fyrste kjende forslaget om å endra namnet «Christiania» til «Oslo». I 1866 prenta han teksten «Um namnet Oslo» anonymt, og argumenterte for at ein burde ta opp at det gamle namnet. Han meinte Christiania var vanskeleg å uttala, og at det i skrift fekk underlege avkortningar – den vanlege kortforma Chra vart ofte kalla «Kråkeskriket». Aasen likte heller ikkje at byen hadde namn etter ein dansk konge, og kalla det, med støtte i Munch sine argument, «halvbarbarisk». Mange landsmålsfolk tok i tida fram mot 1900 til å nytte namnet Oslo i staden for Christiania.[3]

I samband med byjubileet i 1874 prenta Dagbladet ein føljetong av artiklar som protesterte mot at Christian IV skulle feirast som grunnleggjar av den norske hovudstaden – trass alt hadde byen ei historie som gjekk mange hundre år lenger attende i tid.[4]

Bakgrunnen for interessa

Kritikken mot namnet «Kristiania» og dei aukande ynskjemåla om å endre namnet kan ikkje sjåast isolert frå nasjonsbygginga i samtida.

I Noreg tok nasjonalismen fleire former og fekk dessutan ny vind etter unionsoppløysinga i 1905. Den store motstanden mot det «danske» i norsk kultur, språk og samfunn bidrog til framveksten av landsmålsrørsla, som eit meir «norsk» alternativ til det utprega danske skriftspråket. Motivasjonen bak krava om namneendringar på byane i Noreg som bar namn etter danske regentar må – lik den samtidige interessa for norske folkedrakter, folkemusikk og ei vag, men sterk kjensle av kva som utgjorde «norsk» kultur og tradisjon – sjåast i denne samanhengen.

I både målrørsla og venstrerørsla vart det utforma idear om ei djup kulturell kløft mellom det norske «folket» og embetsklassen som ei framand herskarelite.[5] Alt som denne framande overklassen representerte, inkludert språkforma deira, vart difor forstått som noko meir eller mindre unasjonalt. Det nasjonale vart blanda saman med oppfatningar om klassemotsetningar og eit førestilt motsetningsforhold mellom by og land, og særleg hovudstaden, der embetseliten var mest konsentrert, og resten av landet.

Bynamna «Christiania», «Christianssund», «Christianssand», «Friedrichs Wærn», «Fredrikshald» og «Frederiksstad» var alle namn som vart gjevne til byane under dansketida. Til og med «Trondhjem» vart sett på som noko dansk, fordi byen tidligere hadde heitt «Nidaros». Også namnet «Bergen» vart gjort til stridsspørsmål, med ynskje om at byen skulle verte døypt om til «Bjørgvin». Det var særleg med dei sistnemnde namna tydeleg at ein ville tilbake til dei førdanske namneformene, i den grad dei vart oppfatta som gangbare alternativ.

I fyrste omgang vart namneformene «normerte» til norsk skrivemåte. Til dømes vart Christiania skrive Kristiania og Christianssund, Kristianssund frå og med statskalenderen i 1877.[6]

Forsøk på namneendringar

Lokalt var det gjerne sterk motstand mot forslaga om namnendringar. Slik var det òg i Kristiania. Bynamnet vart gjerne positivt assosiert med den lokal identiteten. Men nokre av byane endra namn i løpet av mellomkrigstida. Fredrikshald bytte namn til «Halden» i 1927, etter over eit tiår med diskusjon.[7] Fredriksvern bytte til «Stavern» i 1930.

I Fredrikstad var det ikkje snakk om å endre namnet, og den gamle skrivemåten held seg òg. Til slutt vedtok bystyret å rette seg etter normeringa som staten tidlegare hadde rådd dei til, og valde i 1932 å skrive namnet med berre ein «s».[8] I Kristiansund vart namnet «Fosna» førebels brukt, men ho vann til slutt ikkje fram.[9] For Kristiansand vart konstruksjonen «Storesand» prøvd ut, og «Agderhavn», «Otraby» og «Otraos» kom òg på bordet, men Kristiansand-namnet vart ståande.[10] I 1929 røysta eit fleirtal i Stortinget for at Trondhjem skulle bytte namn til Nidaros frå og med 1930, men lokale protestar førte til eit kompromiss i eit nytt samansett Storting året etter: «Trondheim».[11]

Sjølv om desse bynamna var mykje omdiskuterte òg i tida før namneskiftet i hovudstaden, var det Kristiania som fyrst formelt bytte namn, i 1925. Også då var det staten som bestemte.

Namnevedtaket i 1924

Saka var fyrst oppe til vurdering i Kristianias bystyre, i fleire omganger, frå 1907. Samstundes gjekk det føre seg ei større nasjonal debatt om hovudstadsnamnet i samanheng med den geistlege og verdslege inndelinga av landet. I 1915 hadde ei vitenskapelig utgreiing tilrådd at Kristiania stift skulle byte namn til Oslo bispedøme. Professorane tilrådde også å byte ut nemninga «amt» med «fylke» og samstundes byte ut ein del av namna på desse fylka. I lovforslaget frå 1918 vart Oslo fylke tilrådd som ny nemning på Kristiania amt. Sjølve namnet på byen vart ikkje kommentert, men framlegget lente seg på forslaget om å døype om Kristiania stift til Oslo bispedøme. I innstillinga, derimot, vart forslaget om fylkesnamnet trekt tilbake på grunn av krav om at bynamnet først burde vere oppe til vurdering.[12]

Kristiania kommunestyre vart deretter bedt om å vurdere ei endring av namnet på byen. I 1919 svarte styret med 52 røyster mot 29 ikkje å endra på namnet.[13] I 1923 vart kommunestyret på nytt bedt om å sjå på saka. Då var planlegginga av Kristianias 300-årsjubileum i gong, og det var jubileumskomiteen som førebudde saka. Dei tilrådde å utsetje ei eventuell namneendring, men då kommunestyret vurderte saka i 1924, vart styret splitta. Ordføraren, Borger With frå Høgre, fekk det siste ordet, og Høgre-representantane hadde på førehand forplikta seg til å røyste mot namneendringa. I etterkant viste det seg at tre av Høgre-representantane hadde ynskja å røyste for endringa, dersom dei hadde fått løyve til det.[14] Stort sett var nå likevel ein samanheng mellom parti og haldning. Den dåverande vara-ordføraren i Kristiania, August Andreas Logn Galtung, motsette seg endringa på det sterkaste. Han uttalte seg til Aftenposten om at han «fandt, at den slags omdøpninger er unødvendig anstaltmakeri».[15] Rett nok var han ein av dei få som lot til å leggje det praktiske bryderiet til grunn. Stort sett handla ikkje diskusjonen om kor vanskelig det ville vere å gjennomføre ei namneendring. I Fredrikshald nokre år seinare, derimot, vart det ei sentral side av saka.

Kommunestyret i Kristiania hadde i alle fall berre rett til å kome med ei utsegn. Det var Stortinget som skulle ta den endelege avgjerda. I Odelstinget røysta 81 representantar for namneendringa og 23 imot. Namneendringa vart innført frå 1. januar 1925.[16]

Ringverknader

  • Det hadde vore planlagt eit storstilt 300-årsjubileum for Kristiania i 1924, men dels på grunn av saka kring namneskiftet vart planene endra til ei mer lågmælt byhistorisk ustilling.
  • Samstundes bytta óg «Kristianiafjorden» namn til Oslofjorden.
  • Kristiania-bydelen «Oslo» vart til Gamlebyen.
  • «Oslo gravlund» vart til Gamlebyen gravlund.
  • «Kristiania katedralskole» vart til Oslo katedralskole.
  • «Kristiania sporveier» vart til Oslo Sporveier.

Referansar

  1. Wetås 2000, s. 35.
  2. Munch 1855, referert i Wetås 2000, s. 35.
  3. Wetås 2000, s. 36.
  4. Wetås 2000, s. 36–37.
  5. Hyvik 2016.
  6. Stemshaug 1991, s. 20–21; Wetås 2000, s. 38.
  7. Eliassen og Hansen 2014, s. 258.
  8. Dehli 1987, s. 393.
  9. Stemshaug 1991.
  10. Tønnessen 1974, s. 121–122.
  11. Lockertsen 2007, s. 15.
  12. Wetås 2000, s. 42–43.
  13. Wetås 2000, s. 44.
  14. Wetås 2000, s. 46.
  15. Aftenposten, 1. juli 1924.
  16. Wetås 2000, s. 48.

Kilder og litteratur