Namneskiftet Kristiania–Oslo
Kristiania bytta namn til Oslo 1. januar 1925 etter å ha heitt Christiania sidan 1624 - frå 1877 Kristiania. Skiftet kom på same tid som 300-årsjubileet for flyttinga av byen og namneendringa frå Oslo til Christiania i 1624.
Skiftet vart vedteke av Stortinget mot synet til fleirtalet i bystyret – men i samsvar med synet til mange oslofolk.
Namnet Oslo
Opprinnelsen til namnet Oslo har vore omstridt. Sisteleddet ló er sikkert; det tyder slette, engslette eller elveslette. Ein tidleg forklaring var at fyrsteleddet kom frå «Loelva», eit elvenamn som er nemd fyrste gongen i 1613 i Peder Claussøn Friis sin Norriges beskrivelse. Friis forklarte byens namn som «Loens os». Men det tidlegaste kjente namnet Alnaelva, er Alna, ikkje Loelva.
I middelalderen vart Oslo-namnet skrivi både Anslo, Ásló og Ósló, dei fyrst nemde formane er dei tidligst belagde. Det er sannsynleg at fyrste entan viser til åsen bakom den opprinnelege Oslosletta, Ekeberg, eller til det norrøne ordet for gud som hadde den latine forma «ans». Tolkningane som har mest føre seg, er altså entan «sletta under åsen» eller «gudanes slette».
Namnet Kristiania
Den gamle busetninga i Oslo låg der vi i dag har Gamlebyen. Byen oppstod organisk, så vi har ikkje eit sikkert grunnleggingsår, men ein gong på 1000-talet hadde husklynga i vika blitt stor nok til å kallast ein by. Etter at byen brann ned i 1567 var det snakk om flytting over til området ved Akershus festning, men det vart ikkje noko av det. Men etter bybrannen i 1624 slog Christian IV fast at byen skulle flyttast, og at namnet skulle vere Christiania etter han sjølv.
Kyrkja og hospitalet vart fritekne frå å flytte, og haldte fram med å heite Oslo hospital og Oslo kirke. Også namnet Oslofjorden levde vidare, men vart etter kvart endra til Kristianiafjorden.[1]
Kritikk mot namnet Christiania/Kristiania på 1800-talet
Historikaren P. A. Munch meinte Oslonamnet kom frå namnet på heradet rundt byen, og at Oslo eigentleg hadde heitt kaupangr i Osló. Han meinte difor at det var urimeleg "i 1624 at forandre Navnet Oslo, da byen flyttedes over til Agershagen, thi den vedblev lige fullt at være 'Kjøbstaden i Oslo'"[2]
Ivar Aasen prenta i 1866 teksten "Um namnet Oslo", og argumenterte for at ein burde ta opp at det gamle namnet. Han meinte Kristiania var vanskeleg å uttala, og at det i skrift fekk underlege avkortningar - den vanlege kortforma Kra, vart ofte kalla for "Kråkeskriket". Aasen likte heller ikkje at byen hadde namn etter ein dansk konge, og kalla det, med støtte i Munch sine argument, halvbarbarisk. Mange landsmålsfolk tok i tida fram mot 1900 til å nytta namnet Oslo i staden for Kristiania.
I samband med byjubileet i 1874 prenta Dagbladet ein føljetong av artiklar som protesterte mot at Kristian 4. skulle feirast som grunnleggar av den norske hovudstaden - trass alt hadde byen ei historie som gjekk mange hundre år lenger attende i tid.[3]
Namnevedtaket
- I 1905 vart den eldre betegnelsen amt bytta ut med fylke. Samstundes endra nokre av fylkene namn - Eit forslag var at Kristiania Amt skulle få namnet Oslo fylke, men avgjerda vart satt på vent. Mellombels nytta ein namnet Kristiania fylke medan man venta på ei avgjerd på om bynamnet også skulle verte endra.[4] I 1919 var saka opp i kommunestyret. 52 representantar røysta mot namneskiftet, berre 29 for.[5]
- Det var ikkje kommunane sjølv som hadde retten til å bestemme kva dei skulle heite - den avgjerdsretten lå hos regjeringa. Då saka igjen kom opp i oktober 1923 valte odelstinget å sende saka over til regjeringa. Saka vart handsama av komiteen som planla Kristianias 300-årsjubileum. Komiteen var på sju personer, og vart ikkje samde seg imellom. Mindretalet ville at byen skulle skifte namn til Oslo, medan fleirtalet ville behalde Kristianianamnet. I Kristiania formannskap vart det votert i januar 1924. Like mange røysta for og mot namneskiftet, men ordførarens dobbeltrøyst sikra fleirtal for å behalde Kristianianamnet.[6]
- Den endelege avgjerdsla vart tatt i Odelstinget i juni 1924. 81 røyster for, 23 røyster mot.
- Karl Knudsen, president for det norske handelskammer: "Jeg mener absolutt, at byen bør hete Oslo. Det er et meget vakrere navn enn Kristiania, og nasjonalt sett tiltaler det mig umiddelbart."[7]
Ringverknader
- Det hadde vore planlagt eit storstilt 300-årsjubileum for Kristiania i 1925, men dels på grunn av namneskiftet vart planene endra til ei mer lågmælt byhistorisk ustilling.
- Samstundes bytta óg «Kristianiafjorden» namn til Oslofjorden.
- Kristiania-bydelen «Oslo» vart til Gamlebyen.
- «Oslo gravlund» vart til Gamlebyen gravlund.
- «Kristiania katedralskole» vart til Oslo katedralskole.
- «Kristiania sporveier» vart til Oslo Sporveier.
Kilder og litteratur
- Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dagsavisen (Oslo: 1998-) 2024.04.30. 20240430. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referansar
- ↑ Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 35
- ↑ Munch 1855 referert i: Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 43
- ↑ Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket. s 44
- ↑ Wetås, Åse. Namneskiftet Kristiania - Oslo. Utg. Novus. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 47
- ↑ Nasjonalbladet (Trondheim: 1922-1928, 1932-1942) 1923.05.11. 19230511. Digital versjon på Nettbiblioteket.