Mållaget ved Stord lærarskule
Mållaget ved Stord lærarskule (Målvinarlaget) vart skipa 13. januar 1877 og skulle samla seminaristane på Stord til arbeid for målsaka. Seminaret og mållaget vart for mange komande lærarar det fyrste møtet med målreisinga, og det fekk store verknader for spreiinga av målsaka utover bygdene på Vestlandet. Laget melde seg inn i Det norske Samlaget rett etter skipinga.
Til liks med dei andre seminara var det i byrjinga ein sterk motstand mot landsmålet og målsaka frå styraren og lærarane på seminaret. Dette endra seg etter kvart, og det endelege skiftet kom kring 1902 med nye målvenlege lærarkrefter. Den nye rektoren frå 1904, Peter Vogelius Bredal Deinboll, var meir målvenleg enn den gamle, og med Severin Eskeland som rektor frå 1917 fekk lærarskulen ein rektor som sjølv var aktiv målmann.
Janna Deinboll vart i 1894 den fyrste kvinna i styret for laget, den andre var Metta Urdahl i 1904. Deretter var det jamt kvinner i lagsstyret, og fyrste kvinnelege formann var Øllegård Joranger i 1908.
Laget var i kontinuerleg drift til langt opp på 1900-talet.
Styre
Formannen er nemnd fyrst, deretter rekneskapsførar og bokutlånar.
- 1877, 1. halvår: Oddmund Vik, Anders Vie, Lars Skarstein
- 1877, 2. halvår: Jens Tvedt, Lasse Trædal, Nils Botnen
- 1878, 1. halvår: Absalon Taranger, Jens Tvedt, Nils Botnen
- 1878, 2. halvår: S. Berven, Jan Telnæs, H. Asheim
- 1879, 1. halvår: S. Berven, H. Asheim, Jan Telnæs
- 1879, 2. halvår: Johannes Utne, O. Hestenæs, A. Meidell
- 1880, 1. halvår: Lars Årekol, O. Hestenæs, S. Vågen
- 1880, 2. halvår: E. Raunehaug, Sæim, Stadheim
- 1881, 1. halvår: Anders Holen, H. Åsen, J. Asheim
- 1881, 2. halvår: Thorgeir Utne, Ola Tjosås, Jakob Våge
- 1882, 1. halvår: Andr. E. Joh. Sætre, Ola Tjosås, A. Ytreeide
- 1882, 2. halvår: N. Sæim, Tveit, Rise
- 1883, 1. halvår: (same som førre halvår?)
- 1883, 2. halvår: Peter K. Engesæt, Lars Sørås, Johannes Rise
På den følgjande lista er formannen nemnd fyrst, deretter varaformann, rekneskapsførar og bokutlånar.
- 1884, 1. halvår: Peter K. Engesæt, Olai Dalland, Lars Sørås, S. Heltveit
- 1884, 2. halvår: Jon Line, Daniel Liseth, Olaf Riisdal, Ø. Koefod
- 1885, 1. halvår: Jon Line, Daniel Liseth, Olaf Riisdal, Ø. Koefod
- 1885-86: Lars Eskeland, Stein Hauge, Nils Sjøthun, Tore Lien
- 1886-87: Andres Bergo, Olav Taraldset, Peter Busengdal, Tengheim
- 1887-88: Knut Byrkjeland, Martin Thorson, Guttorm Vatndal, Rasmus Stauri
- 1888-89: Asseus Steinnes, Bernt Torset, R. Dahle, Andreas Fitje
- 1889-90: Vigleik Måkestad, Henrik storstein, Enevold Line, Hans Hognestad
- 1890-91: Johan Lillegraven, Per O. J. Vedrhus, O. Sætne, T. J. Tveit
- 1891-92: S. Engesæt, I. Hole, Ole Hagen, Ola Fjæren
- 1892-93: Karl Rogne, N. Midthus, Simon Skoge, A. Dalaker
- 1893-94: Søren Nordeide, Nils Bondevig, Karl Årebøstøl, Elias Frøysa
- 1894-95: Lars Løvås, Janna Deinboll, Ole Aksnes, Søren Stannes
- 1895-96: Anders Næss, Kr. Johannesen, Ludvig Bru
- 1896-97: Øystein Eskeland, Gudmund Skodven, Gudmund Eide, Anton Reistad
- 1897-98: Laurits Otterlei, Lars J. Håvik, S. Brække, Mons H. Takle
- 1898-99: Rasmus Navelsaker, Jakob Rygg, L. Hørven, Johan Færøy
- 1899-1900: Severin Eskeland, Kristofer Eitrheim, Rasmus Blikken, Olav Linde
- 1900-01: Hans C. Roti, Jon Mannsåker, Daniel E. Eitrheim, Hans Sekse
- 1901-02: Torvald Sundvor, Knut Skår, Thor Oppedal, Nils Økland
- 1902-03: Andr. Fjærestad, Johan Årskog, Johannes Gjerstad, Anfin Nygård
- 1903-04: Magnus Takle, Olav Vetleøyri, Tomas Skår, Didrik Melhus
- 1904-05: Jonas Årbakke, Metta Urdahl, Viking Trå, Kristen Nissestad
- 1905-06: Tomas Nordnes, Anna Knutsen, Olav N. Løyning, Seljenes
- 1906-07: Johannes Leiro, Anna Gjerløw, Nils Årnes, Magnus Revheim
- 1907-08: M. S. Aksnes, Anna Søgnen, Per Voll, Ivar Skjær
- 1908-09: Ølleg. Joranger, Olav Nestås, Vigleik Nå
- 1909-10: Johs. Instefjord, Metta Walaker,l Peter Ringstad, Elias Sekse
- 1910-11: Halvdan Lange, Ragna Flugeim, Vilh. Vilhelmsen, Osk. Rommetveit
Kjelder
- Hausberg, Sverre (red.). (1927). Minneskrift utgjeve i tilføre av 50 års-høgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. Stord.
Mållaget ved Stord lærarskule er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |