Smakebiter fra artikler
Haraldshaugen fotografert på midten av 1900-tallet.
Haraldshaugen ligg på garden Gardå (Gard) i
Haugesund kommune. I
1872, til 1000-års jubileet for
slaget i Hafrsfjord, blei det på Haraldshaugen reist eit monument over
Harald Hårfagre og rikssamlinga. I
1852 besøkte
Ivar Aasen det folk antok var den gamle kongegrava på Gardå. Her vart han inspirert til å skriva om Haraldshaugen :
Her ser eg Haralds haug fyre augom. Diktet stod på trykk både i
Folkevennen,
Illustreret Nyhedsblad og det kom med i P.A. Jensen si
Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863). Dermed var Haraldshaugen sikra ein plass i den nasjonale mytologien som blomstra i denne nasjonsbyggingsfasen.
Les mer…
Stange prestegård før 1951. Petra Mowinckel flytta hit i 1913, og døydde her fem år seinare.
Petra Johanne Mowinckel (fødd Meitzner 6. januar 1861 i Kristiansund, død 31. januar 1918 i Stange) var prestekone.
Ho var dotter av Johanne Marie, fødd Erland, og Carl Odin Meitzner[1]. Faren var skipskaptein.
Ho vart gift med
Jørgen Blydt Mowinckel i
Nestun kyrkje i
Fana 19. juli 1883. Han var teolog, og tok same år fatt på si fyrste prestegjerning, som stiftskapellan i Tromsø stift. I 1887 vart ho prestekone i Beiarn prestegjeld då han vart utnevnd til sokneprest der. Dei budde i Beiarn til 1899, og dei er såleis det presteparet som har vore lengst i Beiarn.
Les mer…