Forside:Halsa (tidligere kommune)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. apr. 2009 kl. 20:45 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{Forside Nordmøre}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Forside Nordmøre

Om forsida
7760 Husasnotra.jpg
Forside:Halsa (tidligere kommune)/Om forsida


Kategoriar for Halsa kommune
Kategorien Halsa kommune ikke funnet
Smakebiter fra artikler
Ole Sivertsen og kona Anne. Biletet må vere teke i 1884 eller litt tidlegare. Fotograf ukjend.
Ole Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson. I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i.   Les mer…


Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…