Haram kommune
Haram kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1534 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Brattvåg |
Areal | 6.76 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 6.76 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Haram kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot romsdalskommunane Sandøy, Midsund og Vestnes i Romsdal så vel som til sunnmørskommunane Skodje, Ålesund og Giske.
Administrasjonssenteret ligg i Brattvåg. Dei større bygdene i sør og aust er Vatne,Tennfjord og Grytastranda. I nordaust ligg Vestre. I vest og nord ligg bygdene Hildre, Søvik og øysamfunna Lepsøya, Haramsøya, Skuløya og Fjørtofta.
Den tidlegare Vatne kommune blei ved kommunesamanslåinga i 1. januar 1965 slått saman med tidlegare Haram kommune til den nye storkommunene Haram.
Kommunen har fleire industribedrifter, Aker Yards i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg, Tennfjord og på Longva (Haramsøya). Frå 1990-åra opplevde industrien mangel på arbeidskraft og måtte importere arbeidskraft, hovudsakleg polakkar.
Det er seks kyrkjer i Haram kommune, Haram kyrkje på Haramsøya,Fjørtoft kyrkje på Fjørtofta, Hildre kyrkje på Hildre, Brattvåg kyrkje i Brattvåg, Vatne kyrkje på Vatne og Hamnsund kyrkje i Hamnsund.
Nokre personer fra Haram
- Per Oddvar Hildre, fødd 1950, kordirigent
- John O. Longva, (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner
- Ingebrigt Davik, lærar og forfattar
- Petter Dyrkorn, (1921–2006), målarmeister, amatørarkeolog
- Olaus Fjørtoft, (1847–1878), forfattar, journalist og politikar