Midt-Noreg
|
Midt-Noreg eller Midt-Norge Mal:Nb er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.
Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane Kristiansund på Nordmøre; Røros, Orkdal og Trondheim i Sør-Trøndelag; og Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Nord-Trøndelag.
Sjølve namnet Midt-Noreg er ei nydanning på line med Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg som først vart teken i bruk kring 1950. Historiske namn på området inkluderer Frostatingslag(en), Nidaros (bispedømme) og Trondhjem (hovudlen, stiftsamt). Nemninga Trøndelag viste opprinneleg til området kring Trondheimsfjorden, frå Orkdalen i vest og til området ved Snåsavatnet i nordaust, men har seinare vorte bruka om større deler av området.
Offentleg administrasjon
Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal
- Frostating lagdømme
- Helse Midt-Noreg
- Arbeidstilsynet Midt-Noreg
- Skatt Midt-Noreg [1]
- Statens vegvesen, region midt [2]
- Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Norge [3]
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Midt-Norge [4]
- Kystverket Midt-Norge [5]
Annan inndeling
- NVE Region Midt dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre [6]
Organisasjonar
- Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [7]
- Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [8]
- Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [9]
- Trondhjems Turistforening er ein friluftsorganisasjon for fjellområde i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal
Trussamfunn
- Trondheim katolske stift dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [10]
Næringsliv
- SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Nordmøre[11]
- AOF Mid-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og Romsdal [12]
- TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmøre og Romsdal, og i tillegg Bindal [13]
- OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [14]
- Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [15]