Lesja kommune
Lesja kommune er ei fjellbygd i Oppland fylke på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.
| Lesja kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 0512 |
| Fylke | Oppland |
| Kommunesenter | Lesja |
| Areal | 2259.5 km² |
| Areal land | 2175.91 km² |
| Areal vann | 83.59 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Grunnlagt | 1837 |
| Målform | Nøytral |
| Nettside | Nettside |
| Liste over ordførarar | |
Om kommunen
Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.
Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, Bø og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst
- Einbu, Sigurd og Ola Skotte 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna
- Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn
- Kjelland, Arnfinn 1996: Bygdebok for Lesja 3. Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn
- Kleiven, Ivar 1923: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre
- Årsskrift for Lesja historielag
