Forside:Oppegård (tidligere kommune)

Sideversjon per 11. okt. 2009 kl. 22:37 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Forside Follo}} {{Forside underside|Om forsida|tittel=Om forsida|bilde=Oppgangssaga.JPG}}<br clear="all"/> <!-- Høyre kolonne --> <div style="width: 34%; float: right;"> {{Forside liste|...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Mal:Forside Follo


Smakebiter fra artikler
Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.
Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde. Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.   Les mer…


Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes, født 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993, Vadheim i Høyanger kommune var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…
Drosjeholdeplassen i Sandvika - på hjørnet av det som i dag heter Kinoveien og Gågaten, fotografert i 1920. I bakgrunnen middelskolen - «Rønna» - som ble revet i 1962. Foto utlånt av Bærum bibliotek.
Asker og Bærum Taxi AS, Solvikveien 9 på Blommenholm, tidligere Ramstadsletta 2 på Høvik, er et av Norges største taxiselskaper. Helt siden Drammenbanen ble åpnet i 1872, hadde vognmenn med hest fraktet folk til og fra jernbanestasjonene. Virksomheten fikk konkurranse fra drosjebilene fra begynnelsen av 1920-årene. Asker og Bærum Taxi har sin opprinnelse i Bærum Drosjeeierforening, som ble etablert i Sandvika 21. april 1922 av 20 drosjeeiere, med Ole Aamodt som formann. Han hadde drevet med offentlig hesteskyssbefordring siden 1911 og brakte den første drosjebilen til Bærum i 1915.   Les mer…