Ølen og Bjoa sogelag vart stifta 21. oktober 1980 og arbeider med lokalhistoria i Ølen og Bjoa i Vindafjord kommune. Føremålet er «å auka og spreia kunnskap om bygdene, bidra til at materielle kulturminne vert tatt vare på og stimulera til at munnlege tradisjonar som finst om liv og arbeid i eldre og nyare tid vert samla inn og skrivne ned. Bygdene si historie skal gjerast kjend gjennom utgjeving av sogeblad, brosjyrar, tilskipingar og bruk av digitale media». Laget er medlem av Landslaget for lokalhistorie.
I 2019 var det 60 medlemmer. Medlemstalet har variert ein del, frå 35 i 1983 til 70 i 2000. Les mer …
Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».
Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert Verkensstugu på Filling og Lorkverna m.m. Les mer …
|