Haram kommune
Haram kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot romsdalskommunane Molde og Vestnes så vel som til sunnmørskommunane Ålesund og Giske.
Haram kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1534 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Brattvåg |
Areal | 6.76 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vatn | 6.76 km² |
Folketal | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1837 og 2024 |
Målform | Nynorsk |
Administrasjonssenteret ligg i Brattvåg. Dei større bygdene i sør og aust er Vatne,Tennfjord og Grytastranda. I nordaust ligg Vestre. I vest og nord ligg bygdene Hildre, Søvik og øysamfunna Lepsøya, Haramsøya, Skuløya og Fjørtofta.
Den tidlegare Vatne kommune unntatt Dryna og området på Midøya, blei ved kommunesamanslåinga i 1. januar 1965 slått saman med tidlegare Haram kommune til den nye storkommunen Haram. Også nordre delen av Borgund kommune med bygdene Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestafor vart overført til Haram. Samstundes vart Myklebustområdet på Harøya med øyene vestafor (Uksøy, Storholmen med fleire) overførte til Sandøy kommune.[1]
I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vart Haram 1. januar 2020 innlemma i Ålesund kommune. Haram vedtok fyrst å slå seg saman med Sandøy, men etter at Sandøy bestemte at dei heller ville bli ein del av nye Ålesund kommune, valde fleirtalet i Haram at kommunen skulle fortsette aleine. Dette vedtaket vart omgjort av Stortinget i 2017, då Haram med 86 mot 83 røyster vart tvungen inn i Ålesund.[2]
Jonas Gahr Støres regjering sa i si regjeringsplattform at det er kommunane sjølve som eventuelt skal søkje om deling, og etter ein rådgjevande folkeavstemming 3. mars gav eit klårt fleirtall for deling, vart dette vedteke av kommunestyre. Saken vart avgjort av Stortinget.[3] Den 1. januar 2024 vart Haram nok ein gong ein eigen kommune.
Økonomi
Haram kommune har fleire industribedrifter, Aker Yards i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg, Tennfjord og på Longva (Haramsøya). Frå 1990-åra opplevde industrien mangel på arbeidskraft og måtte importere arbeidskraft, hovudsakleg polakkar.
Kyrkjer
Det er seks kyrkjer i Haram kommune: Haram kyrkje på Haramsøya, Fjørtoft kyrkje på Fjørtofta, Hildre kyrkje på Hildre, Brattvåg kyrkje i Brattvåg, Vatne kyrkje på Vatne og Hamnsund kyrkje i Hamnsund.
Matrikkelgarder
Kystkultur
Hellevik fyrstasjon, Lepsøyrevet fyrstasjon, Raudholmane fyrstasjon og Ulla fyrstasjon ligg i Haram kommune.
Nokre personar frå Haram
- Fredrik Moltke Bugge (1865-1938), jurist og ordfører i Kristiania 1906-08.
- Per Oddvar Hildre, fødd 1950, kordirigent
- John O. Longva, (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner
- Ingebrigt Davik, (1925–1991), lærar og forfattar
- Petter Dyrkorn, (1921–2006), målarmeister, amatørarkeolog
- Olaus Fjørtoft, (1847–1878), forfattar, journalist og politikar
Eksterne lenkjer
Kjelder
- ↑ Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- ↑ NRK Møre og Romsdal 8. juni 2017: «Exit Haram kommune etter historisk vedtak i Stortinget».
- ↑ «Støtter at Haram skal få gå ut av Ålesund som egen kommune», NRK Møre og Romsdal, 3. mai 2022