Prestar i Jostedalen

Prestar i Jostedalen er ei liste over prestar med ansvar for Jostedal prestegjeld i Sogn og Fjordane. Ei skatteliste frå 1596 fortel at bygda hadde prest og kyrkje.[1] Det er uklart når Jostedalen vart skilt ut frå Luster som eige prestegjeld, men det må seinast ha skjedd tidleg i 1630-åra. Jostedalen var deretter eige prestegjeld med eitt sokn til 1. juli 1967 då Gaupne sokn i Luster og Fet og Joranger i Hafslo prestegjeld vart lagde til Jostedal prestegjeld.

År Namn Merknader
Asle/Atle Nemnd i diplom 1318-19[2] og 1322-23[3].
Før 1620 Jens Jonasson Nemnd 1605
ca 1620-ca 1634 Mikkel Nilsson
ca 1635-ca 1652 Otto Hansson Ravn
ca 1652-1703 Tøger Jensson
1703-1724 Henrik Nitter
1725-1731 Hans Hansson Wiingaard
1731-1732 Ole Morsing Overtok aldri prestekallet.
1732-1734 Hans Christian Frørup
1734-1738 Rasmus Wibye
1738 Christopher Munthe Sokneprest i Hafslo - vikarierte noko i Jostedalen.
1739 Hans Grøn Kapellan i Vik - vikarierte i Jostedalen.
1740-1742 Gjert Geelmuyden Kapellan i Leikanger - vikarierte i Jostedalen
1742-1792 Matthias Foss
1792-1801 Ole Aabel
1801-1807 Johan Henrik Lind
1807-1812 Andreas Cordsen
1812-1820 Holger Halling Schjødt
1820-1822 Edvard Qvale Prost og sokneprest i Luster - tok seg av kallet medan det stod ledig.
1822-1829 Peder Pavels Aabel 1823-1829 styrte Aabel presteembetet frå Sogndal.
1829-1835 Bernt Anker Leigh
1835-1840 Kjeld Andreas Bugge
1841-1846 Michael Sundt Tuchsen Fasting
1846-1853 Christian Bastholm Heltberg
1854-1868 Ole Christian Rasch
1868-1875 Andreas Emil Hansen
1876-1883 Anton Hansen
1884-1890 Wollert Johan Lyder Frich
1890-1903 Theodor Julius Børresen
1903-1906 Ragnvald Cornelius Knudsen
1906-1912 Amund Frøese Sokneprest Oscar Garman Nagelstad i Årdal vikarierte 1912-13
1913-1915 Carl Fredrik Falkenberg
1916-1920 John Rongved
1923-1929 Johannes Oscar Langmuir (Oscar Michelsen)
1930-1952 Svein Medhus
1952-1958 Dreng Harstad
1959-1966 Gustav Einar Roti
1968-1975 Jan Bernhard Klausen

Klausen var den siste soknepresten som budde i Jostedal prestegard. I 1975 vart ein ny prestebustad i Gaupne teken i bruk.

Notar

  1. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  2. Diplom 1318-19 (Jostedal historielag)
  3. Diplom 1322-23 (Jostedal historielag)

Kjelder