Sandane krins

Sandane krins i Gloppen kommune ligg i kommunesenteret Sandane. I dag er det den største krinsen i Gloppen. Sandane høyrte opphavleg til den gamle Eide krins. Under krinsreguleringa i 1890 gjekk skulestyret inn for ei sameining mellom Sandane og Mardal krins slik at storskulen gjekk saman vekselsvis på Sandane og Mardal og at eit større skulehus med sløydrom skulle byggast på Sandane. Kommunestyret vedtok at Sandane, Holvik, Eide, Evebø og Djupegot skulle høyre til Sandane krins. I 1892 stod det omtalte skulehuset klart.

Sandane skule

I tidsrommet 1918-1930 var ei stor sak spørsmålet om Austrheim krins og Sandane krins skulle slåast saman. Begge krinsane trengte nytt skulehus og skulehusnemndi la fram forslag om å bygge eit felles skulehus for dei to krinsane. Både skuledirektør Olav A. Vevle, fylkesskulestyret og Kyrkjedepartementet gav si godkjenning til forslaget, men heradstyret stemte nei. Saka kom opp fleire gonger fram til 1930. Då vart det til slutt avgjort at krinsane skulle halde fram kvar for seg.

Skulehus

Sandane gamle skule

  • Byggeår: 1892
  • Fungerte som skule: 1892 - 1934
  • Anna bruksområde: Flytta til Gjengedal krins i 1934.

Ein skuleprotkoll for Sandane krins, fortel at "27. februar 1917 vart det elektriske ljoset teke ibruk i Sandane skulehus". Seinare fortel han at "Den 29. oktbr. 1923 vart springvatn lagt inn i skulehuset".[1]

Sandane nye skule

  • Byggeår: 1934
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Sandane skule

  • Byggeår: 1977. Påbygd i 1997 i samband med 6-års reformen.
  • Fungerte som skule: Fungerer framleis som skule.
  • Anna bruksområde:

I 2016 har Sandane skule 278 elevar.

Skuledagen

I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen:

Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [2]

Skulevegen

Lærarar

Sandane og Austrheim krins delte lærar ei tid.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Endre M. Kr. Henden 1838 Sandane, Austrheim 1863 1891 Volda lærarskule 1864
Jøri Marta Martinusdatter Dobak 1868[3] Sandane, Austrheim 1891 1905 Lærarinneprøve i Bergen 1890 (Truleg) den førstre kvinna som fekk lærarpost i Gloppen.[4]
Hans Edvard Hansson Skram 1856 Sandane, Austrheim, Vereide 1891 (Sandane og Austrheim) 1894* Stord lærerskole 1882 Lærar på Vereide frå 1894.
Gudbrand Henden 1866 Sandane, Austrheim Sandane krins 1894 1927 Stord lærarskule (1886) Lærar i Nessestrand krins (Breim) 1887-1894.
Jon Henden 1874 Hennebygda krins 1902 Seljord lærarskule (1896) Var vikar for Anna Tystad kring ein månad i 1914.
Anna Tystad 1884 Austrheim og Sandane (småskulen) 1905 (1916?) Volda lærarskule (1904)
Agneta Stågne Sandane (1915?) (1915?)
Kristiane Lotsberg 19. mars 1889 Sandane (småskulen) 1916 (tidl. 1934, seinast 1943) Volda lærarskule (1913) Lærarinne Fjelde skule, Ryfylke (1914).
Johan Vereide 5. jan. 1891 Sandane, Rygg 1927 1942 Volda lærarskule (1923) Lærar i Fen i Holla, Telemark 1923-1927. Lærar i Rygg krins frå 1942.
Marta Einhjellen Sandane (seinast 1931) (1932?)
Jon Henden Sandane (seinast 1932) (1932)
Gunnar Loten(?) Sandane (1934?) (1935)
Lasse Kristensson Solheim 1879 Mardal, Sandane 1905 (Mardal), 1935 (Sandane) 1944 Tidl. lærar i Haram (1901-06). Var lærar på Mardal, men hadde ei klasse på Sandane åra 1935-1944.
Anna Rygg (Kleppenes) 1897 Osmundnes, Ryssdal, Sandane (småskulen) 1936 (Sandane) (tidl. 1959) Var lærarinne i Ryssdal 1920-1925. Vikar for Kristiane Lotsberg 1934-1935.
Olav Mo 26. des. 1907 Sandane 1942 1946 Oslo lærarskule (1928) Ungdomskulelærar i Nordfjord (1931-42) og i Gjøvik frå 1946.
Lars Stubhaug Sandane (1944?) (1945?)
Ragnar Rygg Sandane (1944?)
Kr. Kaale Sandane Vikar
Albert Øygard 22. mars 1891 Sandane 1946 Volda lærarskule (1923) Tidl. lærar i Naustdal. Med i eksamensnemda og Naustdal lærarlag.
Jon Eikenes 2. juli 1919 Sandane og Vereide, Nesjane 1945 1946 Oslo lærarskule (1943) Vikar. Seinare lærar ved Gloppen framh. skule (1946-47), Nesjane krins frå 1947.
Målfrid Glomnes Sandane (seinast 1956) (tidl. 1957)
Asbjørn Tonning 28. mai 1907 Mardal, Sandane 1946 (Mardal), 1959 (Sandane) Volda lærarskule (1934) Tidl. lærar i Hjørundfjord (1936-1939) og Innvik (1939-1946). Lærar på Mardal skule 1946-1959.
Martin Rønnekleiv Sandane (seinast 1958)
Kr. Kaale Sandane (seinast 1959) Vikar i 1946-47.
Jorunn Aursland Sandane (seinast 1960)
Sunnieva Løken Sandane (seinast 1961)
Torleiv Øygard Sandane (seinast 1962)
Ester Viken Sandane (seinast 1963)
Steinar Loe Sandane (seinast 1965)
Torstein Reed 25. feb. 1917 Sandane (seinast 1966) Volda lærarskule (1942) Lærar i Årdal (Breim) (1942-1964).
Kari Ese Stavøstrand Sandane (seinast 1966)

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  2. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  3. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037366002491
  4. Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Oversigtsprotokoll for Austreim krins og Sandane krins, 1892-1918
  • Skuleprotokoll for Sandane krins og Austreim krins, 1902-1935
  • Skuleprotokoll for Sandenes krins, 1907-1933
  • Hovudbok for Sandane, 1918-1941
  • Hovudbok for Sandane skule, 1931-1969
  • Hovudbok for Sandane skule, 1940-1967
  • Hovudbok for Sandane skule, 1958-1969
  • Skulestorbok for Sandane krins, 1934-1964
  • Dagsjournal for Austreim krins og Sandane krins, 1892-1911
  • Dagbok for Austreim krins og Sandane krins, 1879-1902
  • Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926
  • Dagbok for Sandane skule, 1907-1930
  • Dagbok for Sandane krins, 1926-1960

Digitale kjelder


Koordinater: 61.771884° N 6.220381° Ø