Træsneset (Fedje)

Træsneset er eit nes i Bruvågen i den søre delen av VestkantenFedje, sjå kartet der. Den første busetnaden her kom på 1860-talet.

Træsneset til venstre med «Stokken», den første brua dit.

Jorda hørte frå gammalt av til gnr 168 bnr 24 Børo. I 1875 vart Børo delt i tre delar (sjå innleiinga der), og Træsneset vart dermed ein eigen gard med gnr 171. Rett etter frådelinga skøytte Arnold og Andrea Kahrs Træsneset til Fedje Torvkompagni for 100 spd. Då dette selskapet vart oppløyst, vart Fedje Torvbruk eigar frå 1901. I 1909 kom Træsneset i sjølveige, sjå nr 2 her. Matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 59 øre. Fire tomter som ikkje ligg på sjølve Træsneset, men som geografisk tilhører same området, er oppførte under dette avsnittet.


Fedje komm.svg Træsneset (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmevegen 33 (Fedje gnr 170 bnr 79) • Neste bolk: Træsneset (Fedje gnr 171 bnr 1)