Ørsta kommune
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven i Møre og Romsdal. I sør mot Hornindal kommune i Sogn og Fjordane.
Ørsta kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1520 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Ørsta |
Areal | 804.13 km² |
Areal land | 785.79 km² |
Areal vann | 18.34 km² |
Folketall | 10 929 (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre . Kommunen har tre kyrkjer, Ørsta kyrkje, Vartdal kyrkje og Bjørke kyrkje.
Ivar Aasen var språkforskar, målmann, diktar og opphavsmannen til nynorsk (landsmål). Ivar Aasen-tunet blei åpna i 2000.
Europaveg 39 går gjennom kommunen, frå Volda i sørvest, gjennom kommunesenteret, vidare mot nord til ferjestaden Festøya.
Kommunehistorikk
Ørsta var tidlegare en del av Volda kommune, men frå 1883 sjølvstendig kommune med navnet Ørsten, I 1917 vart namnet endra til Ørsta. 1. januar 1964 vart Ørsta saman med dei tidlegare kommunane Vartdal og Hjørundfjord, slått samean til stor-kommunen Ørsta.
Nokre personar frå Ørsta
- Ivar Aasen, (1813–1896), språkforskar, målmann og diktar
- Anders Hovden, (1860–1943), diktarprest og målmann
- Peter Kjeldseth Moe, (1909–1973), arbeidarpolitikar, stortingsrepresentant og sakførar
- Marie Takvam, (1926–2008), forfattar og skodespelar
- Anna Skeide, (1910–1980), lyrikar
- Olav Strømme (1909–1978), målar
- Bjarte Engeset, dirigent
- Side Brok, hiphopmusikarar
- Roar Hagen (1954-), avistegner og bokillustratør
- Andreas Haavoll, (1869–1958), bladmann
- Arne Mo, forfattar
- Kristine Eikrem Engeset, (1988-), friidrettsutøvar
- Arill Riise,(1958-), journalist
- Sigvard Engeset, prest og salmediktar
- Olaf Hillestad, prest og diktar
- Gunnhild Øyehaug, (1975),forfattar
- Berthe Canutte Aarflot,(1795–1859), forfattar