Ei
høybåre er ein
stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under
slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på
husmannsplassar og på sjølveigande
småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige,
hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med
riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir
gjørdt (gyrdt) med eit taug med
reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på
stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.
Les mer …