Forside:Valdres: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
<div style="position: relative; margin: 0 10px 0 0;  border: 1px solid #dfdfdf; padding: 1em 1em 0em 1em; background-color:#f8f8ff; ">
<div style="position: relative; margin: 0 10px 0 0;  border: 1px solid #dfdfdf; padding: 1em 1em 0em 1em; background-color:#f8f8ff; ">


{{#dpl:categorymatch=%Sør-Aurdal%¦%Nord-Aurdal%¦%Vestre Slidre%¦%Østre Slidre%¦%Vang i Valdres%¦%Etnedal%|  randomcount=1|namespace=|format=,{{:%PAGE%}},,}}
{{:{{#dpl:categorymatch=%Sør-Aurdal%¦%Nord-Aurdal%¦%Vestre Slidre%¦%Østre Slidre%¦%Vang i Valdres%¦%Etnedal%|  namespace=|randomcount=1|format=,%PAGE%,,}}}}
</div>
</div>



Sideversjonen fra 1. nov. 2007 kl. 21:37

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Gravminnet åt familien Espelien/Klevgaard på Bruflat kyrkjegard.
Foto: Dag Gurihus (ca. 2006)

Gudbrand Klevgaard (fødd 17. mars 1866 i Etnedal, død 7. juli 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Han var òg klokkar, lokalpolitikar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar med meir. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv.