Henrik August Angell (1861–1922)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oberst Angells statue. Holmenkollen
Foto: Mittet & Co.
Henrik August Angell (1861–1922) er trolig den mest kjente nordmannen som har gjort tjeneste i Fremmedlegionen. Her i løytnantsuniform; i Norge hadde han vært oberst før han gikk i fransk tjeneste.
Foto: Ukjent

Henrik August Angell (født i 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922 i Kristiania) var offiser, eventyrar, skipionér og forfattar. Han var ein ivrig idrettsmann og foredragshalder, interessert i ungdomsrøyrsla og målrøysla. Som person var han ein leiar, forsvarsven og idealist. I 1905 vart han som fyrste nordmann innvalgt i IOC.

Slekt og familie

Han var son av kaptein Johan Mølmann Anderson Lysholm Angell (1820–1888) og Marie With Bonnevie, frå slektene Angell og Bonnevie.

Den 1. november 1890 vart han gift med Gerhardine Henriette de Serène d'Acqueria (1857–1934), frå slekta Serène d'Acqueria. Ho var dotter av den danske birkedomaren Louis Victor de Sérène d'Acqueria og Thora Fortunata Benzon. Dei fekk to born.

Liv og verke

Henrik August Angell vart fødd i Luster, der faren var offiser og gardbrukar, og han hadde sine første år der. I 1870 flytta familien til Bergen. Han valde ein militær karriere. I 1884 vart han premierløytnant, og i 1898 tok han generalstabseksamen. Etter å ha gifta seg i 1890 busette paret Angell seg på Bygdøy ved Kristiania.

I 1911 vart Angell oberst og regimentssjef i Hæren. Han var oppteken av at forsvaret måtte byggjast på ein folkeleg oppslutning, noko han meinte hadde gått tapt under unionen med Sverige. Løysinga var kjærleik til fedrelandet og fysisk fostring. For å vekke kjærleiken til Noreg tydde han til historia, og han heldt ei rekke foredrag og skreiv bøker om norsk krigshistorie, mellom anna om skottetoget og om sjuårskrigen 1807–1814. Han skreiv óg om andre land sin fridomskamp, mellom anna om Montenegro sin kamp mot Tyrkia som han vart kjend med under ein skitur i Montenegro i 1893. Som forfattar skreiv han først på [bokmål|riksmål]], men gjekk etter ein tid over til landsmål for å støtte målrøysla.

Den fysiske fostringa ville han få til gjennom idrett, og særleg var han oppteken av skiidrett. Han kom med i leiinga av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, ein forløpar for Norges Idrettsforbund. Under den nemnde turen til Montenegro oppretta han den første skiskulen der, og montenegrinarane reknar han som grunnleggjaren av skisporten der. Han var òg med på fleire av Fridtjof Nansen sine ekspedisjonar, og han utvikla vinterutstyr til Hæren.

Angell engasjerte seg óg i Kristiania krets av Norges Forsvarsforening, som arbeidde for å få Stortinget til å gå inn for ein kraftig opprusting i 1890-åra. For Angell var forsvaret nasjonen sin ryggrad, og han omtalte krig som noko lutrande som alle nasjonar trengde. I tida rundt 1905 stod han på Venstre sin side, og særleg med dei radikale som Georg Stang og Johan Castberg. Han overgjekk dei fleste i sin militarisme, særleg med sine revansjistiske krav om å ta att Grønland, Færøyane og Båhuslen – rett nok var det ein del som ville ta att øyane, men nokon invasjon av Sverige var det få som ville vere med på.

I 1905 vart Angell den første norske medlemmen av Den internasjonale olympiske komité, IOC. Truleg var det avgjørande at han eit par år i forvegen hadde vore i Frankrike for å lære franske soldatar å gå på ski.

På nyåret i 1918 søkte han permisjon frå stillinga i Hæren, og reiste til Frankrike. Der verva han seg til Fremmedlegionen, der han fekk løytnants grad. Norske styresmakter hadde ikkje noko problem med at nordmenn gjekk i fransk teneste. Sidan Noreg var nøytralt kunne ein ikkje ha ein norsk oberst i teneste, om enn i permisjon, på fransk side i første verdskrigen. Han fekk derfor avskil i nåde. Angell var med i sluttkampane på Vestfronten. Etter at våpenkvila kom i november 1918 var han redd for å få garnisonstjeneste. Han var 57 år gamal, og i fredstid var han for gamal til aktiv teneste i felt. Så vart det bestemd at Frankrike skulle sende ein ekspedisjonsstyrke for å sikre Murmansk under den russiske borgarkrigen. Angell var, som skiløpar, godt egna for dette oppdraget. Han fekk forfrysningar, og på eit lasarett i Paris måtte dei amputere delar av ei hand og ein fot. Han vart etter dette dimittert frå legionen, sterkt svekka av skadane. Under den første franske nasjonaldagsfeiringa etter krigen, den 14. juli 1919, stod Angell på ærestribunen saman med president Raymond Poincarés.

I 1920 reiste han heim til Kristiania, der han døydde to år seinare etter ein foredragsturné. Ved gravferda sende Haakon VII krans.

I 1923 vart det reist ein statue av han, laga av Gustav Lærum, nedafor Holmenkollen Restaurant. Initiativtakar var Noregs Ungdomslag. Det står òg ein minnestein ved omsorgssenteret i Dale i Luster, reist av Sogn Ungdomslag i 2000. Den har eit relieff laga av Ambrosia Tønnesen. I Holmenkollåsen i Oslo finn vi Oberst Angells vei.

Henrik Angells gate i Trondheim er ikkje oppkalt etter denne Henrik Angell, men etter sokneprest Henrik August Angell som var fetter til vår Henrik Angell sin farfar.

Litteratur og kjelder