Johan Brithanus Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. sep. 2014 kl. 07:22 av Kallrustad (samtale | bidrag) (mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Johan Brithanus Aarskog (fødd 28. august 1882 i RovdeSunnmøre, død?) var lærar og kyrkjesongar. Han verka lengst i Veldre i Ringsaker.

Bakgrunn og familie

Han vaks opp i Rovde i Sande kommune, som son av bonde Johannes Aarskog og Berte Oline. Johan Aarskog tok eksamen ved Stord lærarskule i 1903. Den eldre broren Severin hadde òg teke lærarutdanning.

I 1907 vart han gift med Dorothea Kristine Liseth (1888-?) frå Sogndal, dotter av kyrkjesongar D. Liseth og Sara. Ekteparet Aarskog fekk seks søner og fire døtrer.

Lærar

Som nyutdanna hadde han fleire stutte engasjement. Aarskog var lærar i Ibbestad (1903), Hosanger (1904), Sande (1905) og Sunnylven (1907-10). I 1910 kom han til Austlandet og Ringsaker, der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Veldre. Då folketellinga for 1910 vart teken opp, var Aarskog på plass med familien i klokkargarden i Veldre. I Veldre arbeidde han heile tida ved Kirkekretsen skole.

Ombod

Aarskog var medlem av skulestyret i både Sunnylven og Ringsaker, og han sat som formann i Ringsaker lærarlag i ti år. Like lenge var han formann i Hedmark krins av Noregs lærarlag.

Johan Aarskog var sentral i mål- og ungdomsarbeidet i alle bygdene han virka i. Han hadde òg fleire stipend. I 1913 fekk han Ole Gabriel Uelands stipend til folkeskulen i Kristiania, medan han i 1922 fekk Statens reisestipend til Danmark og Sverige.


Kjelder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket