Kristofer Lange

Mal:Thumb høyre Kristofer Andreas Lange (født 6. september 1886 i Kristiania, død 27. april 1977) var ein arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1915-1965. Han var son av arkitekt Balthazar Conrad Lange (1854-1937).

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens håndverks- og kunstindustriskole, og i Berlin i åra 1909-1912, og arbeidde særleg med reguleringssaker.

I 1919 vant han tevlinga om regulering av Harstad (seinare bearbeida av Sverre Pedersen), og i 1920 vann han tevling om ny byplan for Bodø. Det var difor naturleg for BSR å engasjere han til å utarbeide byplan for Bodø og reguleringsplan for Rognan etter bombinga i 1940. Han tegna også eit par bygningar i Bodø: Godtemplarhuset i Storgata 56, for Avholdslosjen Nordens Klippe og Den gode vilje, 1944 -1948, og saman med Georg Greve tegna han Bankgata ungdomsskole i Bankgata 24. Bygninga vart planlagt i 1940, bygginga tok først til i 1946, og skolen vart innvia i 1949.

I Narvik tegna han Kolflaath-gården, ein forretningsgård i Kongensgate 42 i 1950-1951.

Blant hans arbeid elles kan særleg nemnast Villa Thallaug (no Nansenskolens eldste del) på Lillehammer frå 1918, «Idrettens Hus» i Moss frå 1939, Horten kino frå 1936. I Oslo tegna han Sogn hageby (1920), Valkyrie plass T-banestasjon (nedlagt, men bevart) 1928, Sinsenbyen (saman med Th. Chr. Hauff - Lange sto for reguleringa, Hauff for bygningane) (1934-39), Majorstuen stasjon (Majorstuhuset) i 1930, og eit lite venteskur i betong på Slemdal stasjon. Han har også laga reguleringsplan for Nordre Nøtterøy, og har teikna Tønsberg krematorium med kapell, sammen med Ørn Olavssøn Klingenberg (1937).

Kristofer Lange teikna også, i tida rundt 1912, elektriske nedstigningstårn i Kristiania.

Lange er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Galleri

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.