Min vesle by (kulturminneløype i Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 28. jun. 2019 kl. 13:54 av PaulVIF (Samtale | bidrag) (Kulturminne)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Min vesle by er ei kulturminneløype i Odda sentrum med vekt på arkitekturhistorie og byutvikling. Nest etter Bergen er Odda den mest bymessige staden i Hordaland. Odda har særpreg, og arkitetkturen frå byrjinga av 1900-talet har kvalitetar på line med Bergen og Oslo, har fagfolk sagt. Denne kulturminneløypa viser deg bygningar og kulturminne i sentrum. Ruta er lagt opp frå Smelteverksporten, gjennom Folgefonngata og Skulegata, ned Skuletrappa via Brotateigen, Torget og Almerkeparken og opp gjennom Gågata og tilbake til Smelteverksporten.

Kulturminne

Utan smelteverket, ingen by. I alle fall ingen småby som utvikla seg raskt frå 1906 og framover. Og bergensarkitekten Sigurd Lunde er representert her.
Den første gjeldande reguleringsplanen for Odda sentrum blei godkjend 12. september 1907, men då var alt grensene for bygningskommunen sprengt.
Der Røldalsvegen og Kremarvegen deler seg går gatene skrått nedover frå same punkt. Dei «skrevar ut» som to bein i ei bukse kan vi tenkja oss.
I Odda sentrum kan du også gå kulturløypa Bikubegang. Når du står på fortauet øvst i Skrevet der Gågata startar, ser du eit lite skilt på ein stolpe.
Folgefonngata er den andre gata som blei ferdig i tråd med byplanen frå 1907.
Dei første arbeidarbustadane som blei bygde i Odda sentrum var små trehus i ein og ein halv etasje. Tre av desse husa høyrer til Industristadmuseet i dag.
Har du sett den grønne brannhydranten på hjørnet av Murboligen? Det blir fortalt at den tyske keisaren, Keisar Wilhelm den 2. gav Odda tilskot til hydrantane i 1908.
I hagen mellom Folgefonngat 9 og 11 står det ein gammal vannpost.
Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.
«Alle i Odda gikk jo på søndagsskulen før. Vi gikk i kirko på føremiddagen og på Frelsen på ettermiddagen. Det var kjekkast på Frelsen», seier mange.
Barneskulen i Odda er eit monument over Oddas historie og ser ut som ein stor byskule frå byrjinga av 1900-talet. Schak Bull var første arkitekt.
Den bratte skråningen mellom bydelen på Bakke og bydelen langs sjøen var ei utfordring.
«Lunt i ly av trauste fjelle, Odda by er lagt» står det i Oddasongen. Men kva har det med dette huset å gjera?
Livet i Brotateigen har alltid vore prega av handverk, handel, båtar og trafikk.
Den kjende bergensarkitekten Ole Landmark er representert med to bygg i Odda.
Der Torget og kaien er i dag, var det opprinneleg fjøra og båtstøer. Den kjende fotografen Knud Knudsen leika nok her som barn i 1830 åra. Bestefar hans var «Kremar-Knut» og faren var også kremar i Kremargarden nokre år.
Det velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907
Dette forretningsbygget er eit godt døme på 1960-tallsarkitektur av Sekse & Mannsåker. Det er bygd då Odda var i ei sterk oppgangstid.
Sjøen var lenge hovudvegen til Odda. Turistane kom med båt, varene kom med båt og folk kom og reiste med båt. Og her låg det legendariske Hotel Hardanger.
Denne eldste hovudvegen gjennom Odda starta ved sjøen på Almerket nordvest for kyrkja og gjekk strake vegen opp forbi dei flate bøane før han tok opp Tungebrekke, over Eidesmoen og opp i Eidesåsen.
Huset er truleg kalla Vinkelgården frå det var nytt fordi det er bygd i ein open vinkel. Men dei fleste godt vaksne og eldre kallar huset Bækkenhuset.
I mange år lukta det nysteikte brød og kaker rundt Bakkegata 1. Då huset var nytt var adressa Nygata. Korleis heng dette saman?
Det store huset øvst i Gågata kan virka mørkt og tungt ved første augekast. Arkitekt er Olaf Jahnsen og huset rommar mykje levande Oddahistorie.