Nesset kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. jul. 2012 kl. 13:13 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (retter orddelingsfeil, retter egen feil, og lenke til foreldreløs)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesset kommune
1543 Nesset komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1543
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Eidsvåg
Areal 57.63  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 57.63  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1964
Sammenslåing(er) Nesset, Eresfjord og Vistdal
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Nesset kommune er ein av Romsdalskommunane i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Gjemnes, Sunndal, Lesja, Rauma, Molde og Tingvoll. Sistnemndne kommune ligg mot nord, på den andre sida av Sunndalsfjorden. Administrasjonssenteret ligg i Eidsvåg. Dei største bygdene er Eikesdal, Vistdal, Eresfjord og Boggestranda på sørsida av Langfjorden. I aust ligg Eidsøra og Raudsand og i vest Rød, Tjelle, Ranvik og Gussiås.

Kommunehistorikk

Dei tidlegare kommunane Eresfjord kommune og Vistdal kommune blei ved kommunesamanslåinga i 1964 slått saman med tidlegare Nesset kommune.

Vasskraftkommune

Gjennom omfattande utbygging av fleire vassdrag i Aursjøtraktene og Eikesdalsfjella har Nesset kommune blitt ein av kraftkommunane i fylket. Vasskrafta har stor økonomisk betydning for kommunen. Vasskraftutbygginga skape strid på 1970-talet, og toppa seg i Mardøla-aksjonen fordi ein stor del av vassføringa i Mardalsfossen skulle brukast til vasskraft.

Kultur

Nesset prestegard var i si tid barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson før han flytta til Molde. Prestegarden skal vedlikehaldast i samarbeid mellom Romsdalsmuseet og Opplysningsvesents fond. Prestegarden er kommunen sin tusenårsstad.

Det er fire kyrkjer i Nesset kommune: Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje i Vistdal, Eikesdal kapell i Eikesdal og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Folketalsutvikling

Utviklinga 1801-1970[1]

1543 Nesset demografi 1801-1970.jpg
Folketeljing Innbyggjarar
1-2-1801 1871
30-4-1815 2026
27-11-1825 2275
29-11-1835 2651
31-12-1845 2882
31-12-1855 3018
31-12-1865 3413
31-12-1875 3567
31-12-1890 3725
3-12-1900 3458
1-12-1910 3329
1-12-1920 3249
1-12-1930 3169
3-12-1946 3679
1-12-1950 3657
1-11-1960 3666
1-11-1970 3577

Folketalsutvikling folke- og bustadteljing 2001

Ved folketeljinga 3. november 2001 var totalt 3.258 personar busette i kommunen.[2]

Innbyggjartal etter område

Område Antal Prosent av
total
Eidsvåg 872 27%
Rausand 281 9%
Spreittbygde strok 1919 58%
Ikkje oppgjeve 186 6%

Innbyggjartal etter grunnkrins

1543 Nesset demografi 2001 grunnkretser.jpg
Grunnkrins Antal 2001 Prosent
0100 Nesset 2429 74,6%
0101 Ranvik 82 2,5%
0102 Tjelle 116 3,6%
0103 Rød 219 6,7%
0104 Høvik 121 3,7%
0105 Hammervoll 326 10,0%
0106 Eidsvåg sentrum 344 10,6%
0107 Aasen 174 5,3%
0108 Stubø 183 5,6%
0109 Vorpenes 97 3,0%
0110 Raudsand 131 4,0%
0111 Bersås 205 6,3%
0112 Eidsøra 262 8,0%
0113 Meisalstranda 92 2,8%
0114 Bugge 77 2,4%
0200 Eresfjord og Vistdal 820 25,2%
0201 Myklebostad 169 5,2%
0202 Nerland 131 4,0%
0203 Sira 235 7,2%
0204 Slenes 203 6,2%
0205 Eikesdal 82 2,5%
0206 Aursjøen 0 0%
9900 Ikkje oppgjeve 9 0,3%

Sjå òg

Referansar

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!