Olav Aukrust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreOlav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, folkeminne- og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.

I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.

Dei nasjonalromantiske vyene om ei germansk, nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske folkeånd skal nåast i ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.

Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av teosofien og antroposofien.

Familie

Olav Aukrust var fødd og oppvaksen på Nordgard Aukrust i Bøverdalen i Lom, som hadde vore slektsgard i generasjonar. Foreldra var gardbrukarparet Olav Olsen Aukrust (1851-1931) og Mari Pålsdotter frå Uppigard Andvord (1864-1936).

Olav var eldst i ein syskenflokk på fem:

Olav overlet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter han sjølv.

Olav Aukrust gifta seg sommaren 1911 med Gudrun Blekastad (1887–1984), dotter av skulemannen og forretningsdrivande Ivar Blekastad (1850–1936) og Torø Ofigsbø (1858–1929). Olav og Gudrun hadde vore trulova frå 1907. Frå 1918 bygde dei seg heimen Lyvjaberg på ein tidlegare husmannsplass under Aukrust, Aukrusttrædet. Gudrun budde der heilt til i åttiårsalderen, og sommarstid også lenger, til ho kom på aldersheimen i Lom i 1977.

Olav og Gudrun Aukrust fekk to søner, Olav (1912-?), som var laborant, forfattar og religionshistorikar, og Ivar (1913-1994), som vart arkitekt og budde i Trondheim.

Frå 1922 til hausten 1926 var Olav og Gudrun Aukrust separerte, og ho og borna budde hjå familien hennar i Gausdal. Det hadde samanheng med at Olav og systera til Gudrun, Margit Blekastad, hadde eit kjærleiksforhold. Olav Aukrust og Margit Blekastad budde til dels i hop, mellom anna ein periode i eit eige hus på garden til Rikard Skjelkvåle i Skjåk.[1]

Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt

Også ut over dette ekteskapet var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den folkehøgskule- og friskuleverksemda som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var ein sjølvsagd ingrediens i dette miljøet.

Skulegang og sjukdom

Olav gjekk berre fem år i folkeskulen (allmugeskulen), openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige framhaldsskulen som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på Geisar i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han amtskulenVignes ved Lillehammer.

Aukrust hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på skogskulen på Kongsberg. Han var for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi han som gardsarbeidar på heimegarden.[2] Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt i ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på Dr. Jervells klinikk i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han og også hyste draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken. Igjen måtte Aukrust halde seg heime på garden i halvtanna år for å samle krefter att. Han bestemde seg nå for å gå inn i skulen.

Frå hausten 1903 gjekk han lærarskulen på Elverum og tok lærarprøva der våren 1906. Den kjende målmannen, venstrepolitikaren og frå 1907 skuledirektør Olav Andreas Eftestøl var rektor der, og Aukrust hadde han som norsklærar.

Etter lærarskulen flytta Aukrust til Kristiania for å lese til artium. Det var vinteren 1906-1907. Han budde i Studenterhjemmet i Underhaugsveien, og fekk noko økonomisk stønad frå «ei lærarinne i Elverum, frk. Torstensen»[3] høgst sannsynleg identisk med Ingeborg Torstejnson, markant pedagog og lokal venstrepolitikar, Noregs fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentant. På denne tida vart han nærare kjend med Gudrun Blekastad, og dei trulova seg i 1907. Bror til Gudrun, kunststudenten Hallvard, hadde Aukrust vore god ven med alt i fleire år.

Olav Aukrust gav opp artiumsplanane etter det fyrste året, dels på grunn av helsa, dels fordi det vart økonomisk vanskeleg å gjennomføre.

Folkehøgskulemannen

I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ei lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren Ivar Mortensen Egnund, og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.

I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine alle i målbladet Den 17de Mai. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre reknar som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den vart starta på nytt, etter mange års opphald, denne gongen på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar Olaf Funderud. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, Per Svindland frå Valdres og Louise Walmsnæss frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.

Ved folketeljinga 1910 finn vi Olav Aukrust som losjerande på Østre Haga i Eidsberg.[4] Sommaren året etter gifta han og Gudrun Blekastad seg i heimen hennar i Gausdal. Prest ved vigselen var Christopher Bruun. I Eidsberg leigde ekteparet seg nå hus på garden Gardsegg.

I 1913 vart Aukrust overtala av folkehøgskuleveteranen Andreas Austlid til på nytt å starte folkehøgskule i Østre Gausdal i den stolte tradisjonen etter Christopher Bruuns Vonheim. Den kom i gang om hausten på garden Austlid, og heldt på i to skuleår. I 1915 kom det av ymse grunnar opp planar om å flytte skulen til Dovre. Primus motor for dette var Bjørner Vigerust, og planen om Dovre folkehøgskule vart realisert frå hausten 1915. Aukrust var nå i i ferd med å få ut den fyrste store diktsamlinga si, Himmelvarden, og hadde praktiske problem med å kombinere dette med skulearbeidet. Han fekk Hallvard Blekastad til å trå inn som vikar, og hausten 1917 sa Aukrust opp posten sin. Han tok seg ikkje nokon lærarpost sidan, bortsett frå eit par månaders tid på Vest-Oppland folkehøgskule på Barndbu i 1923, men måtte gje seg der på grunn av sjukdom.

Kulturvernar og smaksdommar

Hausten 1918 kunne familien Aukrust flytte inn på Lyvjaberg, der Aukrust frå fyrst av hadde sett opp to gamle stover, ei frå Vigstad i Skjåk og ei frå Garmo.

Diktinga

Det visjonært religiøse

Det burlesk folkelege

Den nasjonale renessansen

Antroposof?

Det var truleg Ivar Mortensen Egnund som i Aukrusts lærarår i Folldalen 1907-1908 introduserte han for teosofien, ei religiøst-filosofisk retning som Rudolf Steiner og hans antroposofi hadde utspring i. Det fanst eit teosofisk selskap i Noreg frå 1893, og Egnund hadde nær kontakt med dette.[5] Frå 1908 og åra fram til fyrste verdskrigen var Steiner mange gonger i Noreg, og det danna seg eit antroposofisk miljø i Noreg etter at det vart brot mellom teosofane og Steiner i 1912. Olav Aukrust var nær knytt til dette miljøet gjennom sentrale antroposofar som Ingeborg Møller, Helga Geelmuyden, diktaren Alf Larsen og Einar Lunde. Styrar Olaf Funderud på folkehøgskulen på Mysen vart overtydd antroposof, og alt tyder på at Aukrust var sterkt medverkande til dette.

Antroposofien let seg ikkje utan vidare sameine med folkehøgskuleideologien. Christopher Brunn såg på åndsretninga som tøv og svermeri.[6] Ikkje desto mindre kan Aukruts biograf Jon Inge Sørbø slå fast, etter å ha gjort greie for teosofien og antroposofien særleg frå og med Steiners første besøk i Kristiania 1908:

«Og sanneleg - etter ei tid finst det eit stort miljø av antroposofar i folkehøgskulen, hos Funderud, i Blekastad-familien, på folkehøgskulane i Gausdal, Dovre og Eidsvoll. Det har Aukrust avgjort ein finger med i, for ikkje å seie ei heil hand. Kor lojal han sjølv var mot dette antroposofiske miljøet, er eit meir komplisert spørsmål.»[7]

Gudrun og Olav Aukrust besøkte det antroposofiske «hovudkvarteret» til Steiner i Dornach, Sveits, i 1921. Om lag på den tida melde Olav Aukrust seg inn i Antroposofisk selskap, men mista medlemskapet da han forsømte å betale kontingent.[8]

Romantikar og fascistoid?

På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den poltisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren Tor Obrestad frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren Eystein Eggen påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.

Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå Venstre frå 1880-åra av til Bondepartiet i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen gjekk båe inn i NS, og Paal vart ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933, og også han stod i NS under krigen. Iallfall to markante kunstnarvener av Olav Aukrust, David Monrad Johansen og Wilhelm Rasmussen vart også nazistar.

Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i diktarens nærmiljø gjer det høgst relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i hans litterære produksjon. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:

Då høyrde eg Solørnen hjala,
og eg høyrde vår folkeånd tala:
«Ei fylking av forne stor-menn
bed meg for folket sitt, so:
”Ei hird utav sanne nordmenn
nyreise Norig att no!”
Til viljen, til striden deim stører
mi nørarånd.
Til siger, til sanning deim fører
mi førarhònd.
[...]»

(Frå diktet «På Dovrefjell» som avsluttar samlinga Hamar i Hellom.)

Aukrusts dikting kunne for enkelte fungere direkte som motiveringsfaktor for å slutte seg til NS. Ein lærar frå Dovre, lokalt og på fylkesnivå ein sentral tillitsperson i partiet, skreiv etter arrestasjonen i 1945 følgjande som delforklaring på si tilslutning til rørsla:

«Olav Aukrust og andre diktarar og sjåarar hadde skrive om den åndelege utviklinga i landet og sagt frå om kva som stod på spel dersom ikkje jorda og bonden var midtpunktet og kjernen.»[9]


Det er i denne samanhengen viktig å påpeike at bonderomantikk, nasjonalisme og blod og jord-mystikk ikkje er ein spesifikt fascistisk eller nasjonalsosialistisk ideologi. I Noreg frå andre halvparten av 1800-talet og langt inn i etterkrigstida, var dette eit åndeleg fellesgods for breie, nasjonalt sinna og demokratiske rørsler. Det hadde røter i den tyske nasjonalromantikken med filosofen Johann Gottfried Herder som ein viktig opphavsperson, og vart formidla til Norden og Noreg særleg av Nikolai F.S. Grundtvig og Christopher Bruun. Store delar av norskdomsrørsla, derunder målrørsla, folkehøgskulane og dei frilynte ungdomslaga, hadde dette som ein felleskulturell ballast, og det strekte seg vel å merke langt utover nynorskmiljøa.

Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbakt i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og om nødvendig terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.

Bibliografi

  • Himmelvarden, 1916.
  • Hamar i Hellom, 1926.
  • Emne, Gyldendal, 1926.
  • Solrenning, Gyldendal, 1930.
  • Norske terningar, Gyldendal, 1931.
  • Dikt i samling, I-II, Gyldendal, 1942.
  • Skaldespor. Artikler, taler og brev i utvalg, Gyldendal, 1952. Utgitt ved Leif Mæhle.
  • Dikt i utval, Gyldendal, 1999. ISBN 82-05-26257-8 – Les i fulltekst

Referansar

  1. Det er gjort utførleg greie for dette forholdet i Jan Inge Sørbøs biografi over Olav Aukrust.
  2. Mal:Folketelling person
  3. Mæhle, L. 1965:8
  4. Mal:Folketelling person.
  5. Sørbø, J.I 2009:79.
  6. Sørbø, J.I 2009:78.
  7. Sørbø, J.I 2009:72.
  8. Sørbø, J.I 2009:7.
  9. Moren, G. 1983:49.

Kjelder og litteratur