Per Berg (1886–1974): Forskjell mellom sideversjoner
(nynorsk) |
(retter FT-lenke) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
*[http://www.dolaringenboklag.no/index.php Dølaringen Boklag] | *[http://www.dolaringenboklag.no/index.php Dølaringen Boklag] | ||
{{Norske skolefolk 1934}} | {{Norske skolefolk 1934}} | ||
*{{folketelling | *{{folketelling|pf01037078000948|Peder Berg|1900|Lesja herred}}. | ||
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1992: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 165. | *[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1992: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 165. | ||
Sideversjonen fra 11. aug. 2015 kl. 14:00
Mal:Thumb høyre Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar og til sist overlærar ved Hamar folkeskole (Midtbyen skole). Berg var sersjant ved Nord-Norges og Nordenfjellske ingeniørbataljonar 1911-18 og furér 1918-30. Han søkte avskil frå militærtenesta ved overgangen til den nye hærskipnaden i 1930.
Berg vaks opp på Lesja som son av O. H. Berg, som òg var lærar, og Kari f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskole i 1909 og lærarskuleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ved reallinja.
Per Berg samla mykje tilfang til Bygdebok for Lesja og skreiv slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.
Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar. Dei fekk to søner.
Kjelder og litteratur
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Peder Berg i folketelling 1900 for Lesja herred fra Digitalarkivet.
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 165.