Rasmus Larsson Faaberg

Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 09:30 av Cnyborg (samtale | bidrag) (korr)

Rasmus Larsson Faaberg (fødd 25. august 1843, død 22. mars 1922) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han var son til lensmann og ordførar Lars Rasmusson Faaberg og Anna Andersdotter frå Leteigen.

Rasmus Larsson Faaberg - ordførar i Jostedalen 1870-1874

Rasmus L. Faaberg fekk skøyte hjå far sin på heimebruket Nedre Fåberg 31. mai 1866, og her vart han buande levetida ut med kona Gjertrud Larsdotter (1838-1913), frå Kruna, dotter av gardbrukar og ordførar Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter.

Faren hadde vore den fyrste med gardbrukarbakgrunn som vart ordførar i Jostedalen (1840-1841), og Rasmus var sjølv ordførar 1870-1874.

Rasmus og Gjertrud fekk åtte born i lag, og seks av dei voks opp:

  • Anna Rasmusdotter Faaberg (1861-1861)
  • Johanna Rasmusdotter Faaberg (1863-1936), gardbrukarkone på Øvre Fåberg
  • Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957), fekk overta heimebruket
  • Rasmus Rasmusson Faaberg (1868-ca 1919), utvandra til Amerika
  • Anna Rasmusdotter Faaberg (1870-1939), ugift
  • Tøger Rasmusson Faaberg (1874-1939), landhandlar, Bjørk
  • Maria Rasmusdotter Faaberg (1879-1952), gardbrukarkone på Bergset
  • Gjertur Rasmusdotter Faaberg (1882-1883)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200 (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 694-95. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Andreas Emil Hansen