Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmøre og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmøre.

Ball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn. Her ser vi blandaball, men utsjånaden og tilhøret er i hovudsak den same som ved saltfiskball.
Foto: Olve Utne

Variantar

I mange familiar er det vanleg å plassere feite av nitjefeitt (bitar av feitt frå mageområdet på sau) i sentrum av blandaballen. Det er vanleg at nokre ballar blir laga utan feite for dei som føretrekkjer det. Om ein lagar ball både med og utan feite i lag, blir gjerne ballane utan feite laga avlange og kalla langball. Ein variant utan kjøt er elles å erstatte nitjefeittet med småe terningar med smør. Ein del brukar òg fleskefeitt av gris i staden.

Oppskrift

Sjå òg


  Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Blandaball» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.