Stord lærerskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit.

Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.

Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.

Styrarar

Personar med eksamen frå lærarskulen

Navn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke
Thorstein Eggum (1901-94) 1922 Lærar i Skjåk 1923-45 og Lier 1945-?. Styrar Egge skule 1950-? Varaordførar (Ap) i Skjåk 1934-41.
Halvor Fosmark (1860-1933) 1883 Lærar i Vardal ved Gjøvik. Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10.
Knut M. Frøyset (1857-1926) 1880 Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. Aktiv lokalpolitikar i Kolbu.
Olav Gjørvad (1860-1951) 1880 Lærar ved Kviteseid Seminar og Vang høiere almueskole, lærar og klokkar ved Rud skole (Vestre Toten) 1891-1930. Ordførar i Vestre Toten 1908-16, lokalhistorikar.
Ove Wangensten Haug (1901-78) 1922 Lærar og klokkar i Jostedalen (1922-39) og Skjåk (1939-59), skuleinspektør i Skjåk frå 1959. Ap-ordførar i Jostedalen 1938-39.
Anders Hjellum (1870-1950) 1891 Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. Sentral i målsak og avholdsarbeid i Jostedalen.
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) 1895 Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933.
Magnus Takle (1883-1971) 1904 (ca.) Lærar i Jostedalen 1904-07, Årdal 1907-15, Tasta i Stavanger 1915-48. Fyrste leiar i Jostedal mållag, skrivar i Rogaland Venstre.
Mons H. Takle (1877-1958) 1898 Lærar i Jostedalen 1899-1903, Lindås til 1917, Brekke 1919- Mållagsmann, ordførar (V) i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934.
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) 1850 (ca.) Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). Ordførar i Jostedalen 1853-56.
Kåre Øvregard (1933-) 1957 Lærar Sperle skule i Jostedalen 1957-62, styrar Gaupne skule i Luster 1962-75. Ap-politikar, ordførar i Luster 1975-77, stortingsmann 1977-89.
Jacob Aaland (1865-1950) 1884 Lærar i Sigdal 1884-86, Brevik 1887-90, Kragerø 1891-92, Bergen 1892-1932. Bygdebokforfattar (Nordfjord).

Kjelder og litteratur