Begna

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Ådalselva)
Hopp til navigering Hopp til søk
Begna
Nord Aurdal - no-nb digifoto 20160303 00077 NB MIT FNR 07059.jpg
Begna gjennom Nord-Aurdal.
Foto: Nasjonalbiblioteket (1948/1949).
Basisopplysninger
Alt. navn: Ådalselva
Lengde: 213 km
Samlet fall: 908 m
Middelvannføring: 88 m³/s
Nedslagsfelt: 4851 km²
Kilde: Otrøvatnet
Høyde ved kilde 971 moh.
Utløp: Samløp med Randselva ved Hønefoss
Høyde ved utløp: 63 moh.
Renner gjennom: Vangsmjøsi, Slidrefjorden, Strondafjorden og Sperillen

Begna er ei elv i Valdres. Vassdraget den tilhøyrer renn frå Steinurdalstjern i Vang kommune, på 1429 moh., men namnet Begna får vassdraget fyrst der Ylja renn saman med Otrøelva. Elva munnar ut i Sperillen, og er ei av dei største tilløpselvene i Drammensvassdraget, og sør før Sperillen kallas elva og Åcdelaelva.

Steinurdalstjern har avløp til Tenlefjorden. Derifrå renn Tenla til Otrøvatnet, og frå dette renn Otrøelva vidare til ho møter Ylva og danner Begna. Langs vegen nedover Valdres dannar elva innsjøane Vangsmjøsi, Slidrefjorden og Strondafjorden. I sistnemnde renn også Dalsåni ut, men også lenger ned kallast elva Begna. Nedanfor Strondafjorden, som ligg ved Fagernes, kallast dalen Begnadalen, og i enden av denne renn elva ut i Sperillen. I Begnadalen er elva også kjend som «Storelva» frå Mikkjel Fønhus sin dikting. Distansen er på om lag 213 km, med ein høgdeskilnad på om lag 908 meter.

Frå Sperillen renn Ådalselva vidare til Hønefoss der ho etter Hønefossen møter Randselva og munnar ut i Tyrifjorden.

Frå 1886 gjekk jarnbanens dampskip DS «Bægna» i gods- og persontrafikk frå Hen med Hen stasjon i Ådalselva, vidare gjenom Sperillen og opp Begna til Sørum i Sør-Aurdal. Då Sperillbanen kom i 1926, vart endestoppen flytta til ny dampskipsbryggje ved endestasjonen Sperillen stasjonFinsand. Frå 1929 gjekk båttrafikken med ein motorbåt fram til båttrafikken og persontrafikken på Sperillbanen vart lagt ned i 1933.

Kraftutbygginga i Begna har ei maksimal yting på om lag 326 MW (2003). Det største kraftverket er Åbjøra kraftstasjon i Nord-Aurdal kommune. Tidlegare var Begna også ei viktig fløytingselv.

Namnet kjem frå bygdenamnet Bagn, og er ikkje forklara.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 61.18966° N 8.21878° Ø